Hopp til innhold

Ozonlaget

Ozonlaget, luftlag om lag 18–30 kilometer over jordoverflata. Ozonet i dette luftlaget er viktig fordi det blokkerer ein stor del av den ultrafiolette strålinga frå sola, som i store mengder er skadeleg for menneske. Ein kan tenkje seg at ozonlaget verkar på same måten som solkrem og solbriller for menneska på jorda.

Ozonlaget er eit tynt lag med ozon i atmosfæren. Ozonmolekylet består av tre oksygenatom (O3), har ein lett blåfarge og luktar skarpt. Gassen er skadeleg ved direkte kontakt. Dette er stikk motsett av det vanlege oksygenmolekylet (O2) som er ein heilt nødvendig del av energiforbrenninga i cellene og dermed viktig for menneske og dyr. Atmosfæren består av om lag 21 prosent vanleg oksygen, medan mindre enn ein milliondel er ozon. Ozon blir derfor definert som ein sporgass i atmosfæren.

Ozon absorberer delar av den mest energirike strålinga frå sola, nemleg ultrafiolett UVB og UVC-stråling. Denne strålinga er farleg for menneske og kan gi skadar som kreft og augesjukdomar. Solkrem og solbriller kan gi vern mot den ultrafiolette strålinga som slepper igjennom ozonlaget.

Ein gass som er skadeleg i seg sjølv, og som finst i ei forsvinnande lita mengd i atmosfæren, gir oss altså vern mot høge dosar av farleg stråling frå sola.

Ozonmolekylet blir danna og brote ned kontinuerleg i ein naturleg balanse. Men over Antarktis oppdaga ein i 1980-åra at det hadde skjedd ei forstyrring i denne balansen. Mengda av ozon var blitt kraftig redusert. Ein begynte å snakke om eit «hol» i ozonlaget. Noko av årsaka til dette holet var utslepp av menneskeskapte gassar, dei såkalla KFK-gassane (klorfluorkarbon) frå mellom anna sprayboksar og kjøleskap, som blei sette i masseproduksjon i 1950-åra. Etter oppdaginga av holet i ozonlaget starta eit politisk engasjement for å redusere utsleppet av KFK-gassar. I 1987 blei det inngått ein internasjonal avtale, Montreal-protokollen, for å redusere utsleppet av KFK og andre skadelege gassar. Etter kvart har ozonlaget i stor grad reparert seg, noko som viser at internasjonale samarbeidsavtalar kan redde naturen.

Kjelder

Forskning.no: «Hva er ozonlaget?», forskning.no, publisert 8.8.2002: https://forskning.no/forurensning-klima/hva-er-ozonlaget/1083518 [lesedato 6.9.2018]

Peikarar

Nils H. Fløttre: «UV-stråling og ozonlaget», ndla.no, sist oppdatert 16.12.2018


Sist oppdatert: 07.01.2021