Hopp til innhold
Foto: Olearys, Aproximando Ciência e Pessoas, Flickr.com CC BY 2.0
Foto: Olearys, Aproximando Ciência e Pessoas, Flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Kyoto-protokollen

Kyoto-protokollen er ein folkerettsleg bindande internasjonal klimaavtale som talfestar kor store reduksjonar i klimagassutslepp landa er forplikta til å gjennomføre i avtaleperioden. Avtalen gjeld til 2020.

Kyoto-protokollen var den første internasjonale klimaavtalen med konkrete utsleppsmål for einskildland. Protokollen er eit tillegg til FNs klimakonvensjon og blei vedteken på det årlege møtet mellom medlemslanda i klimakonvensjonen i Kyoto, Japan, 11. desember 1997. Avtalen skulle tre i kraft den 90. dagen etter at minst 55 land som til saman stod for minst 55 prosent av CO2-utsleppa i dei rike landa i 1990, hadde ratifisert protokollen i sine nasjonalforsamlingar. Dette skjedde først 16. februar 2005. I 2015 var 191 statar pluss EU part i Kyoto-avtalen. USA står utanfor, fordi avtalen blei nedstemd i Senatet. Canada trekte seg frå avtalen 15. desember 2012, medan Russland, Japan og New Zealand ikkje tok på seg nye utsleppsmål då protokollen blei utvida med ein ny periode i 2012.

Berre industrialiserte land fekk talfesta og bindande utsleppsmål. Dette var i tråd med prinsippet om «felles, men ulikt ansvar» i klimakonvensjonen, som seier at dei industrialiserte landa har eit større ansvar for å handle i klimaspørsmålet enn det utviklingslanda har. Måla varierte, men slik at den samla reduksjonen i utslepp skulle vere minst 5 prosent frå nivået i 1990 i løpet av perioden 2008–2012. Noreg kunne auke sine utslepp med 1 prosent frå 1990, medan EU-landa skulle redusere sine utslepp med 8 prosent. Fem av landa nyttar andre referanseår enn 1990.

Kyoto-avtalen forpliktar dei landa som har utsleppsmål, til også å få på plass nasjonal lovgiving og tiltak for å redusere klimagassutslepp, rapportere inn nasjonale utslepp, forske på og ta i bruk fornybar energi og avvikle økonomiske ordningar som gjer det fordelaktig å sleppe ut klimagassar. Kyoto-avtalen inneheld ikkje vesentlege sanksjonsmekanismar mot land som ikkje oppfyller måla sine, anna enn internasjonalt tap av omdøme.

Fleksible mekanismar

Kyoto-protokollen introduserte tre marknadsbaserte verktøy som dei rike landa kan ta i bruk for å redusere utsleppa sine. Desse verktøya er Felles gjennomføring (engelsk: Joint Implementation, forkorta JI), Den grøne utviklingsmekanismen (engelsk: Clean Development Mechanism, forkorta CDM) og internasjonal kvotehandel mellom land som har utsleppsmål. Mekanismane gjer at landa kan oppfylle delar av måla sine ved å betale for utsleppskutt i andre land.

Felles gjennomføring (JI) vil seie at eit land med utsleppsmål kan investere i utsleppsreduserande prosjekt i eit anna land med utsleppsmål og på den måten få godskrive utsleppsreduksjonar i sin eigen klimarekneskap. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) er ei ordning som lèt fattige land omsetje utsleppsreduksjonar i kvotar, som dei så kan selje til rike land. Ein liten del av prisen for CDM-kvotane går til FNs klimatilpassingsfond, som blei etablert under Kyoto-avtalen i 2001, og som skal bidra til klimatilpassing i fattige land.

Resultat og ny Kyoto-periode

På partsmøtet i Doha i Qatar i 2012 blei det semje om å utvide protokollen med ein ny periode og nye utsleppsmål fram til 2020, i påvente av ein ny internasjonal klimaavtale som skal vere forpliktande for både rike og fattige land, og som skal gjelde frå 2020. Fordi nokre land har nekta å ta på seg nye mål, dekkjer den nye perioden berre om lag 15 prosent av dei samla klimagassutsleppa i verda.

I 2015 melde FN at dei landa som har utsleppsmål i samsvar med Kyoto-protokollen, til saman hadde redusert utsleppa sine med 22,6 prosent i høve til 1990, langt meir enn dei var forplikta til. Det er likevel usikkert kor mykje av dette som kan tilskrivast Kyoto-protokollen og kor mykje som kjem av andre omstende, til dømes finanskrise og karbonlekkasje. Samtidig har dei totale utsleppa i verda heile tida auka. I 2014 var dei globale utsleppa 60 prosent høgare enn nivået i 1990. Ifølgje FN har landa i Kyoto-avtalen òg innført noko meir nasjonal klimalovgiving enn andre land.

Noreg auka sine nasjonale utslepp med om lag 4 prosent frå 1990 til 2013, men har oppfylt Kyoto-målsetjinga si ved å kjøpe kvotar frå utlandet, først og fremst gjennom CDM-mekanismen. I den nye perioden skal Noreg ha redusert utsleppa sine med minst 30 prosent frå 1990-nivå i 2020. Også i framtida planlegg Noreg å oppfylle Kyoto-måla sine ved å kjøpe klimakvotar.

Kritikk av protokollen

I den første perioden av Kyoto-protokollen kom det fram ulike problem ved CDM-mekanismen. Det har vist seg at pengane i mange tilfelle har gått til prosjekt som òg ville ha blitt realiserte utan økonomisk draghjelp frå kvotehandel, og som difor ikkje representerer reelle utsleppskutt. Det er òg knytt sterk tvil til om CDM har ført til utvikling og teknologioverføring til utviklingsland, slik det var meint. Kritikken har ført til nokre endringar i kva prosjekt som kan få tildelt CDM-kvotar.

I 2015 kom det fram at så mykje som tre firedelar av kvotane frå JI-prosjekt i Russland og Ukraina hadde låg kvalitet eller var fiktive, som eit resultat av korrupsjon og organisert kriminalitet.

Kjelder

Erik Martiniussen: Drivhuseffekten. Klimapolitikken som forsvant. Oslo 2013

Raphael Calel: «Carbon markets: a historical overview», WIREs Climate Change. 2013. Digital utgåve Wiley Online Library, publisert 8. februar 2013: http://wires.wiley.com/WileyCDA/WiresArticle/wisId-WCC208.html [lesedato 27.10.2015]

Det globale karbonbudsjettet for 2015, www.globalcarbonproject.org, publisert 7.12.2015: http://www.globalcarbonproject.org/carbonbudget/15/hl-full.htm [lesedato 29.1.2016]

FNs informasjonsside om Doha-tillegget, unfccc.int: http://unfccc.int/key_steps/doha_climate_gateway/items/7389.php [lesedato 26.10.2015]

FNs informasjonsside om JI, ji.unfccc.int: http://ji.unfccc.int/index.html [lesedato 27.10.2015]

FNs informasjonside om CDM, cdm.unfccc.int: http://cdm.unfccc.int/index.html [lesedato 27.1.2015]

Marion Davis: «Joint Implementation has undermined global climate ambition, study finds», www.sei-international.org, publisert 24.8.2015: http://www.sei-international.org/news-and-media/3196 [lesedato 28.10.2015]

Ed King: «Kyoto Protocol: 10 years of the world’s first climate change treaty», www.climatechangenews.com, sist oppdatert 16.2.2015: http://www.climatechangenews.com/2015/02/16/kyoto-protocol-10-years-of-the-worlds-first-climate-change-treaty/ [lesedato 26.10.2015]

«Kyoto Protocol 10th Anniversary. Timely Reminder Climate Agreements Work», newsroom.unfccc.int, publisert 13.2.2015: http://newsroom.unfccc.int/unfccc-newsroom/kyoto-protocol-10th-anniversary-timely-reminder-climate-agreements-work/ [lesedato 26.10.2015]

«Kyoto Protocol to the United Nations Framework Convention on Climate Change», unfccc.int, publisert 1998: http://unfccc.int/resource/docs/convkp/kpeng.pdf [lesedato 26.10.2015]

Miljødirektoratet: Klimatiltak og utslippsbaner mot 2030. Rapport 2015. Digital utgåve Miljødirektoratet, www.miljodirektoratet.no, sist oppdatert 26.6.2015: http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M386/M386.pdf [lesedato 2.11.2015]

«Ny og mer ambisiøs klimapolitikk», www.regjeringa.no, publisert 4.2.2015: https://www.regjeringa.no/no/aktuelt/ny-og-mer-ambisios-klimapolitikk/id2393609/ [lesedato 29.10.2015]

«The elephant in the room: International offsets in EU's 2020 climate legislation», carbonmarketwatch.org, publisert oktober 2013: http://carbonmarketwatch.org/wp-content/uploads/2013/10/NC-Policy-briefing-16-OCT-2013.pdf [lesedato 30.10.2015]

«Utslipp av klimagasser», www.miljostatus.no, publisert 20.1.2015: http://www.miljostatus.no/Tema/Klima/Klimanorge/Utslipp-av-klimagasser/ [lesedato 29.10.2015]

Michael W. Wara og David G. Victor: «A Realistic Policy on International Carbon Offsets», fsi.stanford.edu, publisert 18.4.2008: http://iis-db.stanford.edu/pubs/22157/WP74_final_final.pdf [lesedato 30.10.2015]

Peikarar

«Kyotoprotokollen», miljostatus.no, publisert 24.11.2015

Kyoto-protokollen på norsk, fn.no

Først publisert: 26.02.2016
Sist oppdatert: 14.11.2017