Hopp til innhold
X
Innhald

Karbonbudsjett

Karbonbudsjettet er den mengda klimagassar menneska kan sleppe ut utan at det fører til farlege klimaendringar, oftast definert som ein global temperaturauke på to gradar celsius. Det er vitskapleg semje om at med dagens utsleppstakt vil budsjettet vere brukt opp før 2050.

Omgrepet karbonbudsjett har to hovudtydingar. Det var opphavleg brukt om summen av menneskeskapte utslepp og naturleg lagring av karbon i den globale karbonsyklusen i løpet av ein bestemt tidsperiode. Klimaforskarar har lenge arbeidd med å kartleggje slike utslepp og opptak for å finne ut kvar utsleppa kjem frå, og kva konsekvensar dei får for klimaet på jorda.

I åra etter 2000 slutta stadig fleire land og organisasjonar seg til eit mål om å avgrense den globale oppvarminga til to gradar celsius, samanlikna med tida før menneska tok i bruk fossile brennstoff i stor skala. Dette målet blei skjerpa til «godt under to gradar celsius», og helst ikkje meir enn 1,5 gradar celsius, på klimatoppmøtet i Paris i desember 2015. I 2009 freista forskarar for første gong å talfeste kor mykje klimagassar som kan sleppast ut før grensa på to gradar blir overskriden. Dei konkluderte med at for å ha ein 80 prosents sjanse til å nå togradarsmålet, kan ikkje menneska sleppe ut meir enn 886 gigatonn (886 milliardar tonn) karbondioksid i perioden 2000–2050.

Sidan er omgrepet karbonbudsjett meir og meir blitt brukt til å omtale den mengda klimagassar menneska kan sleppe ut utan å bryte togradarsmålet. Omgrepet kan verke forvirrande, for somme snakkar om kor mykje klimagassar menneska kan sleppe ut totalt (inkludert det som allereie er sleppt ut opp gjennom historia), medan andre snakkar om kor mykje ein kan sleppe ut innanfor eit visst tidsrom. Det er vanleg å setje opp fleire karbonbudsjett, som svarer til ulike sjansar for å halde seg innanfor togradarsmålet. Då FNs klimapanel gav ut den femte hovudrapporten om klimaendringar i 2013/14, konkluderte dei med at ein 66 prosents sjanse til å nå togradarsmålet gav eit totalt karbonbudsjett på 2900 gigatonn karbondioksid. Av dette var 1890 gigatonn allereie sleppt ut før 2011, noko som gir eit karbonbudsjett etter 2011 på om lag 1000 gigatonn.

Før klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 melde dei fleste landa i verda inn til FN kva målsetjingar dei hadde for framtidige klimagassutslepp. Forskarar rekna då ut at USA, EU og Kina åleine ville bruke opp ein så stor del av karbonbudsjettet i verda at for å nå togradarsmålet måtte resten av verda kutte utsleppa sine til nær 0 innan 2030.

Illustrasjon som visualiserer karbonbudsjettet – kva vi har brukt og kva vi kan bruke. Ill.: Stina Aasen Lødemel 2016 / Allkunne. Kan brukast fritt mot kreditering.

Illustrasjon som visualiserer karbonbudsjettet – kva vi har brukt og kva vi kan bruke.Ill.: Stina Aasen Lødemel 2016 / Allkunne. Trykk på biletet for å sjå det i større format eller laste ned i høg oppløysing. Kan brukast fritt mot kreditering.

Faktorar som påverkar karbonbudsjettet

Utrekningar av det globale karbonbudsjettet er ikkje eksakt, fordi det er uråd å vite heilt nøyaktig kor mykje oppvarming ei viss mengde CO2-utslepp vil føre til. CO2 er heller ikkje den einaste faktoren som påverkar klimaet, og storleiken på karbonbudsjettet vil difor vere avhengig av om ein reknar inn andre faktorar eller ikkje. Karbonbudsjettet er òg avhengig av kva for klimatiltak som blir sette i verk. Dersom ein greier å binde meir CO2 i vegetasjon eller bruker teknologi for å fange og lagre CO2-utslepp, kan ein brenne tilsvarande meir karbon. Budsjettet varierer dessutan med sjansen til å nå togradarsmålet. Ein 80 prosents sjanse til å nå målet gir eit lågare karbonbudsjett enn ein 50 prosents sjanse. I den seinare tida har forskarar byrja å rekne ut eigne budsjett for ulike fossile energikjelder og ulike geografiske regionar. Forskingsresultat frå 2015 tyder på at ein tredel av oljereservane i verda, halvparten av gassreservane og meir enn 80 prosent av kolreservane må bli liggjande i bakken dersom verda skal halde seg innanfor karbonbudsjettet. Resultata viser òg at ingen av dei fossile ressursane i Arktis kan brennast dersom verda skal halde seg innanfor karbonbudsjettet.

Ubrennbart karbon

I 2011 samanlikna den britiske tenkjetanken Carbon Tracker karbonbudsjettet med dei kjende globale reservane av olje, kol og gass. Rapporten konkluderte med at dei fossile reservane som olje- og kolselskapa rådde over, utgjorde fem gonger så mykje som vi kan brenne dersom togradarsmålet skal nåast. Desse reservane blir omtalte som «ubrennbart karbon». Sidan rapporten kom ut, har stadig fleire økonomar åtvara om at verdsøkonomien kan stå overfor ei såkalla karbonboble, fordi reservane av ubrennbart karbon blir rekna som aktiva i oljeselskapa sine rekneskapar, medan dei i realiteten vil vere verdilause dersom verda skal nå togradarsmålet. Ein av desse økonomane er den britiske sentralbanksjefen Mark Carney, som i ein tale i september 2015 åtvara investorar både mot ei potensiell karbonboble og mot at dei som lir tap som følgje av klimaendringar, kan tenkjast å saksøkje bedrifter og styresmakter som har medverka til klimaendringane for å få erstatning for skaden.

Tanken om at mesteparten av dei kjende fossile reservane ikkje kan brennast, førte i 2011 til lanseringa av ein global kampanje for å få investorar til å trekkje investeringane sine ut av selskap som driv med utvinning av fossile brennstoff. Per september 2015 hadde investorar forplikta seg til å trekkje ut investeringar for til saman 2,6 billionar amerikanske dollar frå fossilindustrien, noko som gjer fossilfrikampanjen til den største og raskast veksande boikott-kampanjen i historia. Kampanjen har mellom anna ført til at Stortinget i 2015 vedtok å trekkje ut Statens pensjonsfond utland (oljefondet) sine investeringar i kolselskap.

Kjelder

Christophe McGlade og Paul Ekins: «The geographical distribution of fossil fuels unused when limiting global warming to 2 °C», Nature, 2015

Malte Meinshausen et al.: «Greenhouse-gas emission targets for limiting global warming to 2 °C», Nature, 2009

John Thomas Aarø: «Oljefondet ut av kull. Full enighet om å trekke oljefondet ut av kullselskaper.», e24.no, sist oppdatert 27.5.2015: http://e24.no/boers-og-finans/oljefondet-ut-av-kull/23459941 [lesedato 7.10.2015]

Mark Carney: «Breaking the tragedy of the horizon – climate change and financial stability», www.bankofengland.co.uk, publisert 29.9.2015: http://www.bankofengland.co.uk/publications/Pages/speeches/2015/844.aspx [lesedato 5.10.2015]

Fossilfrikampanjen: http://gofossilfree.org/ [lesedato 23.9.2015]

Intergovernmental panel on climate change: «Climate Change 2013: The Physical Science Basis. Summary for Policymakers», www.climatechange2013.org: http://www.climatechange2013.org/images/report/WG1AR5_SPM_FINAL.pdf [lesedato 22.9.2015]

Ed King: «Terrifying math: How Carbon Tracker changed the climate debate», www.climatechangenews.com, sist oppdatert 18.8.2015: http://www.climatechangenews.com/2015/08/18/terrifying-math-how-carbon-tracker-changed-the-climate-debate/ [lesedato 21.9.2015]

James Leaton: Unburnable Carbon – Are the world's financial markets carrying a carbon bubble? 2011. Digital utgåve Carbon Tracker, www.carbontracker.org: http://www.carbontracker.org/wp-content/uploads/2014/09/Unburnable-Carbon-Full-rev2-1.pdf [lesedato 21.9.2015]

Bill McKibben: «Global Warming's Terrifying New Math», www.rollingstone.com, publisert 19.7.2012: http://www.rollingstone.com/politics/news/global-warmings-terrifying-new-math-20120719 [lesedato 22.9.2015]

Measuring the Growth of the Global Fossil Fuel Divestment and Clean Energy Investment Movement, 2015. Digital utgåve Arabella Advisors, www.arabellaadvisors.com: http://www.arabellaadvisors.com/wp-content/uploads/2015/09/Measuring-the-Growth-of-the-Divestment-Movement.pdf [lesedato 7.10.2015]

Fred Pearce: «What Is the Carbon Limit? That Depends Who You Ask», e360.yale.edu, publisert 6.11.2014: http://e360.yale.edu/feature/what_is_the_carbon_limit_that_depends_who_you_ask/2825/ [lesedato 23.9.2015]

Glen Peters og Robbie Andrew: «'Fair and ambitious', but not in a 2 °C world», cicero.uio.no, publisert 16.10.2015: http://cicero.uio.no/en/posts/news/fair-and-ambitious-but-not-in-a-2c-world? [lesedato 23.2.2016]

Roz Pidcock: «Carbon briefing: Making sense of the IPCCs new carbon budget», www.carbonbrief.org, publisert 23.10.2013: http://www.carbonbrief.org/blog/2013/10/carbon-briefing-making-sense-of-the-ipcc%E2%80%99s-new-carbon-budget/ [lesedato 21.9.2015]

Barry Saxifrage: «The climate number that changes everything», www.nationalobserver.com, publisert 14.5.2015: http://www.nationalobserver.com/2015/05/14/news/climate-number-changes-everything [lesedato 22.9.2015]

Først publisert: 22.04.2016
Sist oppdatert: 06.03.2017