Hopp til innhold
X
Innhald

Parisavtalen

Parisavtalen er ein internasjonal klimaavtale der hovudmålet er å avgrense den globale oppvarminga til «godt under» 2 grader celsius samanlikna med før-industriell tid.

Avtalen blei vedteken samrøystes av alle landa som er medlemer i FNs klimakonvensjon. Det skjedde i Paris 12. desember 2015. Parisavtalen skal medverke til å oppfylle klimakonvensjonen, som har som mål å hindre farlege menneskeskapte klimaendringar. Parisavtalen nemner tre måtar dette skal skje på:

  • Ved å halde den globale temperaturauken «godt under» 2 grader celsius og helst ikkje meir enn 1,5 grader celsius samanlikna med før-industrielt nivå (avtalen seier ingenting om kva «før-industrielt nivå» er, men i klimaforskinga er det mest vanleg å bruke gjennomsnittet for perioden 1850–1900)
  • Ved å gjere landa betre førebudde på konsekvensane av klimaendringane og samtidig sikre utvikling og matforsyning til alle
  • Ved å sørgje for at investeringar og andre pengeoverføringar medverkar til lågare klimagassutslepp og betre klimatilpassing

Partslanda skal oppfylle desse punkta etter prinsippet om «felles, men differensiert ansvar i lys av ulike nasjonale omstende».

Parisavtalen blei opna for signering 22. april 2016. Han skulle tre i kraft 30 dagar etter at minst 55 land, som til saman stod for minst 55 prosent av dei globale utsleppa av klimagassar, hadde ratifisert avtalen. Dette kriteriet blei oppfylt i byrjinga av oktober 2016, og Parisavtalen tredde dermed i kraft 4. november same året. Per juni 2018 hadde 178 partsland ratifisert avtalen.

Innhaldet i avtalen

Dei viktigaste nyvinningane i Parisavtalen:

Alle land som er part i Klimakonvensjonen, er forplikta til å kutte i sine klimagassutslepp, ikkje berre industrialiserte land, slik tilfellet var med Kyotoavtalen.

Talfesta temperaturmål: Partane er blitt samde om at den global temperaturauken ved utgangen av dette hundreåret skal haldast godt under 2 grader celsius, og at ein skal arbeide for å avgrense temperaturstiginga til 1,5 grader celsius.

Nasjonalt bestemte mål for klimagassutslepp: Ifølgje Parisavtalen skal alle land fastsetje eigne nasjonale mål for utslepp av klimagassar (såkalla NDC-ar, eller «nationally determined contributions»). NDC-ane skal reviderast og skjerpast med fem års mellomrom eller oftare, og landa skal rapportere inn kor mykje dei slepper ut, og kva dei gjer for å redusere utsleppa. Per juni 2018 hadde 172 partsland levert inn sin første NDC. Noreg melde inn sin første NDC 20. juni 2016. Her heiter det at innan 2030 skal Noreg redusere sine utslepp med minst 40 prosent frå 1990-nivå, men at framgangsmåten er avhengig av korleis det klimapolitiske samarbeidet vårt med EU utviklar seg. Summen av dei innrapporterte NDC-ane er ikkje nok til å halde den globale temperaturstiginga under 2 grader celsius, og punktet om at NDC-ane skal skjerpast med jamne mellomrom, er difor avgjerande for å nå målet.

Partane er samde om at dei globale utsleppa av klimagassar skal nå toppunktet så snart som råd, og deretter minke. Partane er innforståtte med at utviklingsland treng lenger tid til å nå utsleppstoppen enn industrialiserte land. I andre halvdel av dette hundreåret skal det vere balanse mellom utslepp og opptak av klimagassar.

Avtalen føreset at det skal gjerast opp ein globalt rekneskap, første gongen i 2023 og deretter kvart femte år, slik at ein får oversikt over korleis verda ligg an når det gjeld å oppfylle måla.

Strid og utmelding

Eit stridsspørsmål i dei internasjonale klimaforhandlingane er kven som skal betale for tilpassing til klimaendringar i dei fattige landa. I Parisavtalen er spørsmålet løyst ved at avtalen pålegg dei rike landa å løyve pengar til klimatilpassing i fattige land, utan å nemne nokon sum. Men i den ikkje-bindande følgjeteksten som blir kalla «Paris-vedtaket», blir dei rike landa konkret oppmoda til å løyve minst 100 millionar amerikanske dollar årleg frå 2020.

1. juni 2017 annonserte den amerikanske presidenten Donald Trump at han ville trekkje USA ut av Parisavtalen. Ifølgje artikkel 28 i Parisavtalen kan ei uttrekking tidlegast få effekt fire år etter at avtalen er tredd i kraft, det vil seie 4. november 2020. Som svar på annonseringa gjekk fleire amerikanske delstatar saman i ein allianse der dei forplikta seg til å arbeide for å nå målsetjingane i Parisavtalen. Per juni 2018 var 16 delstatar og i tillegg Puerto Rico med i alliansen.

Då partslanda vedtok Parisavtalen i desember 2015, inviterte dei samstundes ikkje-statlege aktørar, til dømes byar, landsdelar, bedrifter og organisasjonar, til å medverke til reduserte klimagassutslepp og klimarobust utvikling. Per juni 2018 hadde meir enn 2500 byar og 200 regionar meldt inn eigne klimamål.

Kjelder

FNs klimakonvensjon: «Decision 1/CP.21» (Paris-vedtaket, engelsk utgåve), unfccc.int, publisert 29.1.2016: https://unfccc.int/sites/default/files/resource/docs/2015/cop21/eng/10a01.pdf [lesedato 24.1.2018]

FNs klimakonvensjon: «Paris Agreement» (engelsk utgåve), unfccc.int, publisert 12.12.2015: https://unfccc.int/files/meetings/paris_nov_2015/application/pdf/paris_agreement_english_.pdf [lesedato 24.1.2018]

Miljødirektoratet: «Parisavtalen», miljostatus.no, publisert 27.4.2017: http://www.miljostatus.no/parisavtalen/ [lesedato 26.1.2018]

Noregs første NDC, publisert i det mellombelse NDC-registeret til FNs klimakonvensjon, www4.unfccc.int, publisert 20.6.2016: http://www4.unfccc.int/ndcregistry/PublishedDocuments/Norway%20First/NorwayINDC.pdf [lesedato 25.6.2018]

Nettstaden til United States Climate Alliance, www.usclimatealliance.org, https://www.usclimatealliance.org/alliance-principles/ [lesedato 26.6.2018]

Carly Sitrin: «Trump is withdrawing the US from the Paris climate agreement. Read the full transcript.», vox.com, publisert 1.6.2017: https://www.vox.com/2017/6/1/15726638/trump-withdrawing-paris-climate-agreement-full-transcript [lesedato 28.6.2018]

World Resources Institute: «Paris Agreement Tracker», wri.org, publisert mai 2016: https://www.wri.org/resources/maps/paris-agreement-tracker [lesedato 22.6.2018]

Peikarar

Kjetil Lund: «Noen ord om Paris-avtalen (og noen ord om klimabyråkratiet», bloggpost skriven rett etter klimamøtet i Paris, energiogklima.no

Temaside om Parisavtalen hos FN-sambandet, fn.no

Først publisert: 29.04.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019