Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesordførar

Fylkesordføraren er den øvste politiske valde leiaren i ein fylkeskommune. Han eller ho er fylkeskommunen sin rettslege representant og leier møta i fylkestinget.

Fylkesordføraren er den fremste folkevalde i norske fylkeskommunar. Det er medlemene av fylkestinget som avgjer kven som skal vere fylkesordførar. Fylkesordføraren blir vald for ein periode på fire år. I fylkeskommunar som blir styrte etter formannskapsmodellen, skal ordføraren veljast blant medlemene i fylkesutvalet. I fylkeskommunar med parlamentarisk styreform kan fylkesordføraren veljast blant medlemene i heile fylkestinget.

Fylkesordføraren har som oppgåve å leie møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og å representere fylkeskommunen i ulike samanhengar. Han er fylkeskommunen sin rettslege representant og skriv under på vegner av fylkeskommunen når denne retten ikkje er delegert til andre.

Dersom fylkesordføraren vel å forlate vervet sitt, må det veljast ein ny. Dersom det skjer på mellombels basis, går fylkesvaraordføraren inn i stillinga. Ein fylkesvaraordførar blir vald samstundes med fylkesordføraren.

Det har i mange år vore ein diskusjon om det regionale nivået i Noreg. I april 2016 la regjeringa fram ei stortingsmelding som skisserte samanslåing av fylka til om lag ti regionar. Dette skal framleis vere eit folkevalt styringsnivå. Ei rekkje fylkesordførarar har vore synlege i debatten og gjort det klart at dei stiller seg positive til samanslåing av fylke, så sant det regionale nivået får fleire oppgåver enn det fylka har i dag.

Kjelder

Aftenposten: «Mer makt til folket», aftenposten.no, publisert 3.1.2016: http://www.aftenposten.no/meninger/Mer-makt-til-folket-15964b.html [lesedato 3.7.2018]

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107#KAPITTEL_2 [lesedato 3.7.2018]

Rita Kleven og Lars Erik Skjærseth: «– Nye regioner et skritt i riktig retning», nrk.no, publisert 5.4.2016: https://www.nrk.no/trondelag/_-nye-regioner-et-skritt-i-riktig-retning-1.12885256 [lesedato 3.7.2018]

Meld. St. 22 (2015-2016): «Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-22-20152016/id2481778/ [lesedato 03.07.2018]

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018