Faktaboks

Ingeborg L. Bø
Fødd
12. desember 1898, Rauma
Død
15. april 1995, Rauma

Ingeborg L. Bø var lærar, forfattar og lokalhistorikar fra Innfjorden i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Ho debuterte med barneboka Barnas verden i 1951 og gjekk over til nynorsk med Tvillingane i 1957.

Ho skreiv to barnebøker til og gav ut fleire romanar, mellom anna Eit merke på skoglaust fjell, der ho tek opp spenninga mellom jordvern og storsamfunnet sine krav. Den siste boka hennar var ei diktsamling, som kom da ho var 87 år.

Bø var også aktiv som skribent i lokalhistoriske publikasjonar.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg