Faktaboks

Haakon Garaasen
Fødd
6. juli 1887, Trysil, Innlandet
Død
7. juni 1957, Trysil, Innlandet
Haakon Garaasen

Haakon Garaasen. Del av Haakon Garaasens fotosamling, mogleg sjølvportrett. Ukjent år.

Trysil Engerdal museum.

Haakon Garaasen var ein norsk forfattar, lokalhistorikar og fotograf som formidla daglegliv og tradisjonar frå Trysiltraktene.

Haakon Garaasen var fødd i Trysil i Østerdalen. Etter folkehøgskuleVoss i 1906 drog han tilbake til Hedmark og etablerte seg som journalist og forfattar. Året på folkehøgskulen skjerpte interessa hans for litteratur, og i 1908 gav han ut novellesamlinga Frå skogsbygda. Der skriv han om tradisjonelle tema som kjærleik og ættekrangel, men på ein språkleg nyskapande måte. I 1912 følgde romanen Rogfinne, men gjennombrotet som forfattar kom med Tungsjøætta (1916), ein roman med dramatisk nerve og nyanserte personteikningar. Boka vart straks omsett til svensk og kom i tre opplag.

Dei to romanane skaffa Garaasen litterært ry. Han vart rekna som ein framståande heimstaddiktar og var ein av få frå innlandsbygdene som skreiv på nynorsk. Frå styresmaktene fekk han anerkjenning i form av statsstipend. Likevel slutta han å skrive romanar. I 1920-åra skifta han kurs til lokalhistorie, og gav ut dei tre bøkene Frå grensebygder og finnskogar: Trysilmalm og andre malmar (1923), Magre vilkår (1924) og Emigrantane frå Suomi (1925). Saman med den svenske forfattaren Paul Lundh skreiv han Dalaskog (1929).

Fotografering var ein annan måte å dokumentere livet i heimbygdene på, og Garaasen tok bilete av folk i arbeid og fest. Fleire hundre av bileta hans vart gitt til biblioteket i Trysil.

Etter 1925 slutta han å publisere, bortsett frå «Den 17. mai», som han vann førstepremie for i ein novellekonkurranse i 1931. Fotoapparatet la han òg bort. Frå rundt 1930 livnærte han seg som gardbrukar og journalist. Han kom med i nazirørsla og var medlem av Nasjonal Samling til krigen var slutt.

Les meir i Store norske leksikon

Haakon Garaasen

Haakon Garaasen. Del av Haakon Garaasens fotosamling, mogleg sjølvportrett. Ukjent år.

Trysil Engerdal museum .

Eksterne lenker

Litteratur

  • Håkan Axelsson: «Haakon Garaasen, ett liv speglat i ett arkiv». Årbok for Trysil, 1987
  • Olav A. Loen: Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg