Faktaboks

Karl Johan Hallaråker
Fødd
10. juni 1944, Strandebarm
Karl Johan Hallaråker
Karl Johan Hallaråker i 2017.
Karl Johan Hallaråker
Av /NTB.

Karl Johan Hallaråker er ein norsk teolog og indremisjonsleiar med forankring i norsk indremisjon og bedehus-miljø. Han har vore ein av dei fremste talsmennene for lågkyrkjeleg konservativ-evangelisk luthersk kristendom, for aktiv støtte til Israel og eit kristent verdiengasjement i politikken.

Hallaråker har stått sentralt i ei rekkje kristne organisasjonar og har hatt ei rekkje tillitsverv innan misjon, kyrkje og politikk. Partipolitisk har han tilhøyrt Kristeleg Folkeparti. Der har han vore med i sentralstyret og kyrkjepolitisk utval.

Forfattar og ideolog

Som forfattar og samfunnsdebattant har Hallaråker mest vendt seg til indremisjonsmiljøet. Han har gitt ut ei rekkje bøker, mellom anna Kristen politisk tenking, Handbok for bedehuset og Israel i aktuelt og profetisk lys.

Bakgrunn

Hallaråker vart utdanna teolog i 1970 og vart prest i Den norske kyrkja i 1971. I åra 1971–1979 var han prest i Finnås, i 1980–1983 lærer ved Indremisjonsselskapets bibelskule i Oslo, i 1983–1996 rektor ved BibelskolenBildøy ved Bergen, og frå 1996 generalsekretær for Vestlandske Indremisjonsforbund, som i 2000 skifta namn til Indremisjonsforbundet. Han heldt fram som leiar til 2009, og er stadig knytt til rørsla.

Hallaråker var styreformann ved Norsk Lærerakademi i 1988–1991, styreformann i For Livsrett og Menneskeverd i 1991–1995, medlem av Verdikommisjonens råd i 1998–2001, formann i koordineringsutvalet for europeisk indremisjon frå 2003 og formann i Nordisk indremisjonsforbund i 2004–2006.

Ytremisjon og indremisjon

Hallaråker sitt syn på misjon er at indremisjonen er nødvendig for å ha kyrkjelydar og forsamlingar heime som forsvarer dei kristne verdiane, og som gir grunnlag for eit kristent miljø som kan spreie evangeliet. Eit slikt miljø meiner han er grunnlaget for å kunne drive ytremisjonen.

Hallaråker sitt syn er vidare at alt kristent liv må vere forankra i kristne fellesskap, og at bedehusmiljøa har vore og er ein viktig del av fundamentet.

Teologisk plattform

Hallaråker har eit fundament i konservativ-evangelisk luthersk kristendom. Han har teke avstand frå kristne miljø som er prega av karismatisk vekking og av kristen tru basert på kjenslene til augneblinken. Ei av dei gruppene som har kjent seg angripe av haldningane hans her har vore Baptistsamfunnet.

Like fullt har han innteke standpunkt som også har ført til at han har fått negative reaksjonar frå andre i indremisjonsmiljøet. Etter at han rosa Bispemøtet sitt einstemmige vedtak om innføring av ny vigselsliturgi for likekjønna par, vart han skulda for å medverke til «snikinnføring av liberal teologi i bedehusrørsla».

Hans standpunkt i Midtausten-konflikten, der han har stått fram som forsvarer av Israel, har også sett han i eit motsetningsforhold til kristne miljø som har vore negative til den israelske politikken.

Utvalde utgivingar

  • Guds bustad er hos menneskene (2006)
  • Jerusalem – og/eller al-Quds (2008)
  • Kristen politisk tenking (2009)
  • Israel i aktuelt og profetisk lys (2004)
  • Handbok for bedehuset (2002)
  • I de siste tider: hovedlinjer i 2. Timoteusbrev(1983)
  • Bedehus, heim og misjonsstasjon: om lekmannsrørsla sine ideal og det Vestlandske indremisjonsforbund sin profil (1981)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holbek, Jan Arild (2018, 4/6). Hallaråker kan bli boikottet av sine egne. Vårt Land https://www.vl.no/nyhet/hallaraker-kan-bli-boikottet
  • Kleppa, Johannes og Odland, Paul (1998). Ordets folk: Det Vestlandske indremisjonsforbund 1898-1998. Straume: Sambåndet.
  • Seland, Bjørg (2015). 1800- og 1900-tallets religiøse bevegelser – Historiografiske perspektiver på forskning og formidling. Historisk tidsskrift, 2015(03), side 419-453.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg