Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Gro Harlem Brundtland

Gro Harlem Brundtland, politikar. Leiar i Arbeidarpartiet og statsminister tre gonger. Brundtland er Noregs første kvinnelege statsminister og ein av dei største politikarane Noreg har fostra.

Gro Harlem Brundtland vart fødd 20. april 1939, i Bærum.

Gro Harlem Brundtland vart aldri noko stor stemmesankar for partiet sitt. I rolla som statsminister tapte ho alle val, og ho tapte det viktigaste valet av dei alle, folkeavstemminga om EU i 1994. Som person derimot, som statsminister og som leiar for landet, var ho mellom dei mest populære vi har hatt. Særleg i den siste statsministerperioden, og ikkje minst etter folkeavstemminga i 1994, som ho tapte, steig merkeleg nok hennar popularitet til heilt uvanlege høgder for ein statsminister å vere. Ho var nok meir respektert enn elska. 

Rekordkvinna

I sine tre periodar som norsk statsminister slo Gro Harlem Brundtland mange rekordar. Ho vart den første kvinnelege norske statsministeren. Med sine 41 år då ho tok over i 1981 er ho også den yngste statsministeren Noreg har hatt. Utan tvil er ho også den mest internasjonale statsministeren vi har hatt, både den mest kjende statsministeren internasjonalt og den mest internasjonalt orienterte statsministeren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video frå NRK Skole: Gro Harlem Brundtland vert Nordens første kvinnelege statsminister. 

Tradisjonsbrot

1981 vart på mange måtar eit merkeår i norsk politikk. Det året vart to av dei mest intelligente og fremste politikarane i etterkrigstida statsministrar, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch. Det året fekk Arbeidarpartiet sin første akademikar som statsminister og som partileiar.

Den nye statsministeren og partileiaren braut på så mange måtar med tradisjonen i Arbeidarpartiet. Ho hadde vakse opp i trygge kår på beste vestkant i Oslo, og budde sjølv på Bygdøy og var gift med ein høgremann. Dette reagerte mange på, og i starten  vart ho også mobba på ein ufin måte, mest fordi ho var kvinne som søkte makt, men også fordi ho ikkje hadde den «rette» bakgrunnen. «Kjeftesmella fra Bygdøy» vart ho kalla i Dagbladet. I valkampen i 1981 hadde motstandarane trykt opp klistremerke der det sto «Bli kvitt A».

Endringspolitikaren

I historiebøkene vil Gro Harlem Brundtland bli omtalt som ein av dei store politikarane vi har hatt. På mange område sto ho for store endringar.

Meir enn nokon annan sette ho miljøproblema både heime og ute på den politiske dagsorden. Dels ved eige eksempel, men også gjennom aktiv politikk fekk ho kvinnene inn i politikken i langt sterkare grad enn tidlegare. Ho var så langt frå åleine, men ho sto i spissen for ei til dels smertefull omvurdering av Arbeidarpartiets politikk som starta ved inngangen til 1980-åra. Ho moderniserte arbeidarrørsla og gjorde rørsla meir i pakt med dei store endringane som skjedde i veljarmassen i desse åra.

Generalist og fagmenneske

Gro Harlem Brundtland vart aldri ein visjonær politikar. Ho var lite oppteken av ideologi og lite bunden av sosialistisk tankegods.  Det ville vere utenkjeleg for henne å lansere vyene om «Det norske hus», slik hennar etterfølgjar Thorbjørn Jagland gjorde.

Då liknar Gro Harlem Brundtlands leiarstil meir på den som Einar Gerhardsen praktiserte. Ho skipa team med kompetanse rundt seg, og det var desse som var premissgivarar for omforming av  politikken. I motsetning til Gerhardsen hadde ho også fagleg innsikt og intellektuell evne sjølv til å fungere som ekspert, og ho sette seg grundig inn i sakene.

Ho er den første leiaren i Arbeidarpartiet som kunne fungere både som generalist og som fagmenneske. Det ga henne ein ekstra styrke og ein ekstra dimensjon. Når Einar Gerhardsen plukka ut medarbeidarar, la han vekt på å få inn personar som kunne skape meiningsbryting, mens Gro Harlem Brundtland i større grad la vekt på harmoni rundt seg. Ho omga seg i stor grad med folk som var samde med henne sjølv.

To av biografane til Gro Harlem Brundtland, Steinar Hansson og Ingolf Håkon Teigene, skriv i boka «Makt og mannefall» at ho vart «politiker ved en tilfeldighet, berømt på grunn av en ulykke og statsminister ved en misforståelse». Det er nok for enkelt.

Miljøvernminister

Den politiske karrieren hennar starta ved at Trygve Bratteli ba henne om å bli miljøvernminister i 1974. Då var ho ein nokså ukjend 35 årig overlege ved Oslo Helseråd. Det var Bjartmar Gjerde som tipsa Bratteli om henne. Ho hadde vore med i ein underkomite som arbeidde med Arbeidarpartiets program framfor valet i 1973.

Då ho vart kalla til statsministerens kontor trudde ho sjølv at Bratteli ville snakke med henne om abortsaka som ho på det tidspunkt var svært engasjert i, men ho vart altså miljøvernminister. I tillegg vart ho regjeringa sitt viktigaste kort i abortsaka, og i spørsmålet om sjølvbestemt abort var ho verkeleg engasjert.

I abortdebatten i Stortinget få dagar etter at ho hadde blitt statsråd, utmerka ho seg med eit sterkt og engasjert innlegg. På eitt tidspunkt smelte ho kulepennen i talarstolen så det small. Stortingspresident Guttorm Hansen varsla seinare statsminister Trygve Bratteli at han måtte syte for at slikt ikkje vart ein vane.

Gro Harlem Brundtland likte seg i Miljøverndepartementet, og ho ba om å få halde fram då Odvar Nordli skulle skipe si regjering i 1976. Då hadde ho i mellomtida blitt nestleiar i Arbeidarpartiet på landsmøtet i 1975. Ho hadde altså gått frå menig og relativt ukjend medlem til nestleiar i partiet på under eitt år, ja, kortare enn eit svangerskap, som ho skriv i den første memoarboka si. Det kan vanskeleg kallast noko anna enn ein bratt karrierestige.

Bakgrunnen hennar var sosialdemokratisk nok og vel så det. Faren var tidlegare sosial- og forsvarsminister Gudmund Harlem. Mora, Inga, var fast tilsett i gruppesekretariatet i Arbeidarpartiet på Stortinget, og sjølv hadde Gro vore med både i Centrum Framlag under Werna Gerhardsen og vore med og stifta Arbeiderpartiets Studentlag. Ho gjekk den same utdanningsvegen som far sin, og vart ferdig utdanna lege i 1963. Så tok ho tilleggsutdanning i samfunnsmedisin ved Harvard-universitetet i USA og var ferdig Master of Public Health i 1965. Deretter fekk ho jobb først i Helsedirektoratet og så ved Oslo Helseråd.

Bravo-utblåsinga

Fredag 22. april 1977 skulle miljøvernminister Gro Harlem Brundtland bli sett på den største prøven sin til då. Meldinga kom om utblåsing på Bravo-plattforma på Ekofisk-feltet. I åtte døgn spruta det tusenvis av tonn svart råolje ut i havet. Eit gigantisk oljeflak danna seg og dreiv inn mot kysten.

Miljøvernministeren møtte verdspressa i Stavanger og gjorde eit overtydande inntrykk, nesten sensasjonelt for ein norsk statsråd å vere. Etter studieopphaldet i USA snakka ho flytande amerikansk, og også norske medier vart imponert over måten ho takla situasjonen på. Den amerikansk brønndreparen «Red» Adair kom og stansa utblåsinga, og det viste seg at oljen løyste seg opp i vatnet før han kom inn til kysten. Utblåsinga hadde likevel avslørt at det norske oljevernutstyret ikkje var godt nok til slike operasjonar til havs.

Striden om Hardangervidda

Seinare same året møtte Gro Harlem Brundtland ei ny utfordring, den planlagde kraftutbygginga i Veig og Dagali på Hardangervidda. Det kom til knallharde konfrontasjonar i regjeringa mellom olje- og energiminister Bjartmar Gjerde og Gro Harlem Brundtland, men ho vann til slutt. Også stortingsgruppa var delt omtrent på midten, men det vart til slutt fleirtal både der og i Stortinget for å seie nei til utbygginga og gjere Hardangervidda til naturpark..

Statsministerskule

I 1979 gjekk Gro Harlem Brundtland tilbake til Stortinget og tok for første gong sete der, i finanskomiteen. Ho vart innvald i 1977, og det vart sagt at ho no skulle på statsministerskule. Det var tradisjon at statsministrane hadde vore stortingsrepresentantar og kjende Stortingets arbeid innanfrå. Denne omplasseringa var Gro sjølv sterkt imot, men Nordli hadde nok blitt litt skremt av kor effektiv og ambisiøs ho var. I eit møte med mediafolk skal han ha uttalt: «Hu Gro er itte født, hu er konstruert».

Torsdag 29. januar 1981 om kvelden sende Arbeidernes Pressekontor ut meldinga om at Odvar Nordli skulle gå av. Sjølv hadde han tenkt å legge det slik opp at det var Rolf Hansen som skulle overta, men stemninga både på grasrota i Arbeidarpartiet og i media var heilt klart i favør av Gro Harlem Brundtland. I Arbeiderbladet skreiv partiveteranen Per Bratland: «Ta ikke feil av tiden vi lever i. Det er ikke lenger det sikre som får publikum til å lytte, men det nye».

Kvinneleg regjeringssjef

Gro Harlem Brundtland vart med rette sett på som ei fornying, trass i at ho då hadde vore med i regjeringa i mange år. Ho hadde heller ikkje vore med på intrigene og den interne partistriden bak kulissane. Ho var på ein måte «flekkfri».  Ho vart då også vald til å bli ny statsminister. 4. februar vart den første regjeringa Harlem Brundtland utnemnd. Noreg hadde fått sin første kvinnelege statsminister.

Det var også for verdspressa noko meir enn eit vanleg statsministerskifte, men den første regjeringa skulle ikkje bli langvarig. Ho rakk likevel å få Alta-saka i fanget. Samekvinnene okkuperte kontoret hennar den dagen regjeringa skulle legge fram regjeringsfråsegna si.

Ho fekk ein vanskeleg start. I tillegg sto Ap-landsmøtet for døra, og på dette landsmøtet på Hamar vart ho også vald til leiar i Arbeidarpartiet. Der vart den sitjande leiaren, Reiulf Steen, nærast tvinga til å gå av. Han gjekk med på å trekkje seg etter trugsmål om at dersom han ikkje gjorde det, ville det kome på trykk i Arbeiderbladet eit intervju med Einar Gerhardsen der den gamle høvdingen kravde at Reiulf Steen må gå. Siste del av Steens periode som partileiar hadde vore prega av sjukdom, intrigar og ein uryddig livsførsel.

No skulle det ryddast opp, og nestleiar Gro Harlem Brundtland rykte opp som leiar. Dermed var toppverva på nytt samla i ei hand. Ei slik løysing hadde ho sjølv også gått inn for før landsmøtet, vel vitande om at det var hennar eiga hand det var snakk om.  Sjølv om den nye partileiaren dreiv ein hektisk valkamp, greidde ho likevel ikkje å hindre at partiet gjekk på eit stort tap ved valet. 10 mandat tapte Ap. Høgre vann valet og dei borgarlege partia fekk 85 mandat mot til saman 70 for Ap og SV. Gro Harlem Brundtland måtte levere over nøklane til statsministerkontoret til Kåre Willoch.

Under valkampen hadde dei utkjempa mange såkalla «Gro og Kåre-duellar», og stort sett hadde han kome heldigare ut enn ho i desse, men ho lærde litt om seg sjølv og om motstandaren for kvar gong. I den første tida snakka ho innvikla, med mange innskotne bisetningar, og ho lot seg lett erte opp til å bli irritert. Det gjorde seg dårleg på TV.

Tryggjingspolitisk splitting

Før ho gjekk av hadde regjeringa lagt fram forslag til langtidsprogram for åra 1981 til 1985, og dette vart no grunnlag for eit omfattande fornyings- og omformingsarbeid for Arbeidarpartiets politikk.

Spørsmålet om utplassering av nye NATO-rakettar i Europa vart ei vond og vanskeleg sak for Ap. Partiet hadde vore med på NATOs såkalla dobbeltvedtak i 1979. Det gjekk ut på at ein både skulle utplassere rakettane og  forhandle med Sovjet om nedrustning. Mange i Ap ville forhandle først og vente med utplasseringa.

I realiteten var Arbeidarpartiet meir splitta i denne saka enn det partiet hadde vore på mange tiår i eit tryggingspolitisk spørsmål. Etter ein omfattande intern prosess greidde Gro Harlem Brundtland saman med Thorbjørn Jagland å lande saka nokolunde.  Då Gorbatsjov kom til makta i Sovjetunionen i 1985 skulle det vise seg at det var nettopp NATOs styrkeoppbygging som gjorde at han innsåg at dette var eit kappløp Sovjetunionen ikkje kunne vinne. Snart var ein avtale på plass om å fjerne rakettane på begge sider.

Eit godt val

I tida fram til stortingsvalet i 1985 dreiv Gro Harlem Brundtland nærast rovdrift på seg sjølv. Ho gjorde ein kjempeinnsats i valkampen, kanskje den beste valkamp ho har gjennomført, men var til tider relativt populistisk. Ho gjesta sjukeheimen i Hammerfest og kalla det «hjerterått» at folk måtte stå i kø for å få plass. Den utsegna fekk ho høyre mange gongar seinare då ho sjølv hadde kome til makta og køane hadde vokse endå meir.

Arbeidarpartiet fekk 71 mandat og gjorde sitt beste val sidan 1977. Høgre gjekk tilbake og dei tre regjeringspartia tapte det reine fleirtalet sitt. Heretter vart dei avhengig av Framstegspartiet sine to mandat for å kunne regjere vidare. Rett nok hadde Hagen sagt at han ikkje ville ha ei Ap-regjering, men det skulle vise seg at ein situasjon skulle oppstå berre sju månader etter valet.

Ut over vinteren 1986 fall oljeprisane som ein stein. Det måtte strammast skikkeleg inn, og Willoch-regjeringa la fram sin «påskepakke» der eit av framlegga var å auke bensinavgifta med 35 øre literen. Dette ville ikkje Carl I. Hagen vere med på. Det var mot partiprogrammet.

Verdsrekord i kvinner

Dermed sto Gro Harlem Brundtland fritt til å avgjere om ho ville ta regjeringsmakta på nytt. Willoch gjorde det nemleg nokså klart at dersom innstramminga vart svekka, så ville han gå. I Arbeidarpartiets gruppe var det fleire av dei mest garva politikarane som var imot å lage regjeringskrise så tett etter valet, men det store fleirtalet i gruppa var for det. Gro Harlem Brundtland var nok også for det, sjølv om ho berre tok fleirtalet til etterretning.

Ho kunne ha stansa prosessen om ho ville, men faktum er nok at ho ikkje likte seg spesielt godt i Stortinget. Det var den utøvande politikken som var hennar sterke side. Ho ville styre og administrere og ha tilgang til den kompetansen og den makta som ligg i eit statsapparat. Derfor vart regjeringa Willoch felt.

9. mai tok ho over med ei regjering der åtte av dei 17 statsrådane var kvinner. Det var ny verdsrekord, og utanlandske media kom til Noreg for å fange opp sensasjonen. Spørsmålet var kor lenge ho ville bli sitjande. Det borgarlege fleirtalet var det same, men det viste seg at trepartikoalisjonen ikkje var særleg sterk utanfor regjeringsbygget, og Gro-regjeringa kunne styre med vekslande støtte, men mest frå Sp.

No gjekk det også opp for regjeringa at Arbeidarpartiet hadde gitt for store lovnader før valet. Bremsene vart sett på, i tillegg til at ein gjennomførde ei devaluering på 12 prosent. Bensinavgifta vart også sett opp. Denne snuoperasjonen skapte bråk og innstramminga førte til kraftig vekst i arbeidsløysa. Rentene vart skyhøge. Bråstoppen var i hardaste laget og førte til store økonomiske problem for mange.

Ny kurs

I ly av denne krisa gjennomførde Arbeidarpartiet den største omlegginga av partiets politikk sidan krigen. Gro Harlem Brundtland var pådrivar og kontrollør, saman med trekløveret Einar Førde, Gunnar Berge og Thorbjørn Jagland. Det hadde starta så vidt i slutten av 1970-åra. Då såg ein at den gamle statsdirigeringa ikkje fungerte lenger. No skulle marknaden råde. Partiet skulle gjenerobre dei unge veljarane.

På landsmøtet i 1989 var denne fornyinga temaet. Kritikken var hard mot det som vart oppfatta som - og som var - ei høgreorientering av politikken. I 1989 var det snart ti år sidan Gro Harlem Brundtland hadde teke over som partileiar, og på dei ti åra var det meste av den gamle retorikken om sosialisme fjerna frå partiet.

I stor grad tok Arbeidarpartiet opp og vidareførte dei tankane om både eit opnare samfunn og meir marknadsstyring som regjeringa Willoch introduserte. Det var dette Høgre-leiaren Jan P. Syse kalla «å stjele Høyres klær mens vi var uti og badet».

Internasjonalt arbeid

Gro Harlem Brundtland er den mest internasjonale statsministeren vi har hatt, og i periodar vart ho kritisert av opposisjonen for si omfattande reiseverksemd utanlands. Hennar internasjonale engasjement starta med at ho i 1980 vart medlem i Palme-kommisjonen. Denne kommisjonen skulle analysere tryggleiks- og nedrustningsspørsmål på verdsbasis.

Gjennom det arbeidet vart Gro Harlem Brundtland kjent og respektert internasjonalt, og Palme-kommisjonen vart springbrett til hennar neste store internasjonale oppgåve som leiar for FNs Verdenskommisjon for miljø og utvikling.  Ho tok på seg jobben i 1983 og i 1987 la ho som leiar for FNs Verdenskommisjon fram den endelege rapporten, der mellom anna omgrepet «bærekraftig utvikling» vart lansert.  Gro Harlem Brundtland vart bortimot politisk verdskjendis som følgje av arbeidet i denne kommisjonen, men ho vart kritisert for miljøpolitikken sin her heime

Valet i 1989 vart ikkje godt for Arbeidarpartiet. Det vart SV og Framstegspartiet som vann dette valet. Gro Harlem Brundtland rekna likevel med å kunne halde fram i statsministerstolen, men så viste det seg at mot alle odds og ikkje minst med Høgre-leiar Jan P. Syses meklingsinnsats, så greidde Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet å bli samde om ei regjeringsplattform på Lysebu.

Ut av kontora, og inn igjen

16. oktober måtte Gro Harlem Brundtland motvillig gi frå seg makta til Jan P. Syse. Heilt sidan ho tok over i 1986 hadde Gro Harlem Brundtland arbeidd for at det skulle bli skapt eit samarbeid mellom EF og EFTA som gjorde at EFs indre marknad ikkje skapte nye tollhindringar i Europa. Det vart ein langvarig prosess som til slutt skulle ende opp i EØS-avtalen. I 1989 gjekk leiaren for EF-kommisjonen, Jacques Delors inn for ein slik plan i ein tale til Europa-parlamentet, og med regjeringsskiftet var det no den nye handelsministeren, Kaci Kullmann Five, som måtte føre dette arbeidet vidare.

Det skulle vise seg å bli tungt med Senterpartiet i regjeringa. I slutten av oktober 1990 skar det seg på spørsmålet om korleis konsesjonslovene skulle kunne tilpassast ein EØS-avtale. Eit fleirtal i Sp-gruppa gjekk inn for å bryte regjeringssamarbeidet, og den parlamentariske leiaren, Anne Enger Lahnstein stadfesta at partiet heller ville støtte ei Ap-regjering.

3. november 1990 sto Gro Harlem Brundtland endå ein gong på Slottsplassen med ei ny regjering, men denne gongen skulle ho til gjengjeld bli sitjande heilt fram til ho sjølv valde å gå av, den 23. oktober 1996. I denne siste regjeringsperioden opplevde ho nok dei største nederlaga sine både privat og politisk, men også dei største triumfane.

Dramatiske år

I 1992 opplevde ho den tragedien det er å misse eit barn. Sonen Jørgen sleit med psykiske problem og tok til slutt sitt eige liv. Det krev styrke berre det å halde fram som menneske etter noko slikt. Ho har då også på ein gripande måte fortalt om tragedien i den siste memoarboka si «Dramatiske år».  Gro Harlem Brundtland kom seg gjennom tragedien, sjølv om ho nokre få dagar før landsmøtet den 5. november det året kom til at ho måtte seie nei til å halde fram som partileiar. Det slo ned som ei bombe.

Det største politiske nederlaget ho opplevde kom to år seinare, den 28. november 1994, då folket sa nei til EU endå ein gong. Ho var neppe overraska over resultatet. Ikkje var ho bitter heller. Dagen etter var ho i full sving med å finne fram til samarbeidsløysingar med EU som kunne fungere for Noreg etter at både Sverige og Finland no hadde blitt med. Ho arbeidde dei bitre tankane bort. Gro Harlem Brundtland har i grunnen lang røynsle i å takle vonbrot valnatta. Ikkje ein einaste gong er ho blitt statsminister etter ein valsiger.

Eit politikaridol

Det er ikkje valnattsjubel som gjer Gro Harlem Brundtland til ein av dei store norske politikarane i dette hundreåret, men det er hennar evne til å overvinne motgangen. Evna til å stå på og aldri gi opp, evna til å setje seg langsiktige mål og ikkje gi seg før dei er nådde. Det var først utover i 1990-åra Gro Harlem Brundtland vart eit politikaridol her i landet. Då  var ho så suveren at opposisjonspartia ein periode var oppteken av å drøfte kor mykje lettare det skulle bli etter at ho hadde gått av. 

Ho omforma eit parti under stor protest frå svært mange i partiet, og ho tok landet ned i den kanskje djupaste økonomiske bølgjedalen etter krigen, men ho tok det opp att også. Protestane under nedturen var større enn jubelen under oppturen.

Under hennar leiarskap vart mange av dei statsbedriftene som Gerhardsen bygde opp, lagde ned. Ho profesjonaliserte politikken, og gjorde kompetanse til ein viktigare kvalifikasjon for politisk karriere enn medlemskap i Arbeidarpartiet og lang fartstid i kommunestyret. Ho gjorde ikkje dette åleine, men det skjedde med hennar vilje. 

Ho greidde ikkje å få Noreg inn i EU, men ho skaffa landet eit tryggingsnett gjennom EØS-avtalen. Det er kanskje den viktigaste saka ho har fått igjennom. I tillegg kjem det at ho på verdsbasis sette miljøvern på dagsorden. Den politiske kvardagen kom raskt etter at ho ga seg. Det verka nesten som om opposisjonspartia i hennar siste statsministerperiode nærast hadde gitt opp tanken på å søkje regjeringsmakt så lenge ho sat i statsministerstolen.

I heile Gro Harlem Brundtlands regjeringstid var det borgarleg fleirtal på Stortinget, og av same grunn måtte Arbeidarpartiet vise kompromissvilje, til tider så mykje at det vart murra iltert i partiorganisasjonen, men Gro Harlem Brundtland kunne ingen rokke ved.

Fakta og analyse

Gro Harlem Brundtland kom inn i politikken med ambisjonane godt synlege utanpå, og med ein energi og ein vilje som nærast tok pusten frå den eldre politikargenerasjonen. Ho var ærekjær og til tider irriterande påståeleg. Ho likte ikkje å vedgå feil mens ho var statsminister, og ho likte det heller ikkje etter at ho hadde gått av. Det vitnar bøkene hennar om. Ho nærma seg politikken på ein slags medisinsk vitskapeleg måte. Ho samla fakta, og på det punktet var ho kravstor, stilte diagnose og sette i gang behandling.

I liten grad styrte Gro Harlem Brundtland etter politisk intuisjon, slik mange store politikarar før henne hadde gjort. Ho hadde partiprogram og langtidsprogram som rettesnor for arbeidet sitt, men det var konklusjonar basert på fakta og analyse som var hennar arbeidsform.

Ho vart samanlikna med ein administrerande direktør for A/S Noreg, men det er knapt ei heilt rettferdig samanlikning. Ho hadde som basis for politikken sin eit sosialt sinnelag som var minst like godt utvikla som hos andre norske topp-politikarar. Hennar store styrke var intelligensen, hennar store arbeidskapasitet og framfor alt pliktkjensla: Dette å ikkje gå frå ansvaret, sleppe jobben fordi han er vanskeleg.

Når ho morgonen etter det største politiske nederlaget sitt, folkets nei til EU-medlemskap, varsla full arbeidsinnsats for å sikre landet det ho meinte var den nest beste løysinga, så vann ho respekt langt inn i nei-sida. Det var ikkje hennar stil som politikar å gi seg til å gruble over dei tapte slag. Om ho likevel hadde gjort det, ville ho ha funne at det var fleire enn ein skulle tru når ein ser på den posisjonen ho har fått både nasjonalt og internasjonalt.

Historikaren Berge Furre meiner i ein kronikk i Aftenposten at historisk vil Gro Harlem Brundtland bli sitjande att med ansvaret for nedbrytinga av dei siste bjelkane i den sosialdemokratiske staten som vart bygd opp etter krigen. Spørsmålet er om ho og Arbeidarpartiet hadde så mange alternative strategiar å velje når målet var å fange opp dei nye veljargruppene og hindre at desse gjekk til Høgre?  Hennar historiske rolle er ikkje lett å fastslå endeleg i dag, men at ho vil kome til å ruve blant dei norske statsministrane er det neppe tvil om.

Frå statsministerjobb til WHO

Etter nederlaget i folkerøystinga om EU-medlemskap i 1994 var det mange som spurte seg kor lenge Gro Harlem Brundtland ville orke å halde fram som statsminister. I oktober 1996 kunngjorde ho avgangen sin, og Thorbjørn Jagland tok over. Brundtland takka nei til ny nominasjon til Stortinget, og stilte i staden som kandidat til posten som generaldirektør i Verdas Helseorganisasjon (WHO) med base i Geneve. Den jobben fekk ho med stort fleirtal. Ho tok over i 1998 og gjennomførte i si generaldirektørtid store organisasjonsendringar. Ho vart ein markant sjef for WHO, men då perioden hennar var over i 2003, sa ho nei til å halde fram i ein ny åremålsperiode.

Internasjonale oppdrag

Gro Harlem Brundtland har hatt mange internasjonale oppdrag. Ho leia den såkalla Brundtland-kommisjonen, verdskommisjonen for miljø- og utviklingsspørsmål frå 1983 og til kommisjonen la fram rapporten sin i 1987.

Ho har også vore medlem i eit internasjonalt ekspertpanel som har gjort framlegg om reformer i FN-systemet, og ho har vore medlem i gruppa «The elders» («Dei eldste»), saman med mellom andre Nelson Mandela, Graca Machel og Desmond Tutu. Gruppa har fungert som rådgivar i vanskelege problem verdssamfunnet står overfor.

I 2007 vart ho som ein av tre, utnemnd til FNs spesialutsending i klimaspørsmål, og ho sit også som medlem i Den internasjonale Kommisjonen for ikkje-spreiing og kjernefysisk nedrusting.

Videokjelde

NRK Skole: «Nordens første kvinnelige statsminister», http://nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/708817  [lesedato 11.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 25.07.2017