Hopp til innhold

Kommunestyre

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i ein kommune. Det behandlar saker som kommunen har ansvar for, og vedtek budsjett for kommunen.

Kommunestyret, kan òg bli kalla heradsstyre eller bystyre, er lovpålagt. Det har ansvaret for økonomien til kommunen og vedtek budsjett og godkjenner rekneskapen. Kommunestyret blei innført med formannskapslovene i 1837. Dei fleste land har kommunar eller tilsvarande lokale organ.

 

Medlemene i kommunestyret er politikarar og blir i Noreg valde kvart fjerde år ved kommunevalet. Det er ikkje noka øvre grense for kor mange medlemer eit kommunestyre skal ha, men kommunelova fastset fleire minstetal etter kor mange som bur i kommunen. Ikkje noko kommunestyre kan ha færre enn 11 medlemer. Medlemene representerer dei same politiske partia som stiller til stortingsval. I tillegg finst det òg lokale lister.

 

Kommunestyret vel ordførar og medlemer til formannskapet. Formannskapsmedlemene må også vere medlemer av kommunestyret. Formannskapet møtest oftare enn kommunestyret og behandlar saker som dei har fått fullmakt av kommunestyret til å avgjere, og saker som seinare skal opp i kommunestyret. Denne delegeringa av avgjerdsmakt gjer at kommunestyret først og fremst kan bruke tid på saker det er usemje om.

 

Det er administrasjonen som førebur sakene til kommunestyret. Rådmannen (også kalla administrasjonssjef) kjem med forslag til vedtak på vegner av administrasjonen og er med på kommunestyremøta. Også medlemer kan kome med forslag, og det er fleirtalet av medlemene som gjer endeleg vedtak. Medlemer av kommunestyret kan òg stille spørsmål og interpellasjonar i kommunestyremøta.

 

Kommunar kan òg velje parlamentarisme som styringsform. Då vel kommunestyret eit kommuneråd (også kalla byråd) med bakgrunn i eit fleirtall av dei politiske partia. I parlamentarisk styrte kommunar erstattar kommunerådet rådmannen og formannskapet.

 

Kjelder

Jon H. Fiva, Terje P. Hagen og Rune J. Sørensen: Kommunal organisering. Effektivitet, styring og demokrati. Oslo 2014

 

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107 [lesedato 21.10.2017]

 

Peikarar

KS, interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane 

Kommunal Rapport (eigd av KS), avis som dekkjer kommunesektoren 

Først publisert: 01.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018