Hopp til innhold
X
Innhald

Kumulasjon (politisk)

Kumulasjon tyder at namnet på ein kandidat er teke opp att ein eller fleire gonger eller er merkt på annan måte for å gi vedkomande ekstra røyster i eit val.

I kommuneval kan kandidaten førehandskumulerast på lista med at namnet vert teke opp att ein gong. Veljaren kan kumulere kandidaten på lista med anten å føre opp namnet på vedkomande ein gong til, eller med å setje eit kryss framfor namnet. Førehandskumulerte kandidatar kan kumulerast ein gong til på denne måten.

Kumulasjon er òg eit omgrep brukt innan medisin og jus, sjå kumulasjon (medisinsk) og kumulasjon (juridisk).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.01.2013
Sist oppdatert: 11.09.2015