Hopp til innhold
Logoen til ?FNs klimapanel (engelsk: The Intergovernmental Panel on Climate Change, forkorta IPCC). Henta frå ipcc.ch.
Logoen til ?FNs klimapanel (engelsk: The Intergovernmental Panel on Climate Change, forkorta IPCC). Henta frå ipcc.ch.
X
Innhald

FNs klimapanel

FNs klimapanel er ein internasjonal institusjon som har til oppgåve å vurdere og samanfatte vitskapleg informasjon om klimaet på jorda. Rapportane frå klimapanelet utgjer det faglege grunnlaget som dei internasjonale klimaforhandlingane byggjer på.

FNs klimapanel (engelsk: The Intergovernmental Panel on Climate Change, forkorta IPCC) blei etablert i 1988 av FNs miljøprogram og Verdsmeteorologiorganisasjonen. Same året fekk etableringa av panelet støtte i ein resolusjon frå hovudforsamlinga i FN. Oppgåva til panelet er å vurdere, på objektivt og etterretteleg grunnlag, den vitskaplege informasjonen som er relevant for å forstå risiko og konsekvensar knytte til menneskeskapte klimaendringar og moglege måtar å handtere dei på. Klimapanelet driv ikkje eiga forsking og samlar ikkje inn måledata, men vurderer og samanstiller allereie publisert forsking som er utført ved forskingsinstitusjonar over heile verda. Panelet har så langt lagt fram fem hovudrapportar om klimautviklinga på jorda, den siste i 2014.

195 statar er medlemer av FNs klimapanel. Tusenvis av forskarar medverkar på frivillig basis med forsking, fagfellevurdering eller som forfattarar av rapportane frå panelet. Den første hovudrapporten var ferdig i 1990. 18 norske forskarar frå 12 institusjonar var med som forfattarar av den femte hovudrapporten, som var ferdig i 2014. Rapportane utgjer det vitskaplege grunnlaget for dei internasjonale klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon. Rapportane blir òg brukte som kunnskapsgrunnlag av regjeringar, bedrifter, organisasjonar, rettsapparat og lokale styresmakter i ei rekkje ulike samanhengar. Klimapanelet er den største faglege autoriteten i verda innanfor eit vitskapsområde og har støtte frå den store majoriteten av statar og vitskaplege organisasjonar, sjølv om det stadig går føre seg ein fagleg debatt om detaljar i rapportane frå klimapanelet.

I 2007 blei Nobels fredspris delt likt mellom FNs klimapanel og tidlegare visepresident i USA, Al Gore.

Kjelder

FN-resolusjon nr. 43/53 (1988–89): Protection of global climate for present and future generations of mankind, un.org: http://www.un.org/documents/ga/res/43/a43r053.htm [lesedato 27.8.2015]

«Organization», IPCC, ipcc.ch: http://www.ipcc.ch/organization/organization.shtml [lesedato 27.8.2015]

Nobels fredspris 2007, nobelprize.org: http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2007/ [lesedato 28.8.2015]

«Norske forskere i IPCC-arbeidsgrupper», miljodirektoratet.no: http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/klima/FNs_klimapanel_IPCC/Norske-forskere-i-IPCC-arbeidsgrupper/ [lesedato 27.8.2015]

Peikarar

«Hva er FNs klimapanel?», miljodirektoratet.no

Først publisert: 05.01.2016
Sist oppdatert: 22.04.2016