Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkeskommune

Fylkeskommune, nemning på fylket når det blir oppfatta som ei regional eining for sjølvstyre. Lova om formannskap på landet av 1837 innførte eit amtsformannskap (frå 1918 fylkesting). Frå 1961 vart representantane til fylkestinget valde av kommunestyra. Samtidig vart også byane medlemmer av fylkestinget. Sidan 1975 har innbyggjarane i fylka valt representantar til fylkestinget direkte, samtidig med kommunevala. Samtidig opphøyrde fylkesmannen å vere leiar for fylkesadministrasjonen. Tidlegare hadde utgiftene til fylkeskommunen vorte dekte av ein skatt som dei enkelte kommunane betalte, men frå 1977 vart det innført direkte fylkesskatt som skattytarane i fylket betaler.
Fylkestinget er det øvste organet i fylkeskommunen og fungerer som kommunestyret gjer i kommunane. Medlemmene blir valde ved direkte val for fire år om gongen. Hovudoppgåvene til fylkeskommunen omfattar helserelaterte oppgåver (unnateke sjukehusdrift frå 2002), vidaregåande opplæring og anlegg og vedlikehald av fylkesvegane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012