Hopp til innhold
Oddny Miljeteig (2017). Foto: SV Sosialistisk Venstreparti, Flickr.com (pressefoto).
Oddny Miljeteig (2017). Foto: SV Sosialistisk Venstreparti, Flickr.com (pressefoto).
X
Innhald

Gjesteredaktør 7.–8.9.2017: Oddny Miljeteig (SV)

Fram mot valet har Allkunne invitert sentrale nynorskbrukarar frå kvart parti til å vere gjesteredaktørar. Oddny Miljeteig frå Sosialistisk Venstreparti har valt å løfte fram artiklar om mellom samfunnsengasjerte kvinner. 

Oddny Miljeteig kjem frå Etne kommune i Hordaland og bur i Bergen. Gjennom det meste av livet har ho vore engasjert i organisasjonsarbeid og politikk. Alt som 14-åring blei ho politisk aktiv og melde seg inn i Sosialistisk Folkeparti (seinare Sosialistisk Venstreparti). Det var målsaka som vekte det politiske engasjementet i ungdommen, og både målsak og politikk har sidan vore svært viktig for Miljeteig.

I tillegg til målrørsla har Miljeteig vore aktiv i kvinnerørsla og fagrørsla i ei årrekkje. Og nettopp det å løfte fram kvinnerøyster og samfunnsengasjerte kvinner var viktig for Miljeteig då ho som gjesteredaktør valde ut artiklar. Derfor finn vi no ei rekkje føregangskvinner blant gjesteredaktøren sine utvalde artiklar.

Miljeteig har plukka ut artiklar mellom anna om SV-politikaren Ingrid Fiskaa og samtidsforfattarane Olaug Nilssen og Agnes Ravatn. Dagmar Blix (1900–1984) er rekna som ein av dei sentrale barnebokforfattarane i Nord-Noreg. Engasjementet hennar for målsaka bygde på ei tenking om at nynorsken låg nærmare den nordnorske dialekten enn bokmålet. Ho skreiv nynorsk med nærleik til lofotdialekten, og det tente til å styrkje miljøskildringane hennar.

Hildegard von Bingen (1098–1179) var ei benediktinarnonne som levde på 1100-talet. I tillegg til å vere ei kvinne som hadde mykje om seg, ønskte ho å reformere kyrkja. Ho forkasta læra om kvinna som ein deformert mann, og gav Gud kvinnelege eigenskapar.

Bertha von Suttner (1843–1914) var ein austerriksk forfattar og fredsaktivist. von Suttner var ei føregangskvinne for fredsrørsla og vart i 1905 tildelt Nobels fredspris.

Nikka Vonen (1836–1933) stod for kvinnefrigjering, og ho var målkvinne. Vonen skreiv sjølv dansk, men var medlem av Vestmannalaget.

Ei anna kvinne Miljeteig har valt å løfte fram, er Hulda Garborg (1862–1934). Garborg var forfattar og kulturentrepenør og folkeopplysar. Ho var med på å grunnleggje Det Norske Teatret i 1912 og var den første styreleiaren der. Ho skreiv vel 40 større og mindre bøker, var dramatikar og sceneinstruktør og gjorde stor kulturhistorisk innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg.  

Miljeteig har òg plukka ut artiklar om Ivar Aasen og Rolv Mikkel Blakar. Blakar, som er professor i sosialpsykologi ved Universitetet i Oslo, set forholdet mellom språk og makt i sentrum og kjempar for å styrkje posisjonen til nynorsken og for å bevare norsk språk generelt.

Avisa Grannar er òg blant gjesteredaktør Miljeteig sine utvalde artiklar. Grannar er ei lokalavis for Etne og Vindafjord og lokalavis i heimbygda til sunnhordlendingen Miljeteig.

Gjesteredaktøren ønskjer å løfte fram Allkunne, og har derfor omtalen om Allkunne som ein av sine utvalde artiklar.

Først publisert: 07.09.2017
Sist oppdatert: 07.09.2017