Stortingsvalet 2013 gav denne fordelinga av stortingsrepresentantar mellom dei politiske partia. Frå venstre i figuren: SV 7, Arbeidarpartiet 55, Senterpartiet 10, Miljøpartiet dei grønne 1, Venstre 9, KrF 10, Høgre 48, Framstegspartiet 29.

/Mandatfordeling 2013-2017.

Med valordning meiner ein lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, Sametinget, fylkestinga og kommunestyra.

I Noreg blir det halde val annakvart år, vekselvis lokale og nasjonale val. Både kommunestyre- og fylkestingsval (lokalval) og stortingsval/sametingsval (nasjonale val) blir halde kvart fjerde år. Før 1940 var det lokalval og stortingsval kvart tredje år.

Siste nasjonale val i Noreg var stortingsvalet i 2021, og det neste vil vere stortingsvalet i 2025. Siste lokale val var kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019, og det neste vil vere kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023.

Valordning ved stortingsval

Valdistrikt i 2021

Valdistrikt ved stortingsval, og tal på mandat (stortingsrepresentantar) frå kvart distrikt ved stortingsvalet 2021. Den same utrekninga av talet på mandat vil i utgangspunktet også gjelde for stortingsvalet i 2025, så sant det ikkje skjer endringar i vallovgivninga før den tid.

Valdistrikt i 2021
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den norske valordninga for stortingsval er sidan 1920 basert på prinsippa om direkte val og forholdstalsval i fleirmannskrinsar. Direkte val vil seie at veljarane stemmer direkte på representantar for valdistriktet ved å gi stemma si til ei valliste. Forholdstalsval vil seie at representantane blir fordelte etter det stemmetalet vallistene får. Både politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val.

Valordninga ved stortingsval tok frå 1953 og til og med 2017 utgangspunkt i fylka som valdistrikt, der kvart fylke vel eit gitt tal på mandat til Stortinget, alt etter folketalet. Framfor stortingsvalet i 2021 vart det vedteke å halde fram med å bruke 19 valdistrikt, som i hovudsak svarer til den gamle fylkesinndelinga, sjølv om talet på fylke vart reduserte til 11.

Mandatfordeling

Før 2005 var det Stortinget som fastsette kor mange stortingsrepresentantar eit fylke skal ha, og dette talet låg fast over tid. Sidan stortingsvalet i 2005 vart det innført ei ny valordning som fordelte mandata til dei enkelte valdistrikta på ein ny måte. Dei viktigaste endringane er at det samla mandattalet er utvida frå 165 til 169, at kvart valdistrikt har fått eitt fast utjamningsmandat, og at mandatfordelinga mellom valdistrikta blir gjord for to val om gongen. Mandatfordelinga skjer med grunnlag i ein formel der folketalet og arealet i eit fylke blir avgjerande for mandattalet. Fylke i vekst får fleire, og fylke i folketalsmessig tilbakegang får færre mandat.

Frå 2005 blir det valt 150 mandat som distriktsrepresentantar frå dei enkelte valdistrikta. Dei siste 19 mandata er utjamningsmandat. Det er det stortingsvalde Riksvalstyret, som fordeler desse mandata på ein slik måte at samansetjinga av Stortinget blir mest mogleg lik den prosentdelen av stemmene nasjonalt som kvart parti har fått, i samsvar med Grunnlova sin § 59.

Utjamningsmandata blir deretter fordelte på valdistrikta etter føresegnene i vallova som vart vedteken 2003. Ordninga med utjamningsmandat vart innført i 1989, og ved stortingsvala frå 1989 til 2001 var det åtte utjamningsmandat. Berre parti som har minst fire prosent av stemmene på landsbasis blir med i fordelinga av utjamningsmandata. Kravet om minst fire prosent blir kalla sperregrense. Parti som ikkje oppnår ei oppslutning på over fire prosent på landsbasis, kan likevel få så høg oppslutning i einskildfylke at dei kan vinne distriktsmandat.

Distriktsmandata blir fordelte ved at talet på stemmer som kvar partiliste har fått dividerast med høvesvis 1, 4, 3, 5, 7 og så vidare. Mandata blir deretter fordelte éin etter éin etter storleiken på kvotientane (tala ein får ved å dele talet på stemmer på delingstala) heilt til ein har fordelt alle mandata i distriktet (markert med 1–8 i dømet nedanfor).

Metoden er ei modifisert utgåve av Sainte-Laguës metode, der det første delingstalet er sett til 1,4 i staden for 1 for å skape ei sperregrense mot småparti.

Eksempel: Utrekning av mandat i eit valdistrikt

Tabellen viser utrekning og fordeling av mandat ved stortingsval, med døme frå Møre og Romsdal ved Stortingsvalet i 2005.

Parti stemmetal delt på 1,4 delt på 3 delt på 5
Frp 36 813 26 295 (1) 12 271 (4) 7362
A 36 649 26 177 (2) 12 216 (5) 7329
H 17 962 12 830 (3) 5987
KrF 15 465 11 046 (6) 5155
Sp 11 795 8425 (7)
V 10 623 7587 (8)
SV 8321 5943

Møre og Romsdal skulle i valet i 2005 få åtte distriktsmandat ('direktemandat') på Stortinget. Her ser ein at Framstegspartiet tok det første mandatet, Arbeidarpartiet andre og Høgre det tredje. Men fordi Frp sine stemmetal delt på 3 gav eit høgare tal enn KrF sine stemmetal delt på 1,4, var det Frp som fekk det fjerde mandatet. Det same gjeld for det femte, som gjekk til Ap. Deretter fekk KrF det sjette mandatet, Senterpartiet det sjuande mandatet og Venstre fekk det åttande og siste distriktsmandatet. Dersom fylket til dømes hadde hatt endå eitt mandat, hadde dette gått til Frp, det vil seie den kvotienten (7362) som var den høgaste av dei som ikkje fekk mandat.

Ved valet i 2005 var det SV som fekk utjamningsmandatet i Møre og Romsdal, men dette kan ikkje lesast ut av posisjonen til stemmetalet til partiet i valdistriktet. Utjamningsmandatet blir tildelt basert på den nasjonale oppslutninga til partiet, men kva valdistrikt partiet får utjamningsmandat frå er avhengig fleire forhold, og relativt vanskeleg å føreseie.

Mandatfordeling mellom valdistrikta

Mandatfordelinga mellom valdistrikta vart frå og med valet i 2005 berekna på ein ny måte. Utrekninga blir gjennomført for to val om gongen, altså var det same fylkesvise fordeling i 2005 og 2009, medan fordelinga vart endra før valet i 2013 og igjen for 2021. Mandatfordelinga tek utgangspunkt i talet på innbyggjarar i valdistriktet ved nest siste årsskifte før det aktuelle stortingsvalet (altså 1. januar 2004, 1. januar 2012 og 1. januar 2020). Talet blir lagt saman med talet på areal i kvadratkilometer i fylket multiplisert med 1,8. Grunnlaget for utrekninga for dei enkelte valdistrikta blir dividerte med 1-3-5-7-9-11 og så vidare. Dei kvotientane som då oppstår, blir brukte til å fordele mandata fylka imellom. Resultatet av utrekninga kan ein sjå i tabellen nedanfor.

Oversikt over mandatfordeling ved stortingsvala 2005–2025

Mandatfordeling ved stortingsvala 2005, 2009, 2013, 2017, 2021 og 2025, inkludert eitt utjamningsmandat for kvart fylke:

Valdistrikt 2005 og 2009 2013 og 2017 2021 og 2025
Østfold 9 9 9
Akershus 16 17 19
Oslo 17 19 20
Hedmark 8 7 7
Oppland 7 7 6
Buskerud 9 9 8
Vestfold 7 7 7
Telemark 6 6 6
Aust-Agder 4 4 4
Vest-Agder 6 6 6
Rogaland 13 14 14
Hordaland 15 16 16
Sogn og Fjordane 5 4 4
Møre og Romsdal 9 9 8
Sør-Trøndelag 10 10 10
Nord-Trøndelag 6 5 5
Nordland 10 9 9
Troms 7 6 6
Finnmark 5 5 5
Totalt 169 169 169

Valordning ved kommuneval og fylkestingsval

Valet til kommunestyre og bystyre rundt om i landet går føre seg på same måten som stortingsvala, men i eit kommuneval har veljaren meir innverknad på personvalet enn ved stortingsval, der det er plasseringa av namn på listene som er avgjerande. Frå 1975 blei det innført direkte val til 18 fylkesting. I Oslo er det bystyret som har rolla som fylkesting. Før 1975 var det kommunestyra/bystyra rundt om i landet som valde sine eigne representantar til fylkestinget.

Ved kommuneval og fylkestingsval kan veljarane kumulere, altså gi kandidatar på stemmesetelen éi personstemme ekstra. Dette blir gjort ved å setje eit kryss ved namnet til personen. Veljarane kan ved kommunestyreval òg gi ei personstemme til kandidatar som står på andre vallister, såkalla «slengjarar». Slike endringar kan påverke kven av kandidatane på ei liste som kjem inn i kommune- eller bystyret. Sjansen for å kunne påverke kven som kjem inn i fylkestinget, er vesentleg mindre.

Elles er sjølve utrekningsmåten for å finne ut kven som blir vald ved kommuneval og fylkestingsval den same som ved stortingsval. Valdeltakinga ved kommuneval, og særleg ved fylkestingsval, er vanlegvis lågare enn ved stortingsval. Tidlegare kunne veljarane òg stryke kandidatar, men retten til å stryke blei fjerna. Forslaget framfor valet i 2011 på å gjeninnføre retten til å stryke kandidatar blei nedstemt.

Valordning ved sametingsval

Reglane ved sametingsval er dei same som for stortingsval når det gjeld oppteljing av valresultatet. Unntaket er at det er spesielle reglar for kven som kan stemme ved sametingsvalet. Det er berre samar som er norske statsborgarar, som fyller 18 år innan utgangen av valåret, som er eller har vore folkeregisterført som busette i Noreg, og som står innført i Sametingets valmanntal på valdagen, som kan stemme. Også svenske og finske samar over 18 år som er innførte i Sametingets valmanntal, kan stemme. Ved sametingsvalet i 2013 skulle det veljast 39 sametingsrepresentantar for perioden 2013 til 2017. Sametinget har ein rådgivande funksjon i høve til nasjonale styresmakter, men har òg fullmakt til å avgjere saker som spesielt gjeld den samiske folkegruppa.

Historisk utvikling

1814–1905: Indirekte fleirtalsval

Grunnlova blei vedteken 17. mai 1814, blei det innført ei valordning som blir kalla indirekte fleirtalsval. Fram til 1905 valde veljarane i realiteten utsendingar til valmannsmøte, og det var forsamlinga av valmenn som valde stortingsrepresentantane frå kvart fylke. Etter kvart som folketalet auka, blei det òg store forsamlingar av valmenn, og dette blei ei tungvint ordning.

Bondeparagrafen

I Grunnlova frå 1814 stod det at to tredelar av stortingsrepresentantane skulle kome frå landkommunane (amta), medan éin tredel skulle kome frå byane. Tanken var å sikre byane representasjon i eit bondedominert land. På det tidspunktet budde 90 prosent av innbyggarane i landkommunane. Det viste seg likevel i starten at det blei byane som blei overrepresenterte. Byveljarane utgjorde berre ni prosent av veljarmassen, men skulle ha ein tredel av representantane.

I 1859 vedtok Stortinget den såkalla bondeparagrafen, som fastsette kor mange representantar kvar kjøpstad og kvar amt skulle ha. Også dette blei problematisk etter kvart som byane voks. På slutten av 1800-talet var det byane som var underrepresenterte, og behovet for ei ny endring melde seg. Ordninga med at byane og landkommunane valde kvar for seg, heldt likevel fram heilt til 1952. Også det såkalla bustadsbandet blei oppheva i 1952. Det sette som krav at den som skulle veljast frå ein by eller ein landkommune, måtte bu der og ha stemmerett der.

1905–1919: Einmannskrinsar

I 1905 blei valsystemet endra slik at landet blei delt inn i einmannskrinsar etter britisk modell. Ein einmannskrins er ein valkrins der det berre er éin person som blir vald. Dei fleste fylka fekk fleire slike einmannskrinsar, der den kandidaten blei vald som fekk over 50 prosent av stemmene i første valomgang. Fekk ingen kandidat meir enn 50 prosent, blei det omval mellom dei to som hadde flest stemmer. Denne valordninga favoriserte dei største partia, og verken Venstre eller Høgre hadde noko ønskje om å endre på ei ordning som favoriserte dei på kostnad av Arbeidarpartiet. Til slutt sa likevel Venstre ja til ei ny valordning i 1919.

1919–2003: Forholdstalsval i fleirmannskretsar

I 1919 blei det innført forholdstalsval i fleirmannskrinsar, der fylka blei valkrinsar. Kvar valkrins fekk representantar i høve til folketalet. I 1952 blei bondeparagrafen oppheva, og kvar stemme i eit fylke skulle telje likt, uansett om ho kom frå ein veljar i byen eller i ein landkommune. Ein valde likevel å la utkantfylke med lågt folketal, til dømes Finnmark, få ein viss overrepresentasjon gjennom valordninga.

Sjølv utan bondeparagrafen blei prinsippa om direkte val og forholdstalsval vidareførte. Forholdstalsval vil seie at partilistene får same prosentdel av mandata som dei får stemmer. Om ei liste får halvparten av stemmene, får ho òg halvparten av mandata.

2003 til i dag

I 2003 vedtok Stortinget ei ny vallov, som justerte den geografiske fordelinga av mandata slik at det blei betre samsvar mellom partia sine mandattal og stemmetala deira. Etter 1945 er talet på stortingsrepresentantar blitt utvida frå 150 til 155 i 1973, til 157 i 1985, til 165 i 1989 og til 169 i 2005. Den siste auken kom av at talet på distriktsmandat blei redusert frå 157 til 150, og at det i tillegg blei innført 19 utjamningsmandat, eitt for kvart fylke.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • NOU 2001:03: Velgere, valgordning, valgte. Innstilling fra Valglovutvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon 3. oktober 1997. Avgitt til Kommunal- og regionaldepartementet 30. januar 2001. Oslo 2000
  • Knut Heidar: Norske politiske fakta. 1884–1982. Oslo 1983
  • Oddvar Overå, Steinar Dalbakk, Jan-Ivar Pavestad: Valglovgivningen. Valg til storting, fylkesting, kommunestyre og sameting. Oslo 1997.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg