Hopp til innhold
Stemmeurne.
Stemmeurne.
X
Innhald

Valmanntal

For å kunne røyste ved val, må du vere oppført i valmanntalet.

Valmanntal, register over dei som har stemmerett ved stortings-, fylkestings- og kommuneval. Alle valsokn skal føre eit slikt register, dvs. alle kommunane. Dette høyrer normalt under lensmannen i landkommunane og under ein tenestemann som er utpeika av regjeringa og formannskapet i byane.

I valmanntalet skal ein føre inn alle norske borgarar med stemmerett som er folkeregisterførte i valsoknet, eller som søkjer om å bli manntallsførte, samt norske borgarar som flyttar til valsoknet frå utlandet. Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har også utanlandske statsborgarar som har stått i det norske folkeregisteret dei tre siste åra før valdagen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 07.08.2015