Faktaboks

Olav Kaste
Fødd
8. oktober 1902, Heddal, Telemark
Død
13. mai 1991

Olav Kaste var ein norsk forfattar og lyrikar. Han skreiv åtte diktsamlingar frå 1946 til 1979. var ein av dei første som førte inn eit stort alvor i lyrikken etter jubeldagane i 1945. Og bøkene hans på femtitalet fekk god mottaking av sentrale kritikarar som Paal Brekke, Erling Christie og Ragnvald Skrede.

Bakgrunn

Kaste var fødd i Heddal, gjekk folkehøgskule på Sagavoll og lærarskule på Notodden. Etter nokre år som lærar i Lisleherad og Jondalen kom han tilbake til heimbygda og verka som lærar der til han gjekk av med pensjon.

Forfattarskap

Kaste debuterte som lyrikar med La visne dei blomar i 1946, der han freista å formidla mellom det internt religiøse og den større kulturen. Frå første bok er det ei tyngde i dikta til Kaste, som prisar barnet som får døy før det veks opp, fordi det då slepp å sjå sine voner gå til grunne og livets realitetar knusa draumane.

Det er sterke drag av sorg i boka som peikar mot tap av både foreldre og eit barn. Og den einaste trøysta ser ut til å vera bak død og grav. Livet er ei pilegrimsvandring, ein gjennomfart. Samlinga er ei innøving av dødsmedvit, og trøysta ligg i det hinsidige. Frå første bok er Kaste stødig i verset og skriv malmfullt og klangfullt, utan å bli pompøs.

Frå og med samlinga Og det blei kveld (1950) gav han ut bøkene på Gyldendal. Det er ei bok som kombinerer verskunst i Aukrust-tradisjonen, gjerne i forteljande trokeiske dikt, med ein mørk, krisestemt tone. Den diktande røysta drøymer om sørlege strender og sol, men veit at det ikkje hjelper. Han ber på eit hjartesår ingen ser, og som ingen skal fa sjå. Og boka endar apokalyptisk med skildringa av eit ras som legg alt audt og ikkje sparer eit einaste liv. Diktet om blåe brear slår fast at det «står eit gufs av blåe brear», og dette tunge alvoret gjennomsyrer boka, også når han ein sjeldan gong fester seg ved midtsommar og livsglede.

Det er noko tidstypisk ved dette; poesien er alvorleg og pessimistisk på femtitalet, stundom også satirisk. Det spesielle med Kaste er at tidsdiagnosen blir formulert i tradisjonens språk, lytelaust. Lyrikarane på femtitalet formulerte ein melankolsk protest mot gjenreisingsregimets programmatiske optimisme. Rett nok justerer han titlane til I Otta (1958) og Og det vart morgon (1965), men det er framleis eit stort alvor hos han. Det er det heilt fram til siste samlinga Også her er graset grønt (1979), sjølv om han der legg inn glimt av livsglede og lys. Det pilegrimsmotivet han formulerte i denne samlinga, kjem att: «Den som såg eit lova land / blir ein pilegrim på jorda.» Pilegrimen kan sjå venleik og oppleva glede, men må heile tida vidare og må ved vegs ende misunna fjella, som blir såaande tusenvis av år etter at han sjølv er borte.

Kastes måte å skriva på fekk gjennomslag på femti- og sekstitalet, men nådde færre etter vendinga omkring 1968. Han hadde lite av det lette og leikande som denne generasjonen opna for. Men poesiens oppgåve i hans generasjon var mellom anna dette: å peika på at ein kunne oppleva livet annleis enn Filmavisens Her må det gamle vike for fremskrittet! Til dette har Olav Kaste nokre sindige påminningar om menneskelege grunnvilkår

Då det nærma seg hundreårsminnet for fødselen hans, konstaterte Hans Herbjørnsrud at han vart svært fort gløymd. Det kjem neppe av kvaliteten på dikta, men snarare av at den nynorske tradisjonalismen, med tyngde og musikalitet, har kome i bakgrunnen. I denne tradisjonen er Kaste ein av dei beste.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg