Faktaboks

Inga Elisabeth Næss
Fødd
24. oktober 1940, Vega, Nordland
Inga Elisabeth Næss ved E-huset på Vega.
Inga Elisabeth Næss ved E-huset på Vega.
Av /SCANPIX.

Inga Elisabeth Næss er forfattar og kulturarbeidar som har bygd opp eit ærfuglmuseumVega.

Bakgrunn

Inga Elisabeth Næss er fødd på Vega i Nordland. Ho er utdanna cand.mag., med faga litteraturvitskap, historie og engelsk frå Universitetet i Trondheim (no NTNU) og Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som journalist, med jektedrift og som lærar på skriveverkstad – i tillegg til å vere forfattar.

Forfattarskapen

Etter fleire faglitterære utgivingar debuterte ho skjønnlitterært med romanen Natta som reiser – dagen som kjem i 1986. En hundehistorie kom i 1991 og Rak i 1995. Næss har røter i kystkulturen i Midt-Noreg, og i Rak ser ein inspirasjonen frå Olav Duun. Far og son bur åleine på ei øy, og spenninga ligg både på det ytre og det indre planet.

Den dokumentariske Skotet i Buvika (1988) handlar om politi mot streikande arbeidarar ved Piene Mølle. Med 44 forfattarar redigerte ho antologien Det e så fagert i Trondhjem (1997) saman med Arngeir Berg. Boka inneheld tekstar om Trondheim frå byen blei grunnlagd og fram til notida.

Næss har skrive biografiar om tekstilkunstnaren Hanna Ryggen, Vi lever på ei stjerne (2002), og målaren Bjarne Ness, Rytteren (2005). I Fangstmannsliv – Bjørnson og Larsson (2007) dokumenterer ho Per Johnsons liv som fangstmann i Arktis. Monologen Smeden blei oppført i Trondheim (2007) og på Vega (2008).

Næss skriv både nynorsk og bokmål.

Anna engasjement og utmerkingar

I 1997 grunnla ho og leidde arbeidet med ærfuglmuseet E-huset på Vega. Vega-øyane står på verdsarvlista til UNESCO, då blei ærfugldrifta og museet trekt fram som ein viktig årsak. Ho fekk i 2017 Kysten-prisen for arbeidet sitt på Vega, og for å ha løfta fram kvinners bidrag i kystkulturen.

Bibliografi

  • Landet som ikke er (Roman, Orkana forlag, 2018)
  • Øylandet. Dagligliv på Helgelandskysten (Dokumentar og historie, Orkana forlag, 2013)
  • The Vega Archipelago (2010)
  • Vegaøyan verdensarv (Dokumentar og historie, Orkana forlag, 2008)
  • Fangstmannsliv ; Bjørnson og Larsson (Biografier og memoarer, Orkana forlag, 2007)
  • Rytteren: en biografi om Bjarne Ness (Biografier og memoarer, Communicato, 2005)
  • Vi lever på ei stjerne (Biografier og memoarer, Samlaget, 2002)
  • I fugleværet (Fagbok for barn og ungdom, Orkana forlag, 2002)
  • Vi lever på ei stjerne : ein biografi om Hannah Ryggen (Biografier og memoarer, Samlaget, 2002)
  • Det spøker på Vesterøyane (Barnebok, Samlaget, 1999)
  • Det e så fagert i Trondheim (red). (Antologi, Samlaget, 1997)
  • Rak. (Roman, Samlaget, 1995)
  • En hundehistorie. (Roman, Gyldendal, 1991)
  • Natta som reiser – dagen som kjem. (Roman, Samlaget, 1986)
  • Bakklandet lever! (medf). (Sakprosa, Universitetsforlaget, 1985)
  • Skardørsfjella er min himmel. (Sakprosa, Oktober, 1980)
  • Kamerat John. (Sakprosa, Oktober, 1978)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg