Hopp til innhold
X
Innhald

Ord i valkampen

Her har vi samla ord og omgrep som dukkar opp i valkampen. Kva er eigentleg utjamningsmandat? Eller vippekandidat? Kva er direkte val og korleis fungerer valordninga i Noreg? Alt dette og mykje meir finn du svar på her!

Les også artikkelen om valordninga i Noreg.

Ord og omgrep i politikken

Direkte val
Direkte val er ein valmetode der ein røystar direkte på dei personane ein ønskjer valde som representantar i nasjonalforsamlinga, og ikkje på eit mellomledd av valmenn, såkalla elektorar, som seinare gjer det endelege valet.
Handlingsregelen
Handlingsregelen er ein regel som bestemmer kor mykje av oljeinntektene styresmaktene kan bruke kvart år.
Les heile artikkelen om handlingsregelen
Høgre (politisk omgrep)
Høgre er nemninga for konservative parti.
Konkurranseutsetjing  Konkurranseutsetjing er å la ulike verksemder konkurrere om kven som skal levere ei teneste som det offentlege finansierer. Konkurranseutsetjing fører ofte til strid i lokalpolitikken.
Les heile artikkelen om konkurranseutsetjing
Parlamentarisk leiar
Parlamentarisk leiar er leiar for ei partigruppe i eit parlament, altså ei nasjonalforsamling.
Parlamentarisme
Parlamentarisme, styreform som gir fleirtalet i Stortinget makt over regjeringa. Dersom fleirtalet i Stortinget manglar tillit til regjeringa, må regjeringa gå.
Les heile artikkelen om parlamentarisme
Privatisering  Privatisering vil seie sal av offentleg eigedom til private eller at private overtek ei oppgåve frå staten eller kommunen. Privatisering er eit heitt politisk tema.
Les heile artikkelen om privatisering
Regjering
Regjering er leiinga for den utøvande makta i eit land. I Noreg vert regjeringa leidd av statsministeren med statsrådane som medlemer.
Sperregrense
Sperregrense er ei politisk nemning knytt til valsystemet som seier kor mange prosent oppslutnad eit politisk parti må ha ved val for å få konkurrere om utjamningsmandat.
Statsminister
Statsminister er sjefen for regjeringa i ein del land, mellom andre Noreg, Sverige, Danmark og Finland.
Stemmerett
Stemmerett, rett til å stemme ved val av representantar til nasjonalforsamling, fylkesting og kommunestyre, forutan ved folkeavstemmingar.
Stortingsval
Stortingsval vert halde kvart fjerde år innan utgangen av september månad.
Utjamningsmandat
Utjamningsmandat er mandat (ein stortingsplass) som etter eit val vert fordelte til dei partia som er underrepresenterte i høve til det samla røystetalet ved stortingsval.
Valmanntal Valmanntal, register over dei som har stemmerett ved stortings-, fylkestings- og kommuneval.
Valordninga i Noreg
Valordninga i Noreg. Med valordning meiner vi dei lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, fylkestinga og kommunestyra.
Velferdsstat
Velferdsstat kjem frå engelsk welfare state og er ein stat der det er eit politisk mål å oppnå ei viss grad av sosial og økonomisk utjamning.
Venstre (politisk omgrep)
Venstre er nemninga for radikale og liberale politiske parti.
Vippekandidat
Vippekandidat er eit politisk omgrep som skildrar kandidatar som står på vippen til å verte valde inn på til dømes Stortinget.

Du finn fleire artiklar om politiske omgrep her og i menyen under Samfunn/Politikk

 

Først publisert: 18.08.2013
Sist oppdatert: 03.07.2017