Hopp til innhold
X
Innhald

ROBEK

ROBEK er ei nemning på ei ordning der staten tek økonomisk kontroll over kommunar eller fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

ROBEK er ei forkorting for «Register om betinget godkjenning og kontroll». Kommunar og fylkeskommunar som har økonomien i ubalanse, vert sette på den såkalla ROBEK-lista. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som bestemmer kven som skal stå på lista. Når kommunen først er komen inn på lista, er det Fylkesmannen som følgjer opp på vegner av departementet. For fylkeskommunar som står på ROBEK-lista, er det departementet sjølv som følgjer opp og kontrollerer.

Utmelding

Å stå på ROBEK-lista vil seie at kommunen må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet eller Fylkesmannen for å ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtalar, og at budsjettvedtaka vert kontrollerte. Når kommunen har ordna opp i økonomien, kan ein kome ut av lista att. Fylkesmannen og departementet gir tett rettleiing til kommunar på lista, slik at dei skal kome seg ut. Vanlegvis er det inn- og utregistrering av ROBEK to gongar om året.

Ein av dei vanlegaste grunnane til at ein kommune hamnar på ROBEK-lista, er at kommunen går med underskot og ikkje greier å dekkje inn meirforbruket i løpet av to år.

Terra-skandalen

Åtte norske kommunar kom i store økonomiske vanskar etter ein finansskandale i 2007, som vert kalla Terra-skandalen. Dei rike kraftkommunane lånte pengar i DnB med tryggleik i framtidige kraftinntekter og investerte desse pengane i fond i USA, gjennom meklarfirmaet Terra Securities. Under finanskrisa slo Terra seg konkurs, og kommunane ville ikkje betale tilbake lån på over ein milliard kroner til DnB. Saka gjekk i rettssystemet i USA, Storbritannia og Noreg. Kommunane inngjekk forlik med DnB, men søksmålet mot konkursbuet i Terra Securities er per juli 2015 framleis ikkje avslutta, åtte år etter at Terra gjekk konkurs.

Mange på lista

Å stå på ROBEK-lista vil i praksis seie at investeringar må utsetjast, til dømes bygging av skular, kulturhus og liknande. Enkelte kommunar og fylkeskommunar må òg redusere tilbodet til innbyggjarane for å få orden på økonomien. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer kva som eventuelt skal utsetjast eller skrinleggjast.

ROBEK har eksistert sidan den nye kommunelova i 2001 og har heimel i kommunelova § 60 . På det meste var 118 av kommunane i landet innmelde i ROBEK samstundes (desember 2004). Over halvparten av norske kommunar har på eit tidspunkt vore registert i ROBEK.

Kjelder

«Kommuner som er oppført i registeret. Register om betinget godkjenning og kontroll (ROBEK)», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/nb/tema/kommuner-og-regioner/robek-2/kommuner-som-er-oppfort-i-registeret/id415422/ [lesedato 10.6.2015]

«Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)»: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107 [lesedato 10.6.2015]

«Historikk 2001–2015. ROBEK», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/nb/tema/kommuner-og-regioner/robek-2/robek-2001-2006/id415536/ [lesedato 21.7.2015]

Fylkesmannen i Buskerud: «Om å komme i ROBEK»: http://www.fylkesmannen.no/Buskerud/Kommunal-styring/Kommuneokonomi/Om-a-komme-i-ROBEK-/ [lesedato 10.6.2015]

Stein J. Bjørge: «217 kommuner har vært under statlig økonomisk kontroll», publisert 14.3.2013, aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/217-kommuner-har-vart-under-statlig-okonomisk-kontroll-7139728.html [lesedato 10.6.2015]

Andreas Wolden Fredriksen og Kristin Norli: «Nå venter milliardoppgjøret med DNB», publisert 5.5.2014, e24.no: http://e24.no/lov-og-rett/terra-saken-naa-venter-milliardoppgjoeret-med-dnb/22955215 [lesedato 21.7.2015]

Noralv Pedersen: «No startar den harde kampen om 410 Terra-millionar», publisert 15.7.2015, nrk.no: http://www.nrk.no/sognogfjordane/terra-kommunane-kjempar-om-410-millionar-1.12456231 [lesedato 21.7.2015]

Peikarar

Temaide om ROBEK på regjeringen.no

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 21.08.2015