Faktaboks

Oddgeir Bruaset
Fødd
10. desember 1944, Måndalen i Rauma, Møre og Romsdal
Oddgeir Bruaset
Oddgeir Bruaset under Nordiske Mediedager i 2011.
Av /Nordiske Mediedager.
Lisens: CC BY SA 2.0

Oddgeir Bruaset er journalist, programskapar og forfattar. Gjennom ei rekkje fjernsynsprogram og bøker har han formidla historiene til folk som bur og har budd på avsidesliggjande stader, mellom anna gjennom fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bakgrunn

Bruaset vart fødd i Måndalen i Rauma. Han tok utdanning ved Lærarskulen i Volda 1965–1967 og tilleggsutdanning som adjunkt med historie og norsk ved Universitetet i Bergen 1968–1970. I 1967–1968 og 1970–1971 arbeidde han som lærar i Volda. Frå 1971 var han tilsett i NRK Møre og Romsdal, først som programsekretær i radio, sidan 1982 i fjernsynsavdelinga. I 2015 gjekk han av med pensjon. I tillegg har han vore frilansar innan videoproduksjon for Berge Film og TV-produksjon 1985–1996.

Bruaset har også reist mykje rundt som foredragshaldar og kåsør for Folkeakademiet. Han har skrive ei rekkje dokumentarbøker, deriblant fleire med same tema som serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Mangfaldig produksjon

Bruaset står bak ei rekkje større fjernsynsproduksjonar. Han har mellom anna laga dokumentarprogram om Rødseth-saka – om sunnmøringen Sveinung Rødseth, som vart dømd for å ha skadd dottera si slik at ho døydde. Rødseth vart seinare frikjend, og saka har ofte blitt dregen fram som eit eksempel på justismord i Noreg.

Av Bruaset sin produksjon bør også nemnast dokumentarfilmane om målhøvdingane Arne Garborg og Ivar Aasen. Filmen om sistnemnde har vore mykje brukt i undervisningssamanheng, og ein redigert versjon av han blir vist til besøkjande ved Aasentunet i Hovdebygda.

Historier om veglause fjord- og fjellgardar

Oddgeir Bruaset har vist stor fascinasjon for folk og bustader på avsidesliggjande stader. Det byrja med dokumentarfilmen Der elden slokna. Livet på fjellhyllene og boka Folket i Storfjorden (begge 1991). Boka kom seinare ut i fleire nye versjonar og vart trykt i fleire opplag.

Seinare gjekk så Bruaset i gang med serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», der han tok føre seg menneske busette utanfor allfarveg over heile landet. Serien kombinerer nærgåande personportrett med bilete av vakker natur som blir formidla i eit roleg tempo akkompagnert av stemningsskapande musikk. Den vart send på NRK 1 frå desember 2002 til hausten 2005, og igjen frå vinteren 2008. Serien fekk høge sjåartal og vart i 2009 tildelt prisen Gullruten for beste magasin- eller livsstilsprogram. Bruaset gav i 2005 ut ei bok med same tittel som serien, det har vorte laga julehefte med same tema og han har dessutan skrive fleire andre bøker om det same temaet der han tek føre seg ulike distrikt: Hardanger, Sogn og Nordfjord. Bruaset leia dei første 15 sesongane om serien.

Den store populariteten Bruaset har oppnådd gjennom fjernsynsprogramma og bøkene sine om lagnader på vanskeleg tilgjengelege utkantar, har truleg samanheng med at historiene på mange vis speglar myten om det urnorske. Han skaper portrett av menneske som lever nær naturen, og som anten har forkasta eller ikkje teke fullt ut skrittet inn i det moderne samfunnet.

Historia om julesongane

Oddgeir Bruaset har også interessert seg for korleis julesongane våre vart til. I 2000 gav han ut boka Det var midt i julenatt, der han fortel historia bak 14 av dei mest kjende songane og om opphavsmennene deira. Denne boka er også utgitt som lydbok, og i 2001 laga han programmet «Stille natt», som har blitt sendt i jula fleire gonger sidan. Songane blir framførde av artistar som Inger Lise Rypdal, Ingeborg Hungnes, Oslo Gospel Choir, SKRUK og Sølvguttene. I 2020 gav han ut ei bok med same tittel, der han fortel om historia bak 23 julesongar. Han har også gitt ut Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu (2015) og Du grøne, glitrande. Ei hyllest til juletreet (2017).

Kultur- og naturhistoriske skildringar

Forutan dei nemnde titlane har Bruaset skrive bok om den store nyttårsorkanen i 1992 (Orkanen, 1992 og Orkanen. 25 år etter, 2016) og han har skrive teksten til fleire illustrerte praktbøker, mellom anna Jostedalsbreen (1996), Romsdal. Folket og landskapet (1997) og Geiranger. Juvel i fjordlandet (2001). Han har skrive fleire jubileumsbøker for bedrifter på Sunnmøre, og i Fargerike romsdalingar (1998) har han portrettert personar frå Romsdalen som har utmerkt seg på ein eller fleire måtar. Om Sunnmøre har han skrive dei kulturhistoriske skildringane Sunnmøre og sunnmøringen (1999) og Arven. Ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie (2007).

Prisvinnar

Bruaset har vunne ei rekkje prisar, mellom andre Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen 1993 og Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999. I 2003 fekk han Alf Helleviks mediemålpris for målføringa si i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det vart då påpeika at han held seg til ein mønsterverdig nynorsk som ligg trygt innanfor læreboknormalen. I 2007 fekk han dessutan Ålesund by sin kunstnarpris for sitt mangeårige arbeid med skildringar av Ålesund og Vestlandet.

Prisar og utmerkingar

  • Sunnmørsprisen i 1991
  • Kringkastingsprisen 1993
  • Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999
  • Alf Helleviks mediemålpris i 2003
  • Ålesund by sin kunstnarpris i 2007
  • Familie og Medier sin heiderspris Medierosa i 2007
  • Gullruten for beste magasin- eller livsstilsprogram i 2009
  • Kongens fortenestmedalje i sølv i 2009
  • Norsk kulturarvs ærespris i 2013
  • Gullrutens heiderspris i 2015

Utgivingar i utval

  • Folket langs Storfjorden I og II (1991/2004)
  • Orkanen (1992)
  • Lagnader langs fjorden (1994)
  • Jostedalsbreen (1996)
  • Romsdal – folket og landskapet (1997)
  • Sunnmøre og sunnmøringen (1999)
  • Geiranger – juvel i fjordlandet (2001)
  • Det var midt i julenatt. Historien om hvordan våre kjente og kjære julesanger ble til, (2001)
  • Der ingen skulle tru at nokon kunne bu I-IV (2005–14)
  • Det veglause folket i Rogaland (2011)
  • Folket langs fjorden (2016)
  • Du grøne, glitrande – ei hyllest til juletreet (2017)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg