Hopp til innhold
X
Innhald

Formannskap

Formannskapet er det viktigaste kommunale utvalet i dei kommunestyra som har formannskapsordning. Saker som kommunestyret har delegert til formannskapet, blir avgjorde der.

Formannskapet behandlar saker som skal til kommunestyret, men kan òg gjere vedtak i saker som kommunestyret har delegert. Dette gjer at kommunestyret kan prioritere dei sakene det er usemje om. Formannskapet er sett saman av folkevalde frå kommunestyret. Kommunelova slår fast at formannskapet skal behandle forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak for kommunen. Kommunestyret kan elles bestemme kva for andre saker formannskapet skal ha ansvar for. Formannskapet blei innført med formannskapslovene i 1837.

Det skal vere minst fem medlemer i formannskapet. Dei sit også i kommunestyret og er valde av kommunestyret. Samansetjinga av medlemer speglar fordelinga av representantar mellom partia som er representerte i kommunestyret. Ordføraren og varaordføraren blir valde blant medlemene i formannskapet. Det er rådmannen som på vegner av administrasjonen førebur sakene til formannskapet.

Formannskapet møter langt oftare og behandlar fleire saker enn kommunestyret. Fordi formannskapet speglar fordelinga av partia, vil i realiteten mange saker bli avgjorde før dei kjem til kommunestyret. Formannskapet blir derfor ofte sett på som det viktigaste politiske organet i kommunen, sjølv om det er kommunestyret som formelt sett er det øvste organet. Det å vere medlem av formannskapet er derfor eit av dei viktigaste politiske verva eit kommunestyremedlem kan ha.

I kommunar som har ein parlamentarisk styringsmodell, fell formannskapet bort. I staden vel eit fleirtal i kommunestyret eit kommuneråd (også kalla byråd). Dette gjer at kommunestyret blir delt i ein tydelegare posisjon og opposisjon, og systemet minner såleis meir om slik politikken fungerer på Stortinget. Ordninga med formannskap fremjar derimot konsensusløysingar og samarbeid mellom alle partia, fordi formannskapet speglar partifordelinga i kommunestyret. Likevel kan det også her vere meir eller mindre faste og formelle samarbeid mellom ulike parti, til dømes om budsjetta.

Kjelder

Jon H. Fiva, Terje P. Hagen og Rune J. Sørensen. Kommunal organisering. Effektivitet, styring og demokrati. Oslo 2014

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107 [lesedato 31.3.2018]

Peikarar

KS, interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane, ks.no 

Kommunal Rapport (eigd av KS), ei avis som dekkjer kommunesektoren, kommunal-rapport.no 


Først publisert: 09.08.2018
Sist oppdatert: 09.08.2018