Hopp til innhold
X
Innhald

Solberg-regjeringa

Frå 2018 er Solberg-regjeringa ei mindretalsregjering utgått frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre. 

Oversikt over regjeringsmedlemmane i Soberg-regjeringa. Trykk på bileta for å lese artikkelen om den enkelte statsråden.

Erna Solberg
Statsminister
Per Sandberg. Foto: Alexander Helberg, Framstegspartiet, Flickr.com CC BY-NC-ND 3.
Trine Skei Grande. Foto: Venstre, Flickr.com CC BY-SA 2.0.


Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor

Siv Jensen
Finansminister

Per Sandberg (konst.)
Justis-, beredskaps- og innvandringsminister

Trine Skei Grande
Kulturminister

Ine Eriksen Søreide
Utanriksminister

Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på Flickr.com CC BY-ND


Anniken Hauglie. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.

Ola Elvestuen Foto Venstre gjengitt etter avtale.jpg?w=600


Linda Hostad Helleland. Foto: Stortinget.

Jon Georg Dale
Landbruks- og matminister

Anniken Haugli
Arbeids- og sosialminister

Ola Elvestuen
Klima- og miljøminister

Linda Hofstad Helleland
Barne- og likestillingsminister

Åse Michaelsen. Foto: Stortinget.

Høie, Bent_80x105_Foto Bjørn Stuedal, Regjeringa.jpg?w=600


Iselin Nybø Foto Venstre gjengitt etter avtale.jpg?w=600


Åse Michaelsen 
Eldre- og folkehelseminister

Bent Høie
Helseminister

Torbjørn Røe Isaksen
Næringsminister

Iselin Nybø
Forsking- og høgare utdanningsminister




Per Sandberg. Foto: Alexander Helberg, Framstegspartiet, Flickr.com CC BY-NC-ND 3.


Monica Mæland
Kommunal- og moderniseringsminister

Jan Tore Sanner
Kunnskaps- og integreringsminister

Ketil Solvik-Olsen
Samferdselsminister

Per Sandberg
Fiskeriminister

Nikolai Astrup. Foto: Stortinget.

Frank Bakke-Jensen. Foto: Fotograf Sturlason / Utanriksdepartementet.

Terje Søviknes. Foto: Hordaland fylkeskommune, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Nikolai Astrup
Utviklingsminister

Frank Bakke-Jensen
Forsvarsminister

Terje Søviknes
Olje- og energiminister



Tabellen ovanfor viser til ei kvar tid sitjande regjering.

 

Erna Solberg I

Erna Solberg si første regjering vart utnemnd i statsråd 16. oktober 2013. Solberg-regjeringa er ei mindretalsregjering utgått frå Høgre og Framstegspartiet. Det er den første regjeringa der Framstegspartiet er med. Regjeringa ved utnemninga i oktober 2016 bestod av statsminister Erna Solberg og 17 statsrådar.

  • Erna Solberg (H), statsminister (2013–)
  • Siv Jensen (FrP), finansminister (2013–)
  • Jan Tore Sanner (H), kommunal- og moderniseringsminister (2013–)
  • Vidar Helgesen (H), statsråd og stabssjef ved statsministerkontoret (2013–15), klima- og miljøminister (2015–)
  • Ketil Solvik-Olsen (FrP), samferdselsminister (2013–)
  • Børge Brende (H), utanriksminister (2013–17)
  • Thorhild Widvey (H), kulturminister (2013–15)
  • Elisabeth Aspaker (H), fiskeriminister (2013–15), EU- og EØS-minister (2015–16)
  • Tine Sundtoft (H), klima- og miljøvernminister (2013–15)
  • Monica Mæland (H), næringsminister (2013–)
  • Solveig Horne (H), barne- og likestillingsminister (2013–)
  • Bent Høie (H), helse- og omsorgsminister (2013–)
  • Robert Eriksson, arbeids- og sosialminister  (2013–15)
  • Anders Anundsen (FrP), justis- og beredskapsminister (2013–16)
  • Tord Lien (FrP), olje- og energiminister (2013–16)
  • Ine Marie Eriksen Søreide (H), forsvarsminister (2013–17), utanriksminister (2017–)
  • Torbjørn Røe Isaksen (H), kunnskapsminister (2013–)
  • Sylvi Listhaug (FrP), landbruks- og matminister

Sidan har det vore fleire skifte av statsrådar. 16. desember 2015 gjorde Erna Solberg den første endringa i regjeringssamansetninga sidan regjeringa vart utnemnd. Då blei Sylvi Listhaug (FrP) landets første innvandrings- og integreringsminister. Jon Georg Dale (FrP) tok over hennar tidlegare rolle som landbruks- og matminister. Tine Sundtoft (H) gjekk av som klima- og miljøvernminister og Vidar Helgesen (H) blei ny klima- og miljøminister. Elisabeth Aspaker (H) tok over som EØS- og EU-minister, og Per Sandberg (FrP) tok over hennar rolle som fiskeriminister. Robert Eriksson (FrP) gjekk av som arbeidsminister. Anniken Haugli (H) blei ny arbeids- og sosialminister. Thorhild Widvey (H) blei erstatta av Linda Hofstad Helleland (H) som kulturminister. 

 Det neste statsrådsskiftet var 20. desember 2016. Anders Anundsen (FrP) gjekk av, og Per-Willy Amundsen blei ny justis- og beredskapsminister. EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker (H) gjekk av og blei erstatta av Frank Bakke-Jensen (H). Olje- og energiminister Tord Lien (FrP) blei erstatta av Terje Søviknes (FrP).

Regjeringspartia fekk fornya tillit ved stortingsvalet 2017, og Solberg-regjeringa er inne i sin andre periode. Solberg-regjeringa II blei utnemnd i statsråd 20. oktober 2017.

Ine Eriksen Søreide blei då utnemnd til ny utanriksminister, etter at Børge Brende tidlegare varsla at han ville gå av. Søreide blei med dette Noregs første kvinnelege utanriksminister. Ho kom frå posten som forsvarsminister. Søreide blei erstatta av Frank Bakke-Jensen, som hadde vore EU- og EØS-minister sidan 2016. Marit Berger Røsland (H) kom inn som ny EU- og EØS-minister. 

Erna Solberg II

Regjeringa vart utvida 17. januar 2018. 

Kjelder

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 16. oktober 2013 kl. 12.00», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 20.10.2017]

Regjeringa: «Erna Solbergs regjering 2013 -», regjeringa.no, sist oppdatert 3.11.2014: https://www.regjeringen.no/no/om-regjeringa/tidligere/ministerier_regjeringer/nyere_tid/regjeringer/erna-solbergs-regjering/id742981/ [lesedato 20.10.2017]

Pressemelding 20.10.2017: «Endringer i regjeringen», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2576271/?utm_source=www.regjeringen.no&utm_medium=rss&utm_campaign=Endringer%20i%20regjeringen [lesedato 20.10.2017]

Pressemelding 17.1.2017: «Endringer i regjeringen», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2586129/ [lesedato 17.1.2018]


Foto

Solberg-regjeringa: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor, flickr.com CC BY-ND

Siv Jensen: Rune Kongsro/ Regjeringa CC BY

Sylvi Listhaug: Torbjørn Tandberg/ Regjeringa

Trine Skei Grande. Foto: Venstre, Flickr.com CC BY-SA 2.0

Ine Eriksen Søreide: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor

Jon Georg Dale: Olav Heggø/ Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på Flickr.com CC BY-ND

Anniken Haugli: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor

Ola Elvestuen: Venstre. Gjengitt etter avtale

Linda Hofstad Helleland: Stortinget

Åse Michaelsen: Stortinget

Bent Høie: Bjørn Stuedal/ Regjeringa

Torbjørn Røe Isaksen: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor

Iselin Nybø: Venstre. Gjengitt etter avtale

Monica Mæland: Hans Jørgen Brun/ Regjeringa

Jan Tore Sanner: Stortinget

Ketil Solvik-Olsen: Olav Heggø/ Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på Flickr.com CC BY-ND

Per Sandberg: Alexander Helberg, Framstegspartiet, Flickr.com CC BY-NC-ND 3.0

Nikolai Astrup: Stortinget

Frank Bakke-Jensen: Fotograf Sturlason / Utanriksdepartementet

Terje Søviknes: Hordaland fylkeskommune, Flickr.com CC BY-SA 2.0

Først publisert: 14.03.2014
Sist oppdatert: 20.03.2018