Hopp til innhold
Greta Thunberg under ein klimademonstrasjon i Lausanne i Sveits 17. januar 2020. Foto: Gustave Deghilage, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
Greta Thunberg under ein klimademonstrasjon i Lausanne i Sveits 17. januar 2020. Foto: Gustave Deghilage, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Greta Thunberg

Greta Tintin Eleonora Emman Thunberg er ein ung, svensk miljøaktivist. I 2018 byrja ho ein skulestreik for klimaet. Aksjonen har sidan utvikla seg til eit globalt klimaopprør blant barn og unge.

Greta Thunberg er fødd 3. januar 2003 i Stockholm. Ho blei interessert i klimaspørsmål då ho gjekk i tredje klasse. Våren 2018 vann ho ein essaykonkurranse i svenske Aftonbladet om klimaendringar. Etter dette blei ho kontakta av klimaaktivisten Bo Thorén, som inspirerte henne til klimastreik.

Sommaren same året tok Thunberg plass åleine utanfor riksdagsbygningen i Stockholm. Riksdagen er namnet på den svenske nasjonalforsamlinga. Kvar fredag lét ho vere å gå på skulen for å sitje stille og protestere. Ho hadde med seg ein plakat med teksten «Skolstrejk för klimatet». Etter kvart fekk protestaksjonen merksemd frå media, og sidan har han spreidd seg til heile verda.

Bodskapen hennar er at dei som er unge i dag, går ei usikker framtid i møte dersom det ikkje blir funne ei løysing på klimakrisa. Skulestreiken er seinare blitt kjend som «Fridays for future». Thunberg har vore med på mange klimademonstrasjonar i Europa og Nord-Amerika. Som 16-åring heldt ho ein kjensleladd tale på FN sitt klimatoppmøte i New York i 2019. Der skulda ho politikarane og verdssamfunnet for ikkje å ta ansvar i kampen mot den globale oppvarminga.

Det sterke klimaengasjementet har også gjort Thunberg omstridd. Mellom anna er ho blitt møtt med kritikk og harselas frå politisk toppnivå. President Donald Trump i USA har kommentert henne nedlatande på Twitter. Den russiske presidenten Vladimir Putin har sagt at ho er ein dårleg informert tenåring, som ikkje skjønar kor komplisert klimaspørsmålet er. Foreldra har fått kritikk for å misbruke statusen hennar som ung mediestjerne.

Thunberg har fått mange prisar og utmerkingar for det sterke engasjementet sitt. Ho fekk Fritt Ords Pris i 2019. Same året blei ho nominert til Nobels fredspris og kåra til årets namn av Time Magazine. I oktober 2019 takka ho nei til Nordisk råds miljøpris, fordi dei nordiske landa ikkje gjer nok for miljøet. Sterkast kritikk retta ho mot norsk oljepolitikk.

 

Kjelder

Masha Gessen: «The fifteen-year-old climate activist who is demanding a new kind of politics», newyorker.com, publisert 2.10.2018: https://www.newyorker.com/news/our-columnists/the-fifteen-year-old-climate-activist-who-is-demanding-a-new-kind-of-politics [lesedato 29.10.2019]

Christian W. Gjerde og Ingvild Eide Leirfall: «Greta Thunberg: – Korleis vågar de?», framtida.no, publisert 24.9.2019: https://framtida.no/2019/09/24/-korleis-vagar-de [lesedato 29.10.2019]

Jonathan Watts: «Greta Thunberg, schoolgirl climate change warrior: 'Some people can let things go. I can't'», intervju, theguardian.com, publisert 11.3.2019: https://www.theguardian.com/world/2019/mar/11/greta-thunberg-schoolgirl-climate-change-warrior-some-people-can-let-things-go-i-cant [lesedato 29.10.2019]

 

Peikarar

Carl Fridh Kleberg: «Thunberg vid FN:s klimatmöte: 'Hur vågar ni?», svt.se, publisert 23.9.2019

Sam Knight: «The uncanny power of Greta Thunberg's climate change rhetoric», newyorker.com, publisert 24.4.2019

Svein Olav B. Langåker: «Greta Thunberg vil ikkje ha Nordisk råds miljøpris», framtida.no, publisert 29.10.2019

Synne Eggum Myrvang og Signe Rosenlund-Hauglid: «Svenske Greta Thunberg (16) er nominert til Nobels fredspris», vg.no, publisert 15.3.2019

Jennifer Wegerup: «Greta Thunbergs besök i Rom väcker stor uppmärksamhet», svt.se, publisert 19.4.2019

Facebook-kontoen til Greta Thunberg, facebook.com

Instagram-kontoen til Greta Thunberg, instagram.com

Twitter-kontoen til Greta Thunberg, twitter.com

Først publisert: 26.02.2020
Sist oppdatert: 01.09.2020