Hopp til innhold

Troms fylke

Troms fylke

Troms er det midtre av dei tre nordnorske fylka. Her ligg den største og viktigaste byen i landsdelen, Tromsø, som populært blir kalla «Nordens Paris», og den tredje største, Harstad.

Les meir om Troms fylke

Vest-Agder fylke

Vest-Agder fylke

Vest-Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Agder-kysten er for mange knytt til sol og sommar. Her ligg Dyreparken – den nest mest besøkte turistattraksjonen i landet – og Lindesnes, med det eldste fyret i Noreg og det sørlegaste fastlandspunkt i landet.

Les meir om Vest-Agder fylke

Oppland fylke

Oppland fylke

Oppland er det vestlege av dei to langstrekte innlandsfylka på Austlandet som ikkje grensar til sjø. Lengst i nord og vest ligg nokre av dei mest kjende fjellområda våre: Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen.

Les meir om Oppland fylke

Østfold fylke

Østfold fylke

Østfold er det viktigaste grensefylket i Noreg, sjølv om fleire andre fylke har lengre riksgrenser. Nærleiken til Sverige har gjort Østfold utsett i krigstider, men i våre dagar går ein stor del av utlandstrafikken både til Sverige og kontinentet gjennom fylket. Østfold har òg viktig industri, store landbruksareal og turistattraksjonar som Haldenvassdraget.

Les meir om Østfold fylke