Hopp til innhold
X
Innhald

Gjesteredaktør 9.–10.8.2017: Jenny Klinge (Sp)

Fram mot valet har Allkunne invitert sentrale nynorskbrukarar frå kvart parti til å vere gjesteredaktørar. Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre og Romsdal og førstekandidat ved valet til hausten, har valt å løfte fram artiklar om forfattarar, kunstnarar, vikingar og litt av kvart. 

Jenny Klinge kjem frå Surnadal i Møre og Romsdal. Ho har sete samanhengande på Stortinget i snart ti år for Senterpartiet, i tillegg til nokre år som vara. I mange år var ho medlem av formannskapet i Surnadal, og ho har òg vore varaordførar. Ved valet til hausten er ho førstekandidat for Møre og Romsdal Senterparti. Nokre av kjernesakene til Klinge er samferdsel, justispolitikk og det å sikre språkleg mangfald. Klinge vart tildelt målprisen frå Nordmøre Mållag for 2013.

Av bøker er Knut Hauge si serie Sagaen om Ulfsætta blant favorittane. Av andre utvalde artiklar finn vi artikkel om forfattar Anne Karin Elstad, og om sambygdingen Hans Hyldbakk. Hyldbakk var forfattar og lokalhistorikar, skreiv «Vårsøg» og andre folkekjære dikt – og meir enn 11 000 sider lokalhistorie. Artikkel om Henning Sommerro, som har skrive melodi til «Vårsøg», er også blant Klinge sine utvalde artiklar.  

I tillegg til å vere politikar på heiltid, er Klinge biletkunstnar, og har hatt fleire utstillingar sidan 2000. Av kunstnarar løftar ho fram Edvard Munch og Vincent van Gogh.

Artikkel om heimkommunen Surnadal og Møre og Romsdal fylke er òg blant dei utvalde artiklane til gjesteredaktøren. Elles tipsar ho om å lese artikkelen om Marie Takvam. Blant utvalde artiklar finn vi også artiklar om vikingar og Ivar Aasen.

Ønskekviss frå gjesteredaktør Klinge handlar om Stortinget og stortingsval.

Først publisert: 09.08.2017
Sist oppdatert: 09.08.2017