Hopp til innhold
Frå Rio-konferansen i Rio de Janeiro i Brasil 3.–14. juni 1992, her med dåverande statsminister i Noreg Gro Harlem Brundtland på talarstolen.
Frå Rio-konferansen i Rio de Janeiro i Brasil 3.–14. juni 1992, her med dåverande statsminister i Noreg Gro Harlem Brundtland på talarstolen.
X
Innhald

Rio-konferansen

FNs konferanse om miljø og utvikling, også kalla Rio-konferansen, var ein internasjonal konferanse arrangert av Dei sameinte nasjonane i 1992. Konferansen resulterte mellom anna i dokumenta Agenda 21 og FNs klimakonvensjon.

Rio-konferansen (engelsk: United Nations Conference on Environment and Development, forkorta UNCED) blei arrangert i Rio de Janeiro i Brasil 3.–14. juni 1992. 172 statar var representerte, 108 av dei på regjeringsnivå.

Bakgrunnen for konferansen var at verdssamfunnet tidleg i 1980-åra innsåg at forureining, utarming av naturressursar og fare for klimaendringar var eit aukande problem globalt. I 1983 skipa FN Verdskommisjonen for miljø og utvikling, også kalla Brundtland-kommisjonen, under leiing av Gro Harlem Brundtland. Kommisjonen skulle foreslå ein langsiktig strategi for å oppnå ei berekraftig utvikling globalt. Kommisjonen la fram rapporten «Vår felles framtid» i 1987. I kjølvatnet av rapporten vedtok Hovudforsamlinga i FN å arrangere ein verdskonferanse om miljøspørsmål.

Temaet for Rio-konferansen var korleis ein kunne sikre økonomisk og sosial utvikling for alle, utan å øydeleggje miljøet. Dette skulle skje i form av eit partnarskap mellom industrialiserte land og utviklingsland, slik at ein tok omsyn til alle landa sine interesser.

Konferansen resulterte i fleire dokument, mellom anna dei tre juridisk bindande Rio-konvensjonane (klimakonvensjonen, konvensjonen om biologisk mangfald og ørkenspreiingskonvensjonen). Det mest omfattande dokumentet som blei vedteke på konferansen, var Agenda 21, ein ikkje-bindande global arbeidsplan for regjeringar, organisasjonar og FN sjølv. Planen skulle sikre ei berekraftig utvikling på alle område, inkludert kampen mot fattigdom, ivaretaking av miljøet og styrkt deltaking for viktige grupper som kvinner, barn og urfolk. Konferansen vedtok òg Rio-erklæringa om miljø og utvikling, ei liste over 27 prinsipp som skal liggje til grunn for statane sitt arbeid med berekraftig utvikling. Til saman la dokumenta frå Rio-konferansen føringar for FN sitt arbeid i tida etterpå.

Seinare er det arrangert oppfølgingskonferansar, mellom anna Rio+10 i Johannesburg i 2002 og Rio+20 i Rio i 2012, der statane har halde fram arbeidet med å nå måla frå 1992 om berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.

Kjelder

FN-resolusjon nr. 44/228 (1989–90): FN-konferansen om miljø og utvikling

Agenda 21, unep.org: http://www.unep.org/Documents.Multilingual/Default.asp?documentid=52 [lesedato 16.10.2015]

Earth Summit, informasjonsside om Rio-konferansen, un.org, sist oppdatert 23. mai 1997: http://www.un.org/geninfo/bp/enviro.html [lesedato 14.8.2015]

Rio-erklæringa om miljø og utvikling, un.org, sist oppdatert 12. januar 2000: http://www.un.org/documents/ga/conf151/aconf15126-1annex1.htm [lesedato 16.10.2015]

Først publisert: 20.01.2016
Sist oppdatert: 28.01.2016