Hopp til innhold
Fredric Holen Bjørdal. Stortinget/Terje Heiestad.
Fredric Holen Bjørdal. Stortinget/Terje Heiestad.
X
Innhald

Gjesteredaktør 7.–8.8.2017: Fredric Holen Bjørdal (Ap)

Fram mot valet har Allkunne invitert sentrale nynorskbrukarar frå kvart parti til å vere gjesteredaktørar. Stortingsrepresentant og andrekandidat i Møre og Romsdal Arbeidarparti, Fredric Holen Bjørdal, har valt å løfte fram artiklar om mellom anna arbeidslivspolitikk.

Fredric Holen Bjørdal kjem frå Ørsta i Møre og Romsdal. Han har vore stortingsrepresentant sidan 2013 og er andrekandidat for Møre og Romsdal Arbeidarparti ved valet til hausten.

Holen Bjørdal tok alt i ung alder til å engasjere seg politisk, og starta si politiske karriere som  leiar for ungdomsrådet i Ørsta alt som 14-åring. Etter dette var han mellom anna leiar for Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, styremedlem og seinare leiar i AUF i Møre og Romsdal og medlem av sentralstyret i AUF. Ved kommunevalet i 2011 kom han inn i kommunestyret i Ørsta, og vart gruppeleiar.  Ved stortingsvalet to år seinare vart Holen Bjørdal valt inn på Stortinget. Då var han 23 år og vart med det ein av dei to yngste på Stortinget.

Holen Bjørdal er medlem av arbeids- og sosialkomiteen. Nettopp sosialpolitikk, arbeidslivspolitikk og utdanningspolitikk er dei politikkområda som engasjerer han mest. Dette speglar att i artiklane har valt å løfte fram på allkunne.no.

Blant utvalde artiklar finn vi artiklar om arbeidarrørsla, hovudavtalen, fagforeiningar og tariffavtale. Av politikarar og folk frå arbeidarrørsla og fagforeiningar løftar han fram artiklar om Marcus Thrane, Gerd Kristiansen, Olav Oksvik, Einar Gerhardsen, Gro Harlem Brundtland, Ole Olsen Lian og Bjartmar Gjerde.

Ønske om kviss frå gjesteredaktør Holen Bjørdal handlar òg om arbeidsliv og arbeidarrørsla.

Som ørsting ønsker Holen Bjørdal å løfte fram sambygdingane Egil Olsen, Gunnhild Øyehaug, Roar Hagen, Marie Takvam og gruppa Side Brok..

Artikkel om Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylke er òg blant dei utvalde artiklane til gjesteredaktøren. Elles tipsar han om å lese artikkelen om Noreg, der du mellom anna kan lese om den norske arbeidslivsmodellen, og artikkelen om landsgymnas, som var eit viktig skule- og kulturpolitisk element i nasjonsbygginga i Noreg.

Først publisert: 07.08.2017
Sist oppdatert: 07.08.2017