Hopp til innhold
X
Innhald

Bompengar

Bompengar, avgift som førarar av køyretøy må betale for bruk av ein veg, ein tunnel eller ei bru.

Namnet kjem av at vegane har vore sperra av bom, men i moderne bompengeanlegg blir bompengar kravde inn automatisk med autopassbrikke eller foto av registreringsnummeret på bilen. Bruk av bompengar for å finansiere utbygging av infrastruktur har lang tradisjon i Noreg og blei nytta for finansiering av bruer allereie på 1700-talet. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018