I dei fleste klimasøksmål er det nasjonale styresmakter som blir saksøkte, medan saksøkjarane oftast er borgarar og/eller ikkje-statlege organisasjonar. Målet med desse sakene er oftast å tvinge styresmaktene til å gjennomføre eigne klimamål eller innføre ein meir ambisiøs klimapolitikk.
Urgenda-saka var banebrytande og inspirerte liknande saker mot styresmakter i andre land, også i Noreg. I 2017 saksøkte Natur og Ungdom, saman med Greenpeace, den norske staten for å bryte Grunnlova sin miljøparagraf 112 ved å lyse ut nye lisensar for olje- og gassutvinning. Retten frifann staten og viste til at lisensane var lyste ut i samsvar med gjeldande reglar, og at Noreg ikkje kan stillast til ansvar for klimagassutslepp som skjer ved brenning av norsk olje og gass i andre land. Saksøkjarane anka saka til lagmannsretten og vidare til Høgsterett.
Dei seinare åra er fleire søksmål blitt retta mot private selskap som står bak høge klimagassutslepp. Desse sakene heng saman med to nyare utviklingar. Den eine er forsking som prøver å talfeste kor sannsynleg det er at menneskeskapte klimaendringar er årsak til spesifikke ekstremvêrhendingar. Den andre er aukande kunnskap om at nokre få store fossilenergi-selskap er årsak til størstedelen av klimagassutsleppa i verda.
I fleire nyare søksmål mot fossilenergi-selskap er det lokale eller regionale styresmakter som går til sak, på bakgrunn av prinsippet om at den som forureinar, skal betale. Saksøkjarane peikar på at sidan energiselskapa har halde fram med å selje olje og gass sjølv om dei lenge har visst at bruk av fossil energi vil føre til klimaendringar, bør selskapa betale dei omkostningane samfunnet har når det må tilpasse seg klimaendringane. Norske Equinor er eit av selskapa som er blitt saksøkt i slike søksmål.
I nokre saker er energiselskap også blitt saksøkte av sine eigne aksjonærar for å ha late vere å ta omsyn til klimarisiko i investeringsavgjerdene sine. Aksjonærane meiner at dei dermed ikkje har fått rett informasjon om kor sikre investeringane deira eigentleg er.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.