Hopp til innhold
X
Innhald

Drivhuseffekten

Drivhuseffekten er den oppvarminga av jorda som skjer når varme blir fanga i atmosfæren. Drivhuseffekten er ein føresetnad for livet på jorda, men er samtidig årsak til menneskeskapte klimaendringar, ei av dei største utfordringane i vår tid.

Drivhuseffekten oppstår når atmosfæren til ein planet slepper inn solstrålane, men hindrar varmen frå planetoverflata i å sleppe ut att. På jorda blir kortbølgja stråling frå sola – synleg og ultrafiolett lys – reflektert frå jordoverflata i form av langbølgja varmestråling. Ein del av denne varmestrålinga blir absorbert i atmosfæren, og til dels send tilbake mot jorda. Utan drivhuseffekten hadde jorda hatt ein global gjennomsnittstemperatur på nær minus 20 gradar celsius.

Ein skil mellom naturleg og menneskeskapt drivhuseffekt. Dei viktigaste gassane som medverkar naturleg til drivhuseffekten i jordatmosfæren, er vassdamp, karbondioksid, metan, lystgass og ozon. Alle desse gassane finst naturleg i atmosfæren, men menneskeleg aktivitet kan endre konsentrasjonen av gassane, og dermed intensiteten i drivhuseffekten. I tillegg kjem utslepp av syntetiske gassar med kraftig drivhuseffekt, som fluorgassar. Sidan 1750 har menneska auka mengda av karbondioksid i atmosfæren med om lag 43 prosent, først og fremst gjennom brenning av olje, kol og gass. Dette gjer at drivhuseffekten er blitt forsterka, slik at gjennomsnittstemperaturen på jorda er i ferd med å stige og fører til menneskeskapte endringar i klimasystemet på jorda.

Den franske matematikaren Joseph Fourier var i 1820-åra den første til å spekulere i eksistensen av ein drivhuseffekt på jorda. I 1896 var den svenske fysikaren Svante Arrhenius den første til å rekne på kor mykje temperaturen på jorda ville endre seg med endra konsentrasjonar av karbondioksid.

Kjelder

Svante Arrhenius: «On the Influence of Carbonic Acid in the Air upon the Temperature of the Ground», Philosophical Magazine and Journal of Science, 1896. Digital utgåve Royal Society of Chemistry, www.rsc.org: http://www.rsc.org/images/Arrhenius1896_tcm18-173546.pdf [lesedato 17.8.2015]

Le Treut, H., R. Somerville, U. Cubasch, Y. Ding, C. Mauritzen, A. Mokssit, T. Peterson og M. Prather: «Historical Overview of Climate Change», i Solomon, S., D. Qin, M. Manning, Z. Chen, M. Marquis, K.B. Averyt, M. Tignor og H.L. Miller (red.): Climate Change 2007. The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Cambridge University Press, Cambridge, Storbritannia og New York, USA 2007. Digital utgåve: https://www.ipcc.ch/site/assets/uploads/2018/03/ar4-wg1-chapter1.pdf [lesedato 14.8.2015]

Myhre, G., D. Shindell, F.-M. Bréon, W. Collins, J. Fuglestvedt, J. Huang, D. Koch, J.-F. Lamarque, D. Lee, B. Mendoza, T. Nakajima, A. Robock, G. Stephens, T. Takemura og H. Zhang, 2013: «Anthropogenic and Natural Radiative Forcing», i Stocker, T.F., D. Qin, G.-K. Plattner, M. Tignor, S.K. Allen, J. Boschung, A. Nauels, Y. Xia, V. Bex og P.M. Midgley (red.): Climate Change 2013: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fifth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Cambridge University Press, Cambridge, Storbritannia og New York, USA 2013. Digital utgåve: http://www.ipcc.ch/pdf/assessment-report/ar5/wg1/WG1AR5_Chapter08_FINAL.pdf [lesedato 17.8.2015]

«The Keeling Curve» (Keeling-kurva), Scripps Institution of Oceanography, scripps.ucsd.edu: https://scripps.ucsd.edu/programs/keelingcurve/ [lesedato 17.8.2015]

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 05.08.2019