Hopp til innhold
Valurne. Foto: Kommunaldepartementet, flickr.com CC BY-NC
Valurne. Foto: Kommunaldepartementet, flickr.com CC BY-NC
X
Innhald

Valordninga i Noreg

Med valordning meiner vi dei lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, fylkestinga og kommunestyra.

Den norske valordninga for stortingsval er sidan 1920 basert på prinsippa om direkte val og forholdstalsval i fleirmannskrinsar. Direkte val vil seie at veljarane stemmer direkte på representantar for valdistriktet ved å gi stemma si til ei valliste. Forholdstalsval vil seie at representantane blir fordelte etter det stemmetalet vallistene får. Både politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val.

(Artikkelen held fram under biletet)

Valavlukke. Foto: Kommunal- og regionaldepartementet, flickr.com CC BY 2.0

I Noreg blir det halde val annakvart år, vekselvis lokalval og stortingsval/sametingsval. Dette gir valperiodar på fire år. Før 1940 var det lokalval og stortingsval kvart tredje år. Sidan 1953 har valordninga for stortingsval hatt som utgangspunkt at det er dei 19 fylka som er valkrinsar, og kvart fylke vel òg eit visst tal på stortingsrepresentantar, alt etter folketalet. Før 2005 var det Stortinget som fastsette kor mange representantar eit fylke skal ha, og dette talet låg fast over tid. Etter 2005 blir utrekninga av mandatfordelinga mellom fylka gjord for to val om gongen. Mandatfordelinga skjer med grunnlag i ein formel der folketalet og flatevidda i eit fylke ved nest siste årsskifte før det aktuelle stortingsvalet blir avgjerande for mandattalet. Fylke i vekst får fleire, og fylke i folketalsmessig tilbakegang får færre mandat.

Utvida mandattal i 2005

Den nye valordninga frå 2005 gjorde òg at det samla mandattalet på Stortinget blei utvida frå 165 til 169 mandat. 19 fylke får no eitt utjamningsmandat kvar. Kva parti som får desse utjamningsmandata, blir avgjort av kva for parti som har flest reststemmer på landsplan etter at dei ordinære mandata er fordelte. Denne ordninga er innført for å justere den geografiske fordelinga av mandata slik at ho kjem meir i samsvar med det reelle folketalet.

Dei 150 distriktsmandata blir fordelte etter ein noko modifisert St. Laguës-metode, som går ut på at stemmetalet til det einskilde partiet blir dividert med talet 1,4 og deretter med tala 3-5-7-9 osv. Rangordninga mellom dei kvotientane ein då får, avgjer fordelinga av mandata.

1814–1905

Då Grunnlova blei vedteken 17. mai 1814, blei det innført ei valordning som blir kalla indirekte fleirtalsval. Fram til 1905 valde veljarane i realiteten utsendingar til valmannsmøte, og det var forsamlinga av valmenn som valde stortingsrepresentantane frå kvart fylke. Etter kvart som folketalet auka, blei det òg store forsamlingar av valmenn, og dette blei ei tungvint ordning.

Bondeparagrafen

I Grunnlova frå 1814 stod det at to tredelar av stortingsrepresentantane skulle kome frå landkommunane (amta), medan ein tredel skulle kome frå byane. Tanken var å sikre byane representasjon i eit bondedominert land. På det tidspunktet budde 90 prosent av innbyggarane i landkommunane. Det viste seg likevel i starten at det blei byane som blei overrepresenterte. Byveljarane utgjorde berre ni prosent av veljarmassen, men skulle ha ein tredel av representantane. I 1859 vedtok Stortinget den såkalla bondeparagrafen, som fastsette kor mange representantar kvar kjøpstad og kvar amt skulle ha, men også dette blei problematisk etter kvart som byane voks. På slutten av 1800-talet var det byane som var underrepresenterte, og behovet for ei ny endring melde seg, men ordninga med at byane og landkommunane valde kvar for seg, heldt likevel fram heilt til 1952. Også det såkalla bustadsbandet blei oppheva i 1952. Det sette som krav at den som skulle veljast frå ein by eller ein landkommune, måtte bu der og ha stemmerett der.

1905–1919

I 1905 blei valsystemet endra slik at landet blei delt inn i einmannskrinsar etter britisk modell. Ein einmannskrins er ein valkrins der det berre er éin person som blir vald. Dei fleste fylka fekk fleire slike einmannskrinsar, der den kandidaten blei vald som fekk over 50 prosent av stemmene i første valomgang. Fekk ingen kandidat meir enn 50 prosent, blei det omval mellom dei to som hadde flest stemmer. Denne valordninga favoriserte dei største partia, og korkje Venstre eller Høgre hadde noko ønskje om å endre på ei ordning som favoriserte dei på kostnad av Arbeidarpartiet. Til slutt sa likevel Venstre ja til ei ny valordning i 1919.

1920–1952

I 1919 blei det innført forholdstalsval i fleirmannskrinsar, der fylka blei valkrinsar. Kvar valkrins fekk representantar i høve til folketalet. I 1952 blei den såkalla bondeparagrafen oppheva, og kvar stemme i eit fylke skulle telje likt, uansett om ho kom frå ein veljar i byen eller i ein landkommune. Ein valde likevel å la utkantfylke med lågt folketal, til dømes Finnmark, få ein viss overrepresentasjon gjennom valordninga.

1953–2003

Sjølv utan bondeparagrafen blei prinsippa om direkte val og forholdstalsval vidareførte. Forholdstalsval vil seie at partilistene får same prosentdel av mandata som dei får stemmer. Om ei liste får halvparten av stemmene, får ho òg halvparten av mandata.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stortingsvalet i 1957, oppteljing i Oslo Rådhus. Foto: Biletbladet NÅ. Kjelde: Riksarkivet.

Stortingsvalet i 1957, oppteljing i Oslo Rådhus. Foto: Biletbladet NÅ. Kjelde: Riksarkivet.

2003 til i dag

I 2003 vedtok Stortinget ei ny vallov, som justerte den geografiske fordelinga av mandata slik at det blei betre samsvar mellom partia sine mandattal og stemmetala deira. Etter 1945 er talet på stortingsrepresentantar blitt utvida frå 150 til 155 i 1973, til 157 i 1985, til 165 i 1989 og til 169 i 2005. Den siste auken kom av at talet på distriktsmandat blei redusert frå 157 til 150, og at det i tillegg blei innført 19 utjamningsmandat, eitt for kvart fylke.

Utjamningsmandat

I 1989 blei det innført ei ordning med åtte utjamningsmandat. Det er det stortingsvalde Riksvalstyret som fordeler desse mandata, og det skal skje på ein slik måte at samansetjinga av Stortinget blir mest mogleg lik den prosentdelen av stemmene nasjonalt som kvart parti har fått. Berre parti som har over fire prosent oppslutning på landsbasis, kan konkurrere om desse mandata. Parti som ikkje oppnår ei oppslutning på over fire prosent på landsbasis, kan likevel få så høg oppslutning i einskildfylke at dei kan vinne distriktsmandat. Frå og med stortingsvalet i 2005 blei dei åtte utjamningsmandata erstatta av 19 utjamningsmandat, eitt for kvart fylke.

Kommuneval og fylkestingsval

Valet til kommunestyre og bystyre rundt om i landet går føre seg på same måten som stortingsvala, men i eit kommuneval har veljaren meir innverknad på personvalet enn ved stortingsval, der det er plasseringa av namn på listene som er avgjerande. Frå 1975 blei det innført direkte val til 18 fylkesting. Oslo er eit fylke, men her er det bystyret som har rolla som fylkesting. Før 1975 var det kommunestyra/bystyra rundt om i landet som valde sine eigne representantar til fylkestinget.

Ved kommuneval og fylkestingsval kan veljarane kumulere, det vil seie gi kandidatar på stemmesetelen éi personstemme ekstra. Dette blir gjort ved å setje eit kryss ved namnet til personen. Veljarane kan ved kommunestyreval òg gi ei personstemme til kandidatar som står på andre vallister, såkalla «slengjarar». Slike endringar kan påverke kven av kandidatane på ei liste som kjem inn i kommunestyret/bystyret. Sjansen for å kunne påverke kven som kjem inn i fylkestinget, er vesentleg mindre. Elles er sjølve utrekningsmåten for å finne ut kven som blir vald, den same ved kommuneval og fylkestingsval som ved stortingsval. Valdeltakinga ved kommuneval, og særleg ved fylkestingsval, er vanlegvis lågare enn ved stortingsval. Tidlegare kunne veljarane òg stryke kandidatar, men retten til å stryke blei fjerna, og forsøket framfor valet i 2011 på å gjeninnføre retten til å stryke kandidatar blei nedstemt.

Sametingsval

Reglane ved sametingsval er dei same som for stortingsval når det gjeld oppteljing av valresultatet. Unntaket er at det er spesielle reglar for kven som kan stemme ved sametingsvalet. Det er berre samar som er norske statsborgarar, som fyller 18 år innan utgangen av valåret, som er eller har vore folkeregisterført som busette i Noreg, og som står innført i Sametingets valmanntal på valdagen, som kan stemme. Også svenske og finske samar over 18 år og er innførte i Sametingets valmanntal, kan stemme. Ved sametingsvalet i 2013 skal det veljast 39 sametingsrepresentantar for perioden 2013 til 2017. Sametinget har ein rådgivande funksjon i høve til nasjonale styresmakter, men har òg fullmakt til å avgjere saker som spesielt gjeld den samiske folkegruppa.

Kjelder

NOU 2001:03: Velgere, valgordning, valgte. Innstilling fra Valglovutvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon 3. oktober 1997. Avgitt til Kommunal- og regionaldepartementet 30. januar 2001. Oslo 2000

Knut Heidar: Norske politiske fakta. 1884–1982. Oslo 1983

«Stortingsvalg 2013», temaside på regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/kampanjer/valg/stortingsvalg13.html?id=538253 [lesedato 17.8.2013]

Oddvar Overå, Steinar Dalbakk, Jan-Ivar Pavestad: Valglovgivningen. Valg til storting, fylkesting, kommunestyre og sameting. Oslo 1997. Kan lastast ned på Nasjonalbiblioteket, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/search?page=0&menuOpen=false&instant=true&action=search¤tHit=-1&searchString=Valglovgivningen.%20Valg%20til%20storting,%20fylkesting,%20kommunestyre%20og%20sameting [lesedato 17.8.2013]

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2017