Faktaboks

Astrid Grønsnes
Fødd
30. oktober 1947, Odda i Ullensvang, Vestland
Astrid Grønsnes

Astrid Grønsnes er forfattar og pensjonert logoped frå Ullensvang i Hardanger i Vestland. Ho har skrive barnebøker som hjelper på språktrening, og ei spennande bok om eple.

Bakgrunn

Astrid Grønsnes er fødd i Odda (no Ullensvang). Ho gjekk ut frå Odda gymnas i 1966, vart uteksaminert frå lærarutdanninga i Bodø i 1969, har studert kunsthistorie og spesialpedagogikk og tok logopedieksamen i Bergen i 1994. Grønsnes har arbeidd som lærar og logoped i Ullensvang og er no pensjonist.

Forfattarskapen

Ho debuterte med Epleboka i 1993. Boka kom i nytt opplag året etter, og i 2002 kom ho ut i ny versjon med ny tittel: Den store epleboka. Saman med Sara Grethe Eitrheim gav Grønsnes her svar på alt ein kunne lure på når det gjaldt eple, frå historikk og artsinndeling til dyrking og matoppskrifter – og eplet i kunsten. Til og med «epleaktivitetar» hadde eit eige kapittel. Boka var illustrert av Anna Aakre Kråkevik og Arnhild Bleie.

I 2006 gav Grønsnes ut barneboka Fotballen på fatet, ei bok full av ordleik, illustrert av Anna Fiske. Fire år etter, i 2010, kom barneboka Raude, ville geiter, også den på Det Norske Samlaget. Stina Langlo Ørdal var illustratør. Begge desse bøkene har tema som er relaterte til arbeidet hennar som logoped.

Anna kulturelt arbeid

Grønsnes stod saman med Johild Mæland, begge frå kunstgruppa i Agatunet, bak ideen om eit kunstmuseum på Smelteverkstomta i Odda, med hovudvekt på fotografen Knud Knudsen (1832–1915), som var frå Odda. Forprosjektet til eit Knud Knudsen-museum var ferdig våren 2019. Det vidare arbeidet vart knytt til Kraftmuseet i Tyssedal.

Grønsnes er aktiv i bygdelagsarbeid og har vore med i kunstgruppa i Agatunet sidan starten i 1992.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg