Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunalt sjølvstyre

I Noreg kan kommunane ta på seg dei oppgåvene dei vil, så lenge ikkje Stortinget har vedteke noko anna ved lov.

Kommunalt sjølvstyre vil seie at kommunane har rett til å styre over lokale saker. Det kommunale sjølvstyret kan vere positivt eller negativt avgrensa. Ved positiv avgrensing kan ikkje kommunane ta på seg andre oppgåver enn det staten har fastsett ved lov. Negativ avgrensing vil derimot seie at dei kan ta ansvar for det dei ønskjer, med mindre staten har vedteke noko anna i ei lov. Medan Storbritannia har praktisert positiv avgrensing, har kommunane i dei nordiske landa negativt avgrensa sjølvstyre.

 

Det er Grunnlova og kommunelova som ligg til grunn for det kommunale sjølvstyret. Grunnlova slår fast at «innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ» (Grunnlova § 49). Paragrafen seier likevel ikkje noko om kommunar spesifikt. Det er kommunelova som slår fast at det skal vere kommunar og fylkeskommunar, og korleis dei skal vere organiserte.

 

Kor fritt kommunane rår over inntektene sine, er viktig for utøvinga av sjølvstyret. I Noreg kjem om lag 70 prosent av inntektene frå skattar som kommunane krev inn sjølve, eller frå statlege overføringar som dei kan avgjere korleis skal brukast.

 

Sjølv om kommunane rår over store inntekter, er likevel sjølvstyret sterkt innskrenka av staten. Dei mange klart og detaljert definerte oppgåvene staten legg på kommunane, øyremerking av tilskot og staten sitt tilsyn med oppgåveløysinga er døme på slike innskrenkingar.

 

Innbyggjarar i Larvik protesterer i samband med eit kommunestyre om eit framlegg til privatisering i kommunen i 2011. Foto: tomkri2000, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Innbyggjarar i Larvik protesterer i samband med eit kommunestyre om eit framlegg til privatisering i kommunen i 2011. Foto: tomkri2000, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Innføringa av det kommunale sjølvstyret i Noreg

Det var med formannskapslovene i 1837 at det kommunale sjølvstyret blei innført i Noreg. Desse lovene etablerte kommunar og kommunestyre over heile landet. Inntil då var lokalsamfunna i stor grad styrte av embetsmenn på vegner av staten. Krav om meir innverknad, først og fremst frå bøndene, låg bak innføringa av formannskapslovene (Myhre, 2015). Formannskapslovene er sidan blitt avløyste av fleire kommunelover.

 

Dei nye kommunane fekk ansvar for dei fattige, skulane, kyrkjene og vegane. Den første tida var likevel prega av ein skepsis lokalt mot å ta på seg større oppgåver. Det var først utover på 1800-talet at aktiviteten i kommunane auka. På denne tida dominerte bøndene dei nye kommunestyra.

 

Heradsstyret i Åsen herad (seinare ein del av Levanger kommune) 1952–1955. Kjelde: Åsen Museum og Historielag, Flickr.com CC BY 2.0.

Heradsstyret i Åsen herad (seinare ein del av Levanger kommune) 1952–1955. Kjelde: Åsen Museum og Historielag, Flickr.com CC BY 2.0

 

Innhaldet i det kommunale sjølvstyret

Kommunane har etter den andre verdskrigen spela ei sentral rolle i utviklinga av velferdssamfunnet i Noreg. Utbygginga av sentrale velferdsoppgåver som grunnskule, barnehage, helse- og omsorgstenester og sosialtenester har i stor grad vore løyst gjennom kommunane. Dette har ført til at kommunane forvaltar ein stor del av produksjonen av velferdstenester.

Frå eit klasserom på ein ungdomsskule. Opplæring på grunnskulenivå er eit kommunalt ansvar. Foto (2015): Ingun A. Mæhlum / Senter for IKT i utdanningen på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Frå eit klasserom på ein ungdomsskule. Opplæring på grunnskulenivå er eit kommunalt ansvar. Foto (2015): Ingun A. Mæhlum / Senter for IKT i utdanningen på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

 

Kommunane har såleis fungert som eit instrument for gjennomføring av ein politikk som er bestemt på nasjonalt nivå, sjølv om dette ikkje er det same som sjølvstyre. I røynda gjer nasjonale standardar og forventningar om likskap i tenestetilbodet på tvers av kommunane sjølvstyret mindre. I rolla som tilsyn og klageinstans overfor kommunane sine tenester og vedtak har dessutan fylkesmannen høve til å overprøve vedtak som kommunane gjer.

 

Kommunane har òg blitt rekna som ein viktig arena for opplæring i demokrati. Dei fleste stortingsrepresentantane har tidlegare sete i eit kommunestyre. Kommunestyra kan slik sett fungere som ein inngang til politikken og vere starten på ein politisk karriere.

 

Strid om grunnlovsfesting av det lokale sjølvstyret

Det kommunale sjølvstyret har likevel vore omstridd. Avveginga mellom dette prinsippet og omsynet til gjennomføring av nasjonale målsetjingar har vore ei sentral konfliktlinje. Dette har mellom anna kome til uttrykk i spørsmålet om grunnlovsfesting.

 

I 1989 ratifiserte Noreg Europarådet sitt charter om lokalt sjølvstyre. Charteret la til grunn ei grunnlovsfesting av retten til lokalt sjølvstyre. Dette har vore foreslått fleire gonger, men er blitt avvist kvar gong. Det var først i 2016 at ei formulering om det lokale sjølvstyret blei teken inn i Grunnlova.

 

Motviljen mot å grunnlovsfeste det kommunale sjølvstyret har vore grunngitt ut frå særleg to omsyn. For det første har ein peika på at det kommunale sjølvstyret allereie står sterkt, slik at ei grunnlovsfesting er unødvendig. Ei anna innvending har vore at det kan kome til å leggje for sterke band på staten si evne til å styre.

 

Av argument for ei grunnlovsfesting har det særleg vore trekt fram at Noreg forplikta seg til dette gjennom Europarådet sitt charter. Det har også vore peika på at Noreg er eit av få land i Europa som ikkje har hatt ei slik formulering.

 

Kjelder

Harald Baldershei og Lawrence E. Rose (red.): Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Bergen 2014

Harald Baldersheim og Eivind Smith (red.): Lokalt demokrati uten kommunalt selvstyre? En publikasjon fra Demokratiprogrammet ved Universitetet i Oslo. Oslo 2011

Jon H. Fiva, Terje P. Hagen og Rune J. Sørensen: Kommunal organisering. Effektivitet, styring og demokrati. Oslo 2014

Innst. 182 S (2015-16), innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om grunnlovsfesting av lokaldemokratiet

 

Kongeriket Noregs grunnlov, lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1814-05-17-nn [lesedato 24.10.2017]

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107 [lesedato 21.10.2017]

Jan Eivind Myhre: «Regionenes og lokalsamfunnenes Norge», norgeshistorie.no, publisert 25.11.2015: https://www.norgeshistorie.no/bygging-av-stat-og-nasjon/makt-og-politikk/1411-regionenes-og-lokalsamfunnenes-norge.html [lesedato 24.10.2017]

 

Peikarar

Temaartikkel frå NRK i høve 170-årsmarkeringa for formannskapslovene 

Først publisert: 01.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018