Hopp til innhold
X
Innhald

Konkurranseutsetjing

Konkurranseutsetjing er å la ulike verksemder konkurrere om kven som skal levere ei teneste som det offentlege finansierer. Konkurranseutsetjing fører ofte til strid i lokalpolitikken.

Konkurranseutsetjing er ei form for privatisering som går ut på at ei teneste som offentlege instansar tidlegare hadde eineansvar for å levere, vert gitt til den verksemda som vinn ein anbodsrunde om å produsere tenesta. Offentlege instansar kan vere mellom dei som konkurrerer om å få oppdraget.

Ved konkurranseutsetjing er tanken at tenestene vert meir effektivt produserte, fordi konkurranse verkar skjerpande. Dessutan kan det verte ryddigare organisatorisk når det ikkje er dei same delane av ei verksemd som bestiller ei teneste, som leverer henne. Konkurranseutsetjing i kommunen krev juridisk og økonomisk kompetanse og andre typar kontroll enn ved tradisjonell kommunal styring. At kommunen har ein god organisatorisk struktur, ser ut til å vere ein føresetnad for vellukka konkurranseutsetjing.

Dei som er for privatisering og konkurranseutsetjing, høyrer oftast til på høgresida i politikken, eller dei er arbeidsgivarar. Dei meiner at konkurranseutsetjing gir meir valfridom og mindre samla kostnader. Kritikarane er ofte fagforeiningar og parti på venstresida. Dei hevdar at konkurranseutsetjing kan svekkje arbeidsvilkåra til arbeidstakarane, og at det fører til lågare bemanning. Dei meiner at det kan gå ut over kvaliteten.

Evalueringar av kva ein oppnår med konkurranseutsetjing, sprikjer. På den eine sida viser nokre evalueringar nøgde brukarar og potensial for innsparingar. På den andre sida har konkurranseutsetjing i somme tilfelle ikkje innfridd forventningane.

Ein type konkurranseutsetjing som vekkjer strid i mange av kommunane i landet, og som ofte vert eit heitt valkamptema, gjeld konkurranseutsetjing av drift av sjukeheimar. Eit anna døme på strid om konkurranseutsetjing var då Framstegspartiet sin samferdselsminister våren 2015 foreslo meir konkurranseutsetjing i togtrafikken, til protestar frå venstresida.

Kjelder

Gro Sandkjær Hanssen, Marit Kristine Helgesen og Signe Irene Vabo: Politikk og demokrati. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 3. utgåve. Oslo 2011

Rolf Rønning, Rolf og Jon Helge Lesjø: Vårt politiske Norge. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 4. utgåve. Bergen 2015

Aksel Braanen Sterri: «Ja til private i velferden», Dagbladet 18.6.2015

Heidi Gautun og Anders Kvale Havig: «Bør vi kunkurranseutsette drift av sykehjem?», NRK Ytring, publisert 16.8.2013, nrk.no: http://www.nrk.no/ytring/konkurranseutsetting-av-sykehjem-1.11183804 [lesedato 2.8.2015]

Kate Langsethagen: «Konkurranseutsetting – penger å spare», heimesida til Elverum kommune, publisert 4.3.2015, elverum.kommune.no: https://www.elverum.kommune.no/nyheter/konkurranseutsetting-penger-pa-spare.25154.aspx [lesedato 2.8.2015]

NHO Service: «Konkurranse. Et virkemiddel for bedre tjenester», nhoservice.no: http://www.nhoservice.no/getfile.php/Filer/Publikasjoner/konkhefte09lett.pdf [lesedato 2.8.2015]

Thomas Olsen: «Ap vil bruke nødbremsen mot jernbaneprivatisering», Aftenposten nett, publisert 7.6.2015, aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Ap-vil-bruke-nodbremsen-mot-jernbaneprivatisering--8047632.html [lesedato 2.8.2015]

Peikarar

Nettstaden til KS

Nettsida til arbeidsgivarorganisasjonen Abelia

Temaside om privatisering på Fagforbundet sine nettsider

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 04.09.2015