Hopp til innhold
X
Innhald

Buskerud fylke

Buskerud er eit langstrekt og variert fylke. Lengst i søraust er fylket ein del av det mest sentrale og urbane austlandsområdet. Der ligg Drammen, det femte største byområdet i Noreg. I den nordvestlege enden av Buskerud dekkjer Hardangervidda og Langfjella svære, folketomme fjellvidder. Mellom desse ytterpunkta ligg fleire lange dalføre, med bygder som ber preg av ein tradisjonsrik bondekultur. Fylket har òg den historisk sett viktigaste gruvebyen i landet, Kongsberg.

Buskerud har vore eige fylke sidan 1685. Dei nedre delane av fylket har fått merke industridøden i seinmoderne tid, ikkje minst når det gjeld treforedling, men Drammen og Hønefoss har framleis eit livskraftig næringsliv. Kongsberg har gått igjennom ei omstilling frå gruveverksemd til å bli leiande på høgteknologi. Dei nordlege delane av fylket, særleg Norefjell og Hallingdal, har utvikla seg til viktige turiststader, med hovudvekt på vintersport.

Det går eit kulturelt skilje mellom dei nedre og øvre delane av fylket. I dei indre bygdene er dialektane meir særprega, og nynorsk blir brukt i større grad. Særleg Hallingdal var i eldre tid sterkt knytt til Vestlandet gjennom administrasjon, handel og samferdsel, og her finst sterke tradisjonar innanfor folkekunst og folkemusikk.

Under terrorangrepet 22. juli 2011 drap Anders Behring Breivik 69 menneske på Utøya i Tyrifjorden, der Arbeidernes Ungdomsfylking heldt den årlege sommarleiren sin. I tillegg fekk mange alvorlege skotskader.

Miljø og klima

Klimaet i storparten av Buskerud er eit typisk innlandsklima, med kalde vintrar og varme somrar. Berre Hurumlandet, som ligg ved Oslofjorden, har innslag av kystklima. Fylket er lite utsett for vind og får moderate mengder med nedbør.

I Buskerud finst det fleire store skogsområde, mellom anna Trillemarka, som er det største samanhengande naturskogsområdet i Sør-Noreg, med innslag av urskog og førekomstar av ei rekkje truga artar. Fylket har fast bestand av gaupe, og det finst òg bjørn, jerv og ulv. I vassdraga i Buskerud lever om lag 30 ulike fiskeartar, inkludert kreps. Fleire av elvane er lakseførande. Drammensområdet har hatt store utslepp av miljøgifter, men dei siste tiåra er situasjonen blitt betre, med mindre ureining både i vassdraget og i fjorden utanfor.

Foto av bjørn i Bjørneparken i Flå kommune. Foto: Siri Spjelkavik, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Foto av bjørn i Bjørneparken i Flå kommune. Foto: Siri Spjelkavik, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Berggrunnen i fylket kan grovt sett delast i to: Området sørvest for Kongsberg, Hokksund og Tyrifjorden høyrer til Oslofeltet, som blei danna i permtida, medan resten av fylket er grunnfjell, for det meste med bergartar som gneis og granitt. Ved Drammensfjorden og Oslofjorden finst lågareliggjande område, men store delar av fylket er prega av fleire parallelle dalføre som skjer seg ned i landskapet i nordvestleg-søraustleg retning. Heilt i nordvest ligg høgfjellet, med Hardangervidda og Hallingskarvet.

Foto frå Hardangervidda. Foto: Tristan Taussac, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Foto frå Hardangervidda. Foto: Tristan Taussac, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Historie

Buskerud blei først busett i dei låglendte områda av fylket. I Nedre Eiker er det funne buplassar frå steinalderen som er opp til 11 000 år gamle. Men det gjekk ikkje lenge før også dei indre dalane og fjellstroka blei tekne i bruk av jeger- og fangstfolk.

Området kring Drammensvassdraget er frå gamalt av eit rikt jordbruksdistrikt, med fleire hovdingsete i vikingtida. Eit av dei låg på Hoen ved Hokksund, der det er funne ein større skatt som er blitt graven ned i jorda på slutten av 800-talet. Funnet inneheldt ei rekkje smykke og myntar og fleire hundre glasperler og halvedelsteinar, og det er tolka som røvargods frå plyndringar på kontinentet.

Hoenskatten. Biletet viser noko av skatten som vart funne ved Hoen ved Hokksund, der det er funne ein større skatt som er blitt graven ned i jorda på slutten av 800-talet. Foto: Ove Holst, Kulturhistorisk museum, UiO. Kjelde: MUSIT (Universitetsmuseenes samlingsportaler), unimus.no CC BY-SA 4.0.

Hoenskatten. Biletet viser noko av skatten som vart funne ved Hoen ved Hokksund, der det er funne ein større skatt som er blitt graven ned i jorda på slutten av 800-talet. Foto: Ove Holst, Kulturhistorisk museum, UiO. Kjelde: MUSIT (Universitetsmuseenes samlingsportaler), unimus.no CC BY-SA 4.0.

Drammen var bygd på tømmerfløyting og trelasthandel. Allereie på 1200-talet voks det fram tettstader på begge sider av elvemunningen. I 1811 blei dei to ladestadene Bragernes og Strømsø slått saman til kjøpstaden Drammen.

I traktene kring Kongsberg blei det funne sølv tidleg på 1600-talet. Bergstaden Konningsberg blei grunnlagd i 1624, og sølvverket blei bygd ut til den største førindustrielle bedrifta her i landet, med fleire hundre kilometer med gruvegangar og nærmare to tusen skjerp. Drifta nådde toppen mot slutten av 1700-talet, då Kongsberg var den nest største byen i Noreg, etter Bergen. I 1814 blei så Kongsberg Våpenfabrikk grunnlagd, for å gjere Noreg sjølvforsynt med våpen. Fabrikken er i etterkrigstida blitt ei sentral høgteknologisk verksemd.

Foto frå Kongsberg frå ca. 1890-1900. Til venstre ser vi Kongsberg Våpenfabrikk. Ukjend fotograf. Kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (No known copyright restrictions, public domain).

Foto frå Kongsberg frå ca. 1890-1900. Til venstre ser vi Kongsberg Våpenfabrikk. Ukjend fotograf. Kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (No known copyright restrictions, public domain).

På Åmot i Modum var det i perioden 1778 til 1898 i drift koboltgruver som gav råstoff til produksjon av fargestoff, ved verksemda Blaafarveværket. I ein periode hadde bedrifta 80 % av verdsmarknaden. I Hønefoss og langs Drammensvassdraget blei det mot slutten av 1800-talet bygd opp ein omfattande treforedlingsindustri.

Arbeidarrørsla har hatt ein sterk posisjon i Buskerud. I 1848, same året som februarrevolusjonen i Frankrike, flytta Marcus Thrane til Drammen. Her starta han den første arbeidarforeininga, og i løpet av eit par år fekk han bygd opp ei landsomfattande politisk rørsle, thranittane. På Hønefoss oppstod i 1851 den såkalla hattemakarkrigen, då ein folkehop hindra arrestasjon av hattemakar Halsten Knudsen, ein av leiarane i Thranerørsla. Thrane sjølv blei arrestert same året og seinare dømd til tukthus.

Dalstroka i fylket leid lenge under mangel på kommunikasjonar, men opplevde sterk vekst etter at jernbanenettet blei utbygd, med Bergensbana gjennom Hallingdal (1909) og Numedalsbana (1927).

Sosiale forhold

Buskerud ligg om lag på landsgjennomsnittet når det gjeld inntekter fordelte på hushald. I 2013 tente 24 % av hushalda under 350 000 og 22 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er forholdsvis lågt – 27,1 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen ligg litt under landsgjennomsnittet for begge kjønn. Mennene i Buskerud kan rekne med å bli 78 år gamle og kvinnene 82,7 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 i heile landet. Skilsmisseraten er blant dei høgaste i landet, medan talet på melde lovbrot per innbyggjar er lågare enn gjennomsnittet. Når det gjeld røykjarar, er det relativt like mange i fylket som elles i landet. 26 % av dei vaksne i Buskerud røykjer dagleg eller av og til. 13,1 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja (11,5 % i heile landet), kring halvparten av dei i andre kristne kyrkjesamfunn.

Næringsliv

Buskerud er eit fylke med rike industritradisjonar. Av industrigreinene er transportmiddelindustrien størst, deretter kjem metallvare- og maskinindustrien. Ein stor del av industrien i fylket er konsentrert kring byane Kongsberg og Drammen. Kongsberg har industrigiganten Kongsberg Gruppen, som byggjer vidare på Kongsberg Våpenfabrikk, og som i dag er eit konsern med nær 7000 tilsette og aktivitet i 25 land. Selskapet leverer høgteknologi innanfor olje- og gassindustrien, skipsfart, våpen og romfart, for det meste til eksport. Det skal mellom anna levere missilar til Joint Strike Fighter, jagarflya som Noreg skal kjøpe frå USA. Drammen har ein omfattande verkstadindustri, dataindustri og elektrisk utstyrsindustri (med mellom anna ABB) og næringsmiddelindustri (til dømes Aass Bryggeri). Treforedlingsindustri er det lite att av i fylket etter at dei store bedriftene i Hønefoss (Follum Fabrikker) og på Tofte (Södra Cell) blei nedlagde i høvesvis 2012 og 2013.

Landbruket i Buskerud er prega av korndyrking og hagebruk, med dyrking av grønsaker, frukt og bær i dei sørlege områda. I dei nordlege delane av fylket, som er prega av skog og fjell, dominerer grasproduksjon og husdyrhald. Over halvparten av arealet i fylket er dekt av skog, og skogbruk med avverking av tømmer spelar ei stor rolle i mange kommunar. Det er relativt få sysselsette i primærnæringane i Buskerud (1,9 %, mot 2,4 % i heile landet).

Tenesteytande næringar sysselset ca. 75 % av dei yrkesaktive i Buskerud (mot 77 % i heile landet). Fylket har stor engroshandel, ikkje minst sidan Drammen er importhamn for bilar. Reiselivet spelar størst rolle i Numedal, Hallingdal, Norefjelldistriktet og på Blefjell, der det er ein omfattande vinterturisme, med fleire store alpinanlegg. Andre viktige attraksjonar er Bergverksmuseet, med sølvgruvene i Kongsberg, og Blaafarveværket på Modum.

Alpinanlegget ved Hemsedal Skisenter. Foto: Siri Spjelkavik, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Alpinanlegget ved Hemsedal Skisenter. Foto: Siri Spjelkavik, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Seks jernbaner går gjennom Buskerud: Bergensbana mellom Bergen og Hønefoss via Hallingdal, Sørlandsbana mellom Stavanger og Drammen via Kongsberg og Hokksund, Drammenbana mellom Drammen og Oslo, Vestfoldbana mellom Drammen og Skien, Randsfjordbana mellom Hokksund og Hønefoss og Roa-Hønefossbana mellom Roa og Hønefoss. Drammenbana har dobbeltspor og stor trafikk, medan det på Roa-Hønefossbana stort sett berre køyrer godstog.

Fylket har ingen flyplassar med rutetrafikk, men eit godt utbygd vegnett. Dei viktigaste hovudårane er E18 forbi Drammen, E134 frå Drammen via Hokksund og Kongsberg til grensa mot Telemark, E16 frå fylkesgrensene mot Akershus og Buskerud via Hønefoss til grensa mot Oppland, riksveg 7 frå Hønefoss gjennom Hallingdal til fylkesgrensa mot Hordaland på Hardangervidda og riksveg 35 mellom Hokksund og Hønefoss.

Administrativ og historisk inndeling

Buskerud fylke har desse 21 kommunane: Drammen, Flesberg, Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Hole, Hurum, Kongsberg, Krødsherad, Lier, Modum, Nedre Eiker, Nes, Nore og Uvdal, Ringerike, Rollag, Røyken, Sigdal, Øvre Eiker og Ål. Drammen, Hønefoss (i Ringerike) og Kongsberg er historiske byar, medan Hokksund (i Øvre Eiker) fekk bystatus i 2002.

Buskerud hadde på det meste, frå 1916 til 1962, 28 kommunar. I 1962 blei Nore og Uvdal slått saman. To år seinare gjekk Ytre Sandsvær og Øvre Sandsvær inn i Kongsberg. Hønefoss, Tyristrand, Hole, Norderhov og Ådal blei slått saman til storkommunen Ringerike, men i 1977 gjekk Hole ut att og heldt fram som eigen kommune.

Buskerud blei oppretta som amt i 1685, då det blei skilt ut frå Akershus stiftsamt. Amtet heitte først Ringerike, Hallingdal, Eiker og Buskerud amt, men namnet blei seinare korta ned til Buskerud. Fylket blir i mange samanhengar delt i regionar som følgjer natur og folkesetnad. Dalføra Numedal og Hallingdal er naturlege regionar, medan byane Hønefoss, Kongsberg og Drammen er senter i eigne regionar.

Frå 1.1.2020 blir talet på kommunar i Buskerud redusert frå 21 til 18. Røyken og Hurum slår seg saman med Asker i Akershus. Drammen og Nedre Eiker slår seg saman med Svelvik i Vestfold.

1.1.2020 blir Buskerud slått saman med Østfold og Akershus til ein ny region. Eit fleirtal på Stortinget beståande av dei fire borgarlege partia vedtek dette våren 2017.

Demografi

I Buskerud er folketettleiken og urbaniseringsgraden omtrent som landsgjennomsnittet. 81,2 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,4 % i heile landet. Folk bur tettast i låglandet, medan dei indre stroka er meir grisgrendte. Fylket har det femte største byområdet i landet, Drammen (116 446), rekna etter folketalet innanfor det tettbygde området (innb.). Andre byar og større tettstader er Kongsberg (21 890 innb.), Hønefoss (15 602 innb.). Innbyggjartala er frå 2017.

Folketalet i Buskerud har auka gjennom heile etterkrigstida. Frå 1946 til 2014 steig det med 82 %, men då må ein ha i mente at fylket på grunn av grenseendringar blei tilført kring 15 000 innbyggjarar i 1964. Buskerud hadde stort fødselsoverskot i 1950- og 60-åra, men dette skrumpa inn i løpet av 1970-åra. Sidan slutten av 1980-åra har fylket igjen hatt aukande fødselsoverskot. I 1950-åra gjekk flyttestraumen hovudsakleg ut av Buskerud, men dette snudde i 1960-åra, og seinare har fylket dei fleste åra hatt netto innflytting. Sidan midten av 2000-talet har innflyttinga auka på grunn av innvandring. I 2015 var 15,5 % av innbyggjarane i Buskerud fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Buskerud fylkeskommune ligg i Drammen, med eigne avdelingar for tannhelse, utvikling, samferdsel og utdanning. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Drammen, Eiker, Gol, Hønefoss, Kongsberg, Lier, Nore, Røyken, Ål og Åmot, og folkehøgskule på Hønefoss. Fylket har òg fem andre folkehøgskular og fagskule i Kongsberg.

Foto frå Drammen. Foto: Zen Whisk, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Foto frå Drammen. Foto: Zen Whisk, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Buskerud har fem regionråd: Hallingdal (kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål), Ringeriksregionen (Ringerike og Hole, og i tillegg Jevnaker i Oppland), Midt-Buskerud (Krødsherad, Modum og Sigdal), Kongsbergregionen (Kongsberg, Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal, og i tillegg fleire kommunar i Telemark) og Vestregionen (Drammen, Hole, Hurum, Lier, Modum, Nedre Eiker, Ringerike, Røyken, Sigdal, Krødsherad og Øvre Eiker, og fleire kommunar i Vestfold og Akershus).

Fylket ligg under Borgarting lagmannsrett og er delt i fire tingrettsdistrikt: Hallingdal, Ringerike, Kongsberg og Eiker og Drammen. Det er ein del av Sør-Aust politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Sør-Aust og ligg under Vestre Viken helseføretak, med sjukehus i Drammen, Hønefoss og Kongsberg og avdeling i Ål. Buskerud ligg under Vegregion Sør og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Fylket høyrer til Tunsberg bispedøme og er delt i fem prosti: Hallingdal, Ringerike, Eiker, Kongsberg, Drammen og Lier.

Buskerud fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Arbeidarpartiet har vore det største og Høgre det nest største partiet ved alle fylkestingsvala i Buskerud sidan 1975, og fylkesordførarane har kome skiftevis frå desse partia. Fylkestinget har heile tida hatt borgarleg fleirtal. I perioden 2011–15 er Morten Eriksrød (H) fylkesordførar og Britt Hornstvedt (Frp) fylkesvaraordførar.

Tidlegare har som regel den sosialistiske sida hatt ei overvekt av stortingsmandata frå Buskerud, men etter 2009 har den borgarlege sida vore størst. Fylket har fostra fleire politikarar av nasjonalt format. Blant dei er Torbjørn Jagland frå Lier, som var leiar for Arbeidarpartiet i 1992–2002, statsminister i 1996–97, utanriksminister i 2000–01, stortingspresident i 2005–09 og sidan 2009 sekretær i Europarådet. Andre profilerte politikarar frå Buskerud er Kirsti Kolle Grøndahl (Ap), som mellom anna var den første kvinnelege stortingspresidenten, og stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp).

Torbjørn Jagland er ein av fleire politikarar av nasjonalt format som kjem frå Buskerud fylke. Foto: Vincent Hasselgård, Aktiv i Oslo.no, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Torbjørn Jagland er ein av fleire politikarar av nasjonalt format som kjem frå Buskerud fylke. Foto: Vincent Hasselgård, Aktiv i Oslo.no, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Språk

Buskerud fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform. Fylkesmannen i Buskerud og 13 av kommunane i fylket har bokmål som tenestemål. Fem kommunar er språkleg nøytrale, medan tre nyttar nynorsk (Gol, Hemsedal og Ål).

98 % av elevane i grunnskulen i Buskerud har bokmål som opplæringsmål, medan 2 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er polsk, litauisk, arabisk, somalisk og thai dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Buskerud høyrer til dei austnorske målføra og har kløyvd infinitiv og tjukk l. Det går eit skarpt skilje mellom målføra i flatbygdene i dei sørlege delane av fylket og fjellbygdene i nord. Flatbygdene har til dømes r‑ending i presens av sterke verb (biter, bryter, såver), noko som ikkje er tilfelle i dei indre stroka (bit, bryt, søv). I Hallingdal og øvst i Numedal seier ein e for eg, mot forma je i resten av fylket (lengst i sør eller jæi). Fjellbygdene har nektingsforma ikkje, flatbygdene itte.

Kunst, kultur og idrett

Buskerud har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Drammens Tidende (Drammen, 26 990), Ringerikes Blad (Hønefoss, 10 689), Hallingdølen (Ål, 9127), Laagendalsposten (Kongsberg, 8019), Bygdeposten (Modum, 6012), Røyken og Hurums Avis (Sætre, 3668), Lierposten (Lier, 3332), og Eikerbladet (Mjøndalen, 3179).

Tidlegare hadde NRK eige distriktskontor i Buskerud. Det er no slått saman med distriktskontora i Telemark og Vestfold til NRK Østafjells, som har hovudkontor i Porsgrunn, men NRK i fylket har framleis sine eigne radiosendingar og nettsider.

Høgskolen i Buskerud og Vestfold (HBV) blei oppretta i 2014 gjennom ei samanslåing av høgskulane i dei to fylka. HBV har studiestader i Drammen, Kongsberg og Ringerike, og dessutan på Bakkenteigen i Vestfold. Høgskulen har fakultet for helsevitskap, humaniora/utdanningsvitskap, teknologi/maritime fag og samfunnsvitskap. Til det sistnemnde fakultetet ligg òg Handelshøyskolen.

Musea i Buskerud er etter museumsreforma på 2000-talet organisert under einingane Hallingdal Museum, Lågdalsmuseet, Ringerikes Museum og Drammens Museum. Fylket si rike gruvehistorie har ein brei plass, med Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg, som er nasjonalt museum for bergverksdrift, og Blaafarveværket på Modum, som dessutan har utstillingar av klassisk nordisk kunst og samtidskunst. Eit anna senter for samtidskunst i fylket er Vestfossen Kunstlaboratorium, oppretta i ein nedlagd fabrikkbygning av kunstnaren Morten Viskum.

Inngangen til gruva Clara stoll ved Koboltgruvene, gruveområde ved Åmot i Modum. I dag er gruveområdet og tilhøyrande bygningar museumsområde, som ein del av av Stiftelsen Modums Blaafarveværk. Foto: Jørgen Schyberg, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Inngangen til gruva Clara stoll ved Koboltgruvene, gruveområde ved Åmot i Modum. I dag er gruveområdet og tilhøyrande bygningar museumsområde, som ein del av av Stiftelsen Modums Blaafarveværk. Foto: Jørgen Schyberg, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Brageteateret er regionteater for Buskerud, med base på Union Scene i Drammen. I byen ligg òg institusjonsteatret Drammen Teater, som opna i 1870, og hovudkontoret for Viken Filmsenter, som er eigd av Buskerud, Akershus, Østfold og Vestfold fylkeskommunar. Buskerud har bygd opp ein organisasjon for amatørteater, med fire regionale teaterverkstader, som er samla under stiftinga Buskerud Teater. Blant festivalane i fylket kan nemnast Folkemusikkveka på Ål, Kongsberg Jazzfestival og kammermusikkfestivalen Glogerfestspillene, også på Kongsberg.

Frå Buskerud kjem profilerte artistar som Hellbillies, Terje Jensen, alias Jonas Fjeld, og Stein Torleif Bjella, forfattarar som Karin Fossum, skodespelarar som Anne Marie Ottersen og fotografar som Johan Bryn, Knut Bry og Tom Schandy. Blant dei fremste idrettspersonane i fylket dei siste åra er skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen og fotballspelaren Martin Ødegård. Buskerud har to klubbar som har hevda seg i norsk toppfotball, Mjøndalen og Strømsgodset.

Kjelder

Ludvig Throndsen (red.): Bygd og by i Norge. Buskerud. Oslo 1980

Joar Tranøy: Psykiatriens kjemiske makt. Oslo 1995

Buskerud fylkeskommune/Terra Buskerud: historieboka.no: http://www.historieboka.no/ [lesedato 13.6.2015]

Jernbaneverket: «Sørlandsbanen», publisert 30.4.2013:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Sorlandsbanen [lesedato 13.6.2015]

Jernbaneverket: «Randsfjordbanen», publisert 22.1.2014:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Randsfjordbanen [lesedato 13.6.2015]

Jernbaneverket: «Bergensbanen», publisert 30.4.2015:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Bergensbanen [lesedato 13.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Buskerud fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_6 - KAPITTEL_6 [lesedato 13.6.2015]

Medienorge: «Oppslagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Buskerud», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/buskerud/ [lesedato 13.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Buskerud»: https://snl.no/Buskerud [lesedato 13.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Buskerud fylkeskommune

Først publisert: 15.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018