Hopp til innhold
X
Innhald

Privatisering

Privatisering vil seie sal av offentleg eigedom til private eller at private overtek ei oppgåve frå staten eller kommunen. Privatisering er eit heitt politisk tema.

Eit viktig skilje når det gjeld omgrepet privatisering, er om ei teneste er heilt privatisert eller berre er privatisert når det gjeld kven som utfører oppgåva (driftsprivatisering). Ved driftsprivatisering har det offentlege framleis ansvaret for tenesta og finansierer tenesta heilt eller delvis, jamvel om private overtek sjølve produksjonen av tenesta.

I norsk skule- og velferdspolitikk handlar striden om privatisering i hovudsak om driftsprivatisering. Den politiske debatten gjeld då kven som skal levere tenester, medan det offentlege betaler og har ansvaret for tenesta. Striden gjeld såleis om det offentlege skal betale for at det kjem fleire private skular, sjukeheimar eller sjukehus som framleis skal vere gratis eller ha ein låg pris for brukarane. Dermed vil både dei som har mykje, og dei som har lite pengar, kunne bruke det private tilbodet. Ofte er det dei mest ressurssterke brukarane som nyttar valfridomen til å velje mellom ulike tenestetilbydarar.

I mange land er tenester som i Noreg vert finansierte av det offentlege, i større grad heilt private, slik at kvar brukar betaler langt meir for tenesta. Då vil kor mykje pengar ein har, mellom anna bestemme kor godt helsetilbod ein har råd til. Til dømes er det amerikanske helsevesenet på langt nær fullfinansiert av det offentlege. I USA er om lag to tredelar av sjuke- og eldreheimar drivne av kommersielle selskap.

Storbritannia er eit døme på eit land med eit anna skulesystem enn det norske, med eit større innslag av eksklusive private skular. Elevane som går her, høyrer til eliten i det britiske samfunnet. Vanlege folk har ikkje råd til å sende borna til desse skulane. Om Noreg skulle hatt eit slikt skulesystem, ville fleire med høg inntekt ha kjøpt eit betre skuletilbod til borna sine. I Noreg får ikkje dei private skulane som får offentleg støtte, lov til å krevje høg foreldrebetaling. Difor vert ikkje dei typiske private skulane i Noreg eksklusive. Om lag 3 prosent av norske grunnskuleelevar gjekk i 2013 på private skular i Noreg. På vidaregåande skule galdt det 7 prosent av elevane.

Også i Noreg finst det eit fåtal private skular utan rett til offentleg støtte og med høg foreldrebetaling. Tronarvingen Ingrid Alexandra går på ein slik skule, Oslo Internasjonale Skole. Norske foreldre betaler om lag 100 000 kroner i året for skuleplassen til barnet på denne skulen. For eit barn med utanlandske foreldre betaler foreldra nærmare 200 000 for skuleplassen.

Dei som er for privatisering i norsk politisk debatt, finn vi oftast på høgresida i politikken eller på arbeidsgivarsida. Dei meiner at privatiseringa gir meir valfridom og ofte høgare kvalitet eller mindre samla kostnader. Kritikarane er ofte fagforeiningar og parti på venstresida. Dei stiller spørsmål ved kor mykje pengar det er å spare på privatisering og konkurranseutsetjing, og om det kan gå ut over kvaliteten.

Eit døme på eit kontroversielt sal av offentleg verksemd var då Statoil vart delprivatisert i 2001. Som følgje av delprivatiseringa kunne selskapet operere friare internasjonalt. Staten eig framleis 2/3 av Statoil-aksjane.

Det vart òg livleg debatt då Høgre og Framstegspartiet etter at dei to partia fekk regjeringsmakt i 2013, varsla at dei ville selje Flytoget og delar av den statseigde skogen. Sala vart stoppa fordi støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti ikkje var samde med regjeringspartia.

Kjelder

Gro Sandkjær Hanssen, Marit Kristine Helgesen og Signe Irene Vabo: Politikk og demokrati. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 3. utgåve. Oslo 2011

Rolf Rønning, Rolf og Jon Helge Lesjø: Vårt politiske Norge. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 4. utgåve. Bergen 2015

Aksel Braanen Sterri: «Ja til private i velferden», Dagbladet 18.6.2015

Cato Husabø Fossen, Lars Joakim Skarvøy, Pål Ertzaas og Line Orfjell: «Kronprinsparet tar barna ut av offentlig skole». VG nett, publisert 17.6.2014, vg.no: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/kongehuset/kronprinsparet-tar-barna-ut-av-offentlig-skole/a/23233214/ [lesedato 2.8.2015]

Heidi Gautun og Anders Kvale Havig: «Bør vi kunkurranseutsette driften av sykehjem?», NRK Ytring, publisert 16.8.2013, nrk.no: http://www.nrk.no/ytring/konkurranseutsetting-av-sykehjem-1.11183804 [lesedato 2.8.2015]

Kate Langsethagen: «Konkurranseutsetting – penger å spare», heimesida til Elverum kommune, publisert 4.3.2015, elverum.kommune.no: https://www.elverum.kommune.no/nyheter/konkurranseutsetting-penger-pa-spare.25154.aspx [lesedato 2.8.2015]

Pål Vegard Hagesæther: «Private skoler står i kø», Aftenposten innsikt, publisert 2.2.2013, aftenposteninnsikt.no: http://www.aftenposteninnsikt.no/2-februar-2013/private-skoler-st%C3%A5r-i-k%C3%B8 [lesedato 2.8.2015]

NHO Service: «Konkurranse. Et virkemiddel for bedre tjenester», nhoservice.no: http://www.nhoservice.no/getfile.php/Filer/Publikasjoner/konkhefte09lett.pdf [lesedato 2.8.2015]

Thomas Olsen: «Ap vil bruke nødbremsen mot jernbaneprivatisering», Aftenposten nett, publisert 7.6.2015, aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Ap-vil-bruke-nodbremsen-mot-jernbaneprivatisering--8047632.html [lesedato 2.8.2015]

Peikarar

Nettstaden til KS

Nettsida til arbeidsgivarorganisasjonen Abelia:

Temaside om privatisering på Fagforbundet sine nettsider

Først publisert: 20.08.2015
Sist oppdatert: 21.08.2015