Hopp til innhold
X
Innhald

Finnmark fylke

Finnmark er det nordlegaste og største fylket i landet, samtidig som det har færrast innbyggjarar. Her ligg både Nordkapp og grensa mot Russland. Den arktiske kysten er vêrhard og ugjestmild, men havet utanfor er rikt på fisk, og under botnen ligg det store mengder olje og gass. Fylket utgjer eit kjerneområde for den samiske kulturen i Noreg.

Finnmark har vore eige fylke innanfor dei noverande grensene sidan 1866. Fylket er prega av plasseringa langt mot nord og aust, både sosialt og kulturelt. Det har vore mange konfliktar mellom samane, som har kjerneområdet sitt her, og det norske storsamfunnet. Posisjonen i grenseland gjorde fylket utsett både under andre verdskrigen og den kalde krigen i etterkrigstida. Då tyske troppar trekte seg attende mot sør i 1944–45, brende dei og øydela det meste av busetnaden og infrastrukturen i Finnmark. Under den kalde krigen utgjorde grensa mot Sovjetunionen ei høgspent politisk og militær sone. Slutten av den kalde krigen markerte derimot ei ny tid, med meir kontakt austover mot Russland.

Medan den samiske kulturen står sterkast i indre delar av fylket, er kysten prega av fiskeria som den historisk viktigaste næringsvegen. Sidan Barentshavet blei opna for utvinning av olje og gass, er Finnmark dessutan blitt eit stadig viktigare fylke for norsk petroleumsnæring.

Reinsdyr på Bugøynes i Sør-Varanger kommune. Foto: Sami Keinänen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Reinsdyr på Bugøynes i Sør-Varanger kommune. Foto: Sami Keinänen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Miljø og klima

Geografisk er Finnmark prega av nakne kystar utan skjergard som kan verne mot storhavet, og store, breie fjordar som skjer milevis inn i landet, medan innlandet er eit viddelandskap. Ein stor del av fylket er arktisk steinørken. I fjordstroka finst det meir vegetasjon, med fjellbjørk og strandenger. På Finnmarksvidda ligg store våtmarksområde, medan Pasvikdalen har mykje furuskog.

Langs kysten hekkar sjøfugl, og på Finnmarksvidda vadefugl, ender, gjæser og songsvaner. På Vidda finst det jerv, ulv og gaupe og i Pasvikdalen elg og bjørn. Vatna har bestandar av røye, aure, gjedde, sik og åbor. Fylket har fleire lakseelvar, mellom dei Altaelva, Lakselva i Porsanger og Tanavassdraget.

Berggrunnen i Finnmark kan grovt sett delast i to: Finnmarksvidda og Aust-Finnmark består av eldre grunnfjellsområde, medan kyststroka er prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga og yngre bergartar frå kambrosilur. Dei indre stroka har innlandsklima, med strenge vintrar og varme somrar, medan kysten har eit mildare kystklima. Fylket har midnattssol frå midten av mai til slutten av juli.

Historie

Mange arkeologiske funn vitnar om ein fangst- og veidekultur i Finnmark tilbake til steinalderen. I Alta ligg det største feltet med bergkunst i Nord-Europa, laga av jeger- og fangstfolk. Dette kom i 1985 med på Unesco si verdsarvliste.

Bergkunst i Alta. Dette er det største feltet med bergkunst i Nord-Europa. Foto: Jerzy Durczak («jurek d.»), Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Bergkunst i Alta. Dette er det største feltet med bergkunst i Nord-Europa. Foto: Jerzy Durczak («jurek d.»), Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Den romerske historieskrivaren Tacitus fortel om «fenni», eit veidefolk som bur ytst mot nord. Seinare tok nordmennene i bruk dette ordet som namn på samane, «finnar». Overgangen til tamreindrift hos samane er vanskeleg å tidfeste, men kan truleg knytast til uttynning av villreinflokkane etter som ein fekk nye våpen.

Dei første sikre kjeldene som vitnar om norsk busetnad i Finnmark, er frå tidleg på 1300-talet. På denne tida blei det bygd ei borg og ei kyrkje på Vardø. Utover i seinmellomalderen auka folketalet langs kysten, mykje på grunn av dei rike fiskeria. Kristian 4. reiste nordover og besøkte Vardø og Kolakysten i 1599.

Finnmark utmerkte seg med svært mange hekseprosessar på 1600-talet, noko som kan knytast til konfliktar mellom den norske staten og samane. På 1800-talet førte innvandring frå Sør-Noreg og Finland til aukande bureising i innlandsstroka og ytterlegare press mot samisk næringsliv og kultur. Styresmaktene førte ein fornorskingspolitikk som tok sikte på å gjere samane og finnane til nordmenn, men sidan 1970-åra har samane styrkt identiteten sin som urfolk. Dette skjedde ikkje minst på grunn av striden om utbygginga av Alta–Kautokeino-vassdraget, som førte til ei total omforming av norsk samepolitikk.

På 1800- og 1900-talet fekk Finnmark fleire store gruvesamfunn, mellom anna Kåfjord og Sør-Varanger, som skilde seg sterkt frå omgivnadene ikring, både økonomisk og kulturelt. Samstundes ekspanderte næringar knytte til havet og kysten: selfangst, kvalfangst og fiske. Fram til den russiske revolusjonen i 1917 var pomorhandelen – handel driven av russiske handelsmenn frå Kvitsjøområdet – viktig for fylket. Pomorane frakta mjøl og korn til Nord-Noreg, og kornvarene blei hovudsakleg bytte mot fisk og skinn.

Under andre verdskrigen blei Finnmark oppmarsjområde for fronten mot Sovjetunionen, og tyskarane hadde store troppar her. Hausten 1944 pressa den raude armeen mot vest og rykte inn i Sør-Varanger. For å stogge fienden øydela den tyske okkupasjonsmakta nesten all busetnad og infrastruktur heilt vest til Lyngen i Troms. Sivile blei tvangsevakuerte sørover, men fleire tusen finnmarkingar overvintra i 1944–45 illegalt i gammar, jordhytter og fjellholer. Etter krigen sette norske styremakter i verk eit omfattande gjenreisingsprogram for å byggje opp att Finnmark.

galleri

Sosiale forhold

Fylket låg lenge tilbake for resten av landet i økonomisk og sosial utvikling. Det er framleis skilnader, sjølv om dei er mykje mindre enn tidlegare. Finnmark har ein litt større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn landet elles. I 2013 tente 25 % av hushalda under 350 000 og 19 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i Noreg totalt. I Finnmark har dessutan ein mindre del av folket (24,7 %) høgare utdanning enn landsgjennomsnittet (30,4 %), og den forventa levealderen er lågare – 76,3 år for menn og 81,6 år for kvinner, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Samstundes ligg fylket på topp når det gjeld røykjarar. 35 % av dei vaksne finnmarkingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. Også skilsmisseraten i Finnmark er blant dei høgaste i landet. 6,9 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, mange færre enn landsgjennomsnittet (11,5 %).

Næringsliv

Næringslivet i Finnmark er i hovudsak basert på dei rike naturressursane som finst både på land og i havet utanfor. Fiske av mellom anna torsk, hyse, lodde og sei har vore og er svært viktig både for den lokale sysselsetjinga og norsk økonomi, men lønsemda i den lokale fiskeforedlinga har gått tilbake dei seinare åra. På grunn av fiskeria er det mange sysselsette i primærnæringane i fylket (6,4 %, mot 2,4 % i landet som heilskap).

Torskefiske ved Havøysund. Foto: Hans ngf, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Torskefiske ved Havøysund. Foto: Hans ngf, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

I 2002 starta utbygginga av gassfeltet Snøhvit nordvest for Hammerfest, med ein gassterminal på Melkøya utanfor byen. Dette er det største industriprosjektet i Nord-Noreg nokon gong, og det har ført til eit stort oppsving for næringslivet i distriktet. I 2011 blei olje- og gassfeltet Johan Castberg, som ligg 110 km lenger nordvest, oppdaga. Dette feltet er planlagt utbygd saman med feltet Havis, med ilandføring i Nordkapp kommune.

Jordbruket i Finnmark er avgrensa av klimaet. Heller ikkje reindrifta, som i kulturen er tett knytt til den samiske befolkninga, sysselset mange. Fylket har store førekomstar av mineral i berggrunnen, mellom anna jern, kopar og gull. Jerngruvene ved Bjørnevatn i Sør-Varanger er dei største i landet og var i drift frå 1906 til 1997. Ny drift kom i gang i 2009. I Alta finst den største førekomsten av skifer her i landet.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 75 % av dei yrkesaktive i Finnmark (mot 77 % i heile landet). Reiselivet har lite å seie økonomisk, sjølv om eit av dei største reisemåla i Noreg – Nordkapp – ligg i fylket. Dei siste par tiåra har handelen og samkvemmet med Russland auka kraftig, på grunn av samarbeidet i Barentsregionen. I 2012 blei det oppretta ei visumfri sone som strekkjer seg 30 km inn på kvar side av den norsk-russiske grensa.

Nordkapplatået. Nordkapplatået er ei 307 meter høg klippe på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark fylke. Foto: Luca Boldrini, Flickr.com CC BY 2.0.

Nordkapplatået. Nordkapplatået er ei 307 meter høg klippe på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark fylke. Foto: Luca Boldrini, Flickr.com CC BY 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Finnmark har store avstandar og eit hardt klima, og fleire vegar har kolonnekøyring og kan periodevis vere stengde om vinteren. Fylket har ingen jernbaner, men heile elleve sivile flyplassar med rutetrafikk: Hasvik, Hammerfest, Honningsvåg, Mehamn, Berlevåg, Båtsfjord, Vardø, Vadsø, Alta, Lakselv og Kirkenes. Dei tre sistnemnde inngår i stamrutenettet og har direkte flyruter til Sør-Noreg og litt utanlandstrafikk, medan dei andre er kortbaneflyplassar. Finnmark har fire europavegar: E6, som går frå grensa mot Troms via Alta, Lakselv og Karasjok til Kirkenes, E69 frå Olderfjord til Nordkapp, E75 frå grensa mot Finland ved Utsjoki til Vardø og E105 frå Kirkenes til grensa mot Russland. Den største øya som ikkje er knytt til vegnettet, er Sørøya, som har ferjesamband frå Hasvik til Øksfjord.

Administrativ og historisk inndeling

Finnmark fylke har desse 19 kommunane (norsk/nordsamisk/kvensk namn): Alta/Áltá, Berlevåg/Bearalváhki, Båtsfjord/Báhcavuotna, Gamvik/Gáŋgaviika, Hammerfest/ Hámmárfeasta, Hasvik/Ákŋoluokta, Karasjok/Kárášjohka, Kautokeino/Guovdageaidnu, Kvalsund/Fálesnuorri, Lebesby/Davvesiida, Loppa/Láhppi, Måsøy/Muosát, Nesseby/Unjárga, Nordkapp/Davvinjárga, Porsanger/Porsáŋgu /Porsanki, Sør-Varanger/Mátta-Várjjat, Tana/Deatnu, Vadsø/Čáhcesuolu og Vardø/Várggát. Hammerfest, Vadsø og Vardø er historiske byar, medan Alta, Honningsvåg (i Nordkapp) og Kirkenes (i Sør-Varanger) har fått bystatus etter 1995.

Finnmark hadde på det meste, frå 1914 til 1964, 23 kommunar. I 1964 blei Nord-Varanger slått saman med Vardø, Talvik med Alta og Polmak med Tana. I 1992 blei Sørøysund slått saman med Hammerfest. Fylket blir i mange samanhengar delt i tre regionar: Vest-Finnmark, Aust-Finnmark og Indre Finnmark (Finnmarksvidda).

Frå 1.1.2020 slår Hammerfest og Kvalsund seg saman til éin kommune. Finnmark, Troms og Nordland blir éin eller to regionar frå den same datoen. Den endelege inndelinga blir klart seinare.

Finnmark blei oppretta som amt under Trondhjems stiftamt i 1671, med namnet Vardøhus amt. I 1789 blei det slått saman med futedøma Senja og Tromsø (det seinare Troms fylke), men i 1866 blei Troms skilt ut som eige amt. Grensa mot Sverige og Finland blei fastlagd i 1751, mot Russland i 1826.

Demografi

Finnmark er, og har lenge vore, det tynnast folkesette fylket i Noreg. Det er og det minste rekna i folketal. Samtidig har fylket minst spreidd busetnad i Nord-Noreg, og det er meir urbanisert enn fleire fylke i Sør-Noreg, noko som delvis er ei følgje av atterreisingspolitikken etter andre verdskrigen. 76,4 % av folket bur i tettbygde strok, litt under landsgjennomsnittet (80 %). Byane og tettstadene er likevel gjennomgåande små. Størst er Alta (14 272 innbyggjarar i tettbygd område), Hammerfest (7568 innb.), Vadsø (5116 innb.) og Kirkenes (3498 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Finnmark nådde sitt høgaste i 1975, med 79 413 innbyggjarar, seinare har det svinga litt opp og ned. Ein del utkantstrok fekk merke fråflyttinga tidleg i etterkrigstida, og nokre fiskevær er heilt avfolka, til dømes Makkaur og Hamningberg. I 1950- og 60-åra hadde fylket eit stort fødselsoverskot som gav folkevekst, men fødselstala skrumpa inn i løpet av 1970-åra. Med få unntak hadde Finnmark større utflytting enn innflytting frå 1950 til 2008. Sidan 2009 har derimot fylket hatt netto innflytting på grunn av innvandring. I 2015 var 12,7 % av innbyggjarane i Finnmark fødde i utlandet, dei fleste truleg i Russland. Av dei 15 005 personane som er innskrivne i samemanntalet i Noreg, bur 51 % i Finnmark.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Finnmark fylkeskommune ligg i Vadsø, med eigne avdelingar for tannhelse, plan og kultur, opplæring, samferdsel og næring. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Alta, Hammerfest, Kirkenes, Lakselv, Honningsvåg, Tana, Vadsø og Vardø og folkehøgskule i Pasvik. I Karasjok ligg Samisk vidaregåande skule, som er statleg og har heile landet som inntaksområde. Tidlegare dreiv fylkeskommunen dei fleste lokale bil- og båtrutene og alle ferjerutene i fylket gjennom Finnmark fylkesrederi og ruteselskap, men i 2003 blei selskapet selt til Connex Norge.

Finnmark har tre regionråd: Vest-Finnmark (kommunane Alta, Hammerfest, Hasvik, Kvalsund, Loppa, Måsøy og Nordkapp), Øst-Finnmark (Berlevåg, Båtsfjord, Gamvik, Lebesby, Nesseby, Sør-Varanger, Tana, Vadsø og Vardø) og Ávjovárri urfolksregion (Karasjok, Kautokeino og Porsanger).

Fylket ligg under Hålogaland lagmannsrett og er delt i fire tingrettsdistrikt: Alta, Hammerfest, Indre Finnmark og Aust-Finnmark. Det er delt i to politidistrikt: Vest-Finnmark og Aust-Finnmark. Finnmark høyrer til Helseregion Nord og utgjer eitt helseføretak, Finnmarkssjukehuset, med sjukehus i Hammerfest og Kirkenes og spesialistavdelingar i Alta og Karasjok. Fylket ligg under Vegregion Nord og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Nord-Hålogaland bispedøme og er delt i fire prosti: Alta, Hammerfest, Indre Finnmark og Varanger.

Finnmark fylke er ein del av Barentsregionen, som omfattar tre fylke i Noreg, to len i Sverige, tre landskap i Finland og fem provinsar i Russland.

I 2013 feira Barentssamarbeidet 20 år. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg var vert under feiringa i Kirkenes 3.-4. juni 2013, der mellom anna Russlands statsminister Dmitry Medvedev var gjest. Foto: Kilian Munch, kredit: Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

I 2013 feira Barentssamarbeidet 20 år. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg var vert under feiringa i Kirkenes 3.-4. juni 2013, der mellom anna Russlands statsminister Dmitry Medvedev var gjest. Foto: Kilian Munch, kredit: Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Politikk

Finnmark er eit raudt fylke politisk sett. Arbeidarpartiet har hatt fylkesordføraren heilt sidan 1964, med unntak av 2005–07, då SV sin fylkesvaraordførar, Kirsti Saxe, rykte opp fordi Helga Pedersen blei statsråd. Arbeidarpartiet hadde i fleire periodar i 1970- og 80-åra reint fleirtal i fylkestinget. Seinare har dei hatt fleirtal saman med SV dei fleste periodane, men etter 2011 treng denne koalisjonen støtte frå eitt anna parti. I perioden 2011–15 er Runar Sjåstad (Ap) fylkesordførar og Ann-Solveig Sørensen (Ap) fylkesvaraordførar.

Også ved stortingsvala har Arbeidarpartiet og SV hatt fleirtal i fylket, med tre av fire eller fem representantar gjennom fleire tiår. Ein av dei mest profilerte politikarane frå Finnmark er Helga Pedersen (Ap). Ho var fiskeri- og kystminister i 2005–09 og har sidan vore stortingsrepresentant frå fylket. Sidan 2007 har ho vore nestleiar i Arbeidarpartiet og frå 2013 parlamentarisk leiar. Pedersen er den første politikaren med samisk bakgrunn på så høgt nivå i Noreg. Ein annan av dei meir framståande politikarane frå fylket var Erling Norvik (H), som var stortingsrepresentant og seinare formann i Høgre gjennom ein lang periode. Anders Aune sat i 1989–93 på Stortinget for lista Framtid i Finnmark, som blei etablert i ei tid med sterk misnøye med dei etablerte partia sin politikk for fylket.

Ei svært viktig politisk sak i Finnmark har vore forholdet mellom nordmenn og samar. I samband med utbygginga av Alta–Kautokeino-vassdraget i 1979–81 blokkerte demonstrantar anleggsvegen, og samar sveltestreika framfor Stortinget, i det som er den største sivile ulydnadsaksjonen i noregshistoria. Vassdraget blei utbygd, men saka blei likevel eit gjennombrot for samane sine rettar som urfolk.

Altaaksjonen, folkeaksjonen mot Altautbygginga. Foto: Riksarkivet, Flickr.com (ingen kjende restriksjonar). Arkivreferanse: Riksarkivet, Kripos_Uc2_108.

Altaaksjonen, folkeaksjonen mot Altautbygginga. Foto: Riksarkivet, Flickr.com (ingen kjende restriksjonar). Arkivreferanse: Riksarkivet, Kripos_Uc2_108.

I 1989 blei Sametinget i Noreg oppretta, med administrasjon i Karasjok. Det er eit folkevalt organ som skal sikre samane politiske representasjon og medverknad. Sametinget har som arbeidsområde alle saker som vedkjem det samiske folket i Noreg, og det forvaltar dessutan ein del ansvarsområde som er delegert frå staten. Sametingsvala blir haldne samtidig med stortingsvala. For å kunne røyste må ein vere innskriven i samemanntalet, og vilkåret for det er at ein må erklære at ein oppfattar seg som same og har samisk som heimespråk, eller at minst ein av foreldra, besteforeldra eller oldeforeldra har eller har hatt samisk som heimespråk, eller at ein er barn av ein som er registrert i manntalet.

Finnmarkslova frå 2005, som regulerer rettane til grunn og naturressursar i fylket, inneber eit nytt steg for å sikre samane sine rettar som urfolk. Men lova har vore omstridd, ikkje minst fordi mange meinte at ho sette reindriftsnæringa i ei særstilling. Lova har heller ikkje løyst problema med for mange reinsdyr i høve til beiteressursane i Finnmark.

Sametinget, plenumssalen. Foto: Denis Caviglia, Sámediggi - Sametinget på Flickr.com CC BY 2.0.

Sametinget, plenumssalen. Foto: Denis Caviglia, Sámediggi - Sametinget på Flickr.com CC BY 2.0.

Språk

Finnmark fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform, medan fylkesmannen i Finnmark har bokmål som tenestemål. Fire av kommunane i fylket er nøytrale når det gjeld tenestemål (Hammerfest, Nordkapp, Gamvik og Båtsfjord), resten nyttar bokmål.

Dei fleste som snakkar samisk i Noreg, bur i Finnmark eller kjem frå fylket, og fem av kommunane ligg innanfor forvaltningsområdet for samisk språk: Kautokeino/Guovdageaidnu, Karasjok/Kárášjohka, Tana/Deatnu, Nesseby/Unjárga og Porsanger/Porsáŋgu. Her er samisk (nordsamisk) og norsk likestilte språk. Desse språkreglane gjeld også for Finnmark fylkeskommune.

24 unge samiske språkambassadørar som deltok i Sametinget si språkkampanje «Snakk samisk te`mæ»/«Sámás muinna». Frå språkkonferanse i Tromsø i oktober 2013. Foto: Hanne Holmgren Lille/Sametinget, kredit: Sámediggi Sametinget på Flickr.com CC BY 2.0.

24 unge samiske språkambassadørar som deltok i Sametinget si språkkampanje «Snakk samisk te`mæ»/«Sámás muinna». Frå språkkonferanse i Tromsø i oktober 2013. Foto: Hanne Holmgren Lille/Sametinget, kredit: Sámediggi Sametinget på Flickr.com CC BY 2.0.

7,9 % av elevane i grunnskulen i fylket har samisk som opplæringsmål, resten bokmål. Fylket har ei stor kvensktalande minoritetsgruppe, ikkje minst i Porsanger og Varanger, og i Børselv ligg Kvensk institutt – eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur. Av innvandrarspråk er arabisk, litauisk, somalisk, spansk og thai dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Finnmark høyrer til dei nordnorske målføra. Det går eit skilje mellom indre strok, som saman med Loppa, Kiby og Ekkerøy har e‑mål (å vise, ei vise), medan kyststroka elles har e‑/a‑mål (å vise, men ei visa). I kystområda finn vi palatalisering i trykktunge stavingar (bajllan), i dei indre områda ikkje. I Finnmark seier ein for det meste æ, mot forma eg i Nord-Troms.

Kunst, kultur og idrett

Finnmark har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Finnmark Dagblad (Hammerfest, 6079), Finnmarken (Vadsø, 5492), Altaposten (Alta, 4218), Sør-Varanger Avis (Kirkenes, 3646), Ságat (2782, Lakselv, samiskspråkleg), Østhavet (Vadsø, 1608), Kyst og Fjord (Kjøllefjord, 1824), Finnmarksposten (Honningsvåg, 1238), Hammerfestingen (Hammerfest, 1330) og Ávvir (Karasjok/Kautokeino, 1084, samiskspråkleg).

NRK Finnmark blei oppretta i 1934 som statskringkastinga sitt første distriktskontor. I 2003 blei det slått saman med NRK Troms, men i 2015 blei NRK Finnmark skilt ut att som eige distriktskontor, med hovudkontor i Alta. NRK har elles eigen divisjon for samiske programtilbod, NRK Sápmi, med hovudkontor i Karasjok.

Høgskolen i Finnmark fusjonerte i 2013 med Universitetet i Tromsø og fekk namnet Finnmarksfakultetet. Fakultetet har hovudkontor i Alta og har tre institutt: Institutt for barnevern og sosialt arbeid, Institutt for reiseliv og nordlege studiar, og Idrettshøgskolen. I Karasjok ligg Samisk høgskole, med studiar innanfor mellom anna reindrift og pedagogikk.

I Finnmark ligg mange av forlaga som gir ut bøker på samisk, mellom dei Davvi Girji, Dat forlag og ČálliidLágádus. Dei norske musea i Finnmark er etter museumsreforma på 2000-talet organisert under tre einingar: Alta Museum, Museene for kystkultur og gjenreisning og Varanger Museum. I tillegg kjem dei samiske musea som ligg under RiddoDuottarMuseat og Tana og Varanger museumsstiftelse.

I Finnmark blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk, mellom dei Finnmark internasjonale litteraturfestival, Varangerfestivalen (musikk, kunst, teater), Pomorfestivalen og Nordkapp Filmfestival. Fleire arrangement er knytte til det polare, barske klimaet og blir haldne om vinteren, til dømes Blues i vintermørket, Mørketidsfestivalen og trekkhundløpet Finnmarksløpet.

Sjå video frå Finnmarksløpet 2015 av Jan Helmer Olsen:

Hålogaland Teater er regionteater for Finnmark og Troms. Under Finnmark fylkeskommune ligg kulturinstitusjonen Scene Finnmark, som har knytt til seg landsdelsmusikarar, den samiske musikkinstitusjonen Sápmi Music, ungdomsportalen Ung Artist og Den kulturelle skulesekken. Det viktigaste frittståande teateret i fylket er Samovarteateret i Kirkenes.

Frå Finnmark kjem fleire framståande filmskaparar, mellom anna Knut Erik Jensen, Nils Gaup og Tommy Wirkola. Innanfor samisk musikk har Mari Boine utvikla eit særeige uttrykk, med ei fornying av joiken kopla til element av jazz, rock og folkemusikk. Ein annan framståande jazzmusikar frå fylket er Bodil Niska. Blant fylket sine fremste idrettsutøvarar i nyare tid er skiløparane Vegard Ulvang og Kristin Størmer Steira og fotballspelarane Sigurd Rushfeldt og Morten Gamst Pedersen.

I Nord-Troms og Finnmark er reglane friare enn elles i landet når det gjeld snøskuterkøyring, og det finst ei rekkje tilrettelagde løyper. Det er difor mykje meir utbreidd med snøskuterar her enn elles i landet.

Kjelder

Reidar Hirsti (red.): Bygd og by i Norge. Finnmark. Oslo 1979

Nettsidene til Kvensk institutt: http://www.kvenskinstitutt.no [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Finnmark fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_19#KAPITTEL_19 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Finnmark», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/finnmark/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Samelovens språkregler og forvaltningsområdet for samisk språk», sist oppdatert 12.8.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom/id633281/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Fakta om samiske språk», sist oppdatert 3.11.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/#2 [lesedato 12.6.2015]

Sametinget: «Sametingets valgmanntal 2013», sist oppdatert 14.5.2013:

https://www.sametinget.no/Valg-og-manntall/Kampanjeside/Valgmanntall/Sametingets-valgmanntall-2013 [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon og Svein Askheim: «Finnmark», sist oppdatert 16.4.2015: https://snl.no/Finnmark [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Finnmark fylkeskommune

Først publisert: 09.03.2016
Sist oppdatert: 03.01.2018