Hopp til innhold
Prest i Bryne kyrkje. Foto: Leif Harbo CC BY SA 3
Prest i Bryne kyrkje. Foto: Leif Harbo CC BY SA 3
X
Innhald

Kyrkjeval

Kyrkjevalet er valet der medlemmer av Den norske kyrkja vel sokneråd og bispedømeråd. Kyrkjevalet vert halde kvart fjerde år.

Ved kyrkjevalet kan medlemmer over 15 år i Den norske kyrkja velje representantar til soknerådet. Kvart sokn har eit sokneråd, og er det fleire sokn i ein kommune, har kommunen eit felleskyrkjeleg råd.

Soknerådet

Soknerådet er samansett av soknepresten og 4, 6, 8 eller 10 andre medlemmer, som vert valde ved fleirtals- eller forholdstalsval for 4 år, etter reglar fastsette av Kyrkjemøtet. Soknerådet har omfattande oppgåver, som er definerte i kyrkjelova. Soknerådet forvaltar midlane til soknet, har ansvaret for mellom anna dåps- og konfirmantundervisning, og det har arbeidsgivaransvar for tilsette som ikkje er prestar. Soknerådet står òg for utleige av kyrkja, har oppgåver knytte til gudstenestene, medverkar ved tilsetjing av prestar i soknet og har i tillegg fleire andre oppgåver.

Bispedømerådet

Under kyrkjevalet skal det òg veljast representantar til bispedømeråda. 77 av 116 medlemmer i bispedømeråda vert valde under kyrkjevalet. Resten er tilsette i Den norske kyrkja. I bisperådet sit biskopen, ein prest, ein kyrkjeleg tilsett og sju andre som er valde av soknerådsmedlemmene i bispedømet. Bispedømerådet fordeler statlege tilskot innanfor undervisning, tilsett prestar i sokna og skal fremje samarbeid mellom dei ulike sokneråda.

For å kunne verte vald inn i soknerådet eller bispedømerådet, må ein stå på ei liste, vere medlem av Den norske kyrkja og vere over 18 år. Under kyrkjevalet i 2015 vart det for første gong opna for alternative lister.

Representantar for prestar og andre kyrkjelege tilsette vert valde separat.

Røysterett

For å kunne røyste ved kyrkjevalet på ein vere medlem i Den norske kyrkja og vere fylt 15 år i valåret. Ein røystar i det soknet der ein er busett.

Kyrkjevalet skal skje samstundes som stortingsvalet eller kommune- og fylkestingsvalet. Dei siste åra har kyrkjevalet vore lagt på same dag som kommune- og fylkestingsvalet. Vallokalet er i same bygning, men i eit anna rom. Ein kan kumulere inntil tre kandidatar og føre over tre namn frå ei anna liste. Veljarar kan førehandsrøyste på same måten som ved ordinære val.

Under kyrkjevalet skal det veljast representantar til 1237 sokneråd og 11 bispedømeråd. Valdeltakinga ved kyrkjevalet har historisk sett vore lågare enn ved både stortingsval og kommune- og fylkestingsval. I 2015 var valdeltakinga 16,7 prosent.

Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja og er samansett av medlemmene i bispedømeråda pluss leiaren av Samisk kyrkjeråd.

Kjelder

Den norske kyrkja: «Fakta om kirkevalget»: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/fakta-om-kirkevalget/ [lesedato 10.6.2015]

«Lov om Den norske kirke (kirkeloven)»: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1996-06-07-31#KAPITTEL_1 [lesedato 10.6.2015]

Den norske kyrkja: «Valhandbok. Kyrkjevalet 2015»: https://kirken.no/globalassets/kirken.no/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/2015/for-medarbeidere/valghaandboken_kirkevalget_2015.pdf [lesedato 10.6.2015]

Den norske kyrkja: «Menighetsråd/sokneråd»: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/menighetsrad/ [lesedato 22.7.2015]

Alf Gjøsund: «Den brysomme åpenheten», publisert i Vårt Land 7.5.2015: http://www.vl.no/meninger/kommentar/den-brysomme-%C3%A5penheten-1.356266 [lesedato 22.7.2015]

Bendik Løve: «Sokn kan gå dukken», publisert i Vårt Land 20.7.2015: http://www.vl.no/nyhet/sokn-kan-g%C3%A5-dukken-1.376093 [lesedato 22.7.2015]

Aleksander Nordby: «Kjemper for homofile i kirkevalget», publisert 11.5.2015, nrk.no: http://www.nrk.no/ho/kjemper-for-homofile-i-kirkevalget-1.12354639 [lesedato 10.6.2015]

Peikarar

Nettstaden til Den norske kyrkja 

Nettstaden til Åpen folkekirke

Temaside om kyrkjeval på kirken.no

«Rekordvalg i kirken», om valresultatet etter kyrkjevalet i 2015

«Menighetsråd/sokneråd» på kyrkja.no

«Bispedømmeråd» på kyrkja.no

Først publisert: 25.08.2015
Sist oppdatert: 17.04.2018