Hopp til innhold
X
Innhald

Keeling-kurva

Keeling-kurva er ei visuell framstilling av CO2-konsentrasjonen i atmosfæren frå 1958 og fram til i dag. Kurva er basert på målingar gjorde på Hawaii, og har fått namn etter forskaren som starta målingane, Charles David Keeling.

I 1950-åra utvikla Keeling eit måleinstrument som presist kunne måle konsentrasjonen av karbondioksid i lufta. Han gjorde målingar på ulike stader og viste at CO2-konsentrasjonen varierer i ein dagleg syklus, som blir påverka av atmosfærisk turbulens og av fotosyntese og respirasjon hos tre og plantar.

På den tida mistenkte forskarar at CO2-konsentrasjonen endra seg over tid som følgje av bruk av fossile brennstoff, men ein mangla sikker kunnskap. I 1958 etablerte Keeling difor eit overvakingsprogram der CO2-konsentrasjonen i atmosfæren blei målt ved fleire stasjonar, mellom anna ved Mauna Loa på Hawaii. Snart viste målingane frå Mauna Loa at konsentrasjonen varierer gjennom året, med ein topp i mai og ein botn kring oktober, etter at plantelivet har fjerna CO2 frå lufta gjennom vekstsesongen på den nordlege halvkula. Målingane viste også at den gjennomsnittlege konsentrasjonen auka for kvart år.

Den første dagen viste målaren ein CO2-konsentrasjon på 313 ppm (parts per million). Sidan har konsentrasjonen auka i samsvar med aukande forbrenning av fossile brennstoff, og veksten har gått stadig raskare gjennom heile måleperioden. Keeling-kurva var ein viktig grunn til at ein starta forskingsprogram for å få meir kunnskap om kva den aukande CO2-konsentrasjon gjer med klimaet på jorda. I mai 2019 blei det for første gong målt ein konsentrasjon på meir enn 415 ppm. Målestasjonen på Mauna Loa utgjer, saman med eit stadig større globalt nett av målestasjonar, ein viktig del av datagrunnlaget for rapportane frå FNs klimapanel.

 

Kjelder

Daniel C. Harris: «Charles David Keeling and the Story of Atmospheric CO2 Measurements.» Analytical Chemistry, Vol. 82 (19) 2010. Digital utgåve, pubs.acs.org, publisert 13.9.2010: https://pubs.acs.org/doi/full/10.1021/ac1001492 [lesedato 18.12.2019]

Keeling-kurva, scripps.ucsd.edu: https://scripps.ucsd.edu/programs/keelingcurve/ [lesedato 19.12.2019]

Rob Monroe: «The History of the Keeling Curve», scripps.ucsd.edu, publisert 3.4.2013: https://scripps.ucsd.edu/programs/keelingcurve/2013/04/03/the-history-of-the-keeling-curve/ [lesedato 19.12.2019]

 

Peikarar

Lars Ursin: «Ekspertintervjuet: Historien bak Keeling-kurven», energiogklima.no, publisert 29.8.2019

Først publisert: 14.05.2020
Sist oppdatert: 14.05.2020