Faktaboks

Jørgen Norheim
Fødd
25. november 1952, Østerdalen
Jørgen Norheim.
Av /Samlaget.

Jørgen Norheim er ein norsk forfattar og historikar som har vorte nominert til viktige litterære prisar for gjennomarbeidde romanar skrivne med stort historisk medvit.

Bakgrunn

Jørgen Norheim er fødd i Østerdalen i Hedmark (no Innlandet). Han studerte ved Universitetet i Oslo, der han var innom både teologi og filosofi før han vart cand. philol. med hovudfag i historie i 1986. Norheim var leiar i Norges Gymnasiastsamband 1973–1974 og redaksjonssekretær i Syn og Segn 1987–1996.

Forfattarskapen

Norheim debuterte som forfattar i 1994 med romanen Liten svein i bærskog ut. Alle bøkene er skrivne med nyare europeisk historie som føresetnad og handlingsrom.

Medan hovudstraumen i seriøs norsk skjønnlitteratur frå 1990-åra og utetter har vore knytt til sjølvframstilling, er det strukturelle samfunnstilhøve i europeisk samtid og nær fortid som er utgangspunkt i bøkene til Norheim. Han skildrar mennesket som historisk og politisk vesen og har god nytte av fagkompetansen sin på området, både når det gjeld fakta og metode. Det skjønnlitterære prosjektet hans er hovudsakleg konsentrert om dei store hendingane og om korleis dei avgjer lagnaden til einskiltmennesket.

Den psykologiske utviklinga til individet og det sosiale samspelet på det private planet hos «kvardagsmennesket» kjem såleis i andre rekkje, og hovudpersonane, særleg adjutanten i romanen med same namn frå 2008, må først og fremst sjåast som personifikasjonar av visse samfunnslag og kulturar under uvanlege tilhøve, og ikkje primært som truverdige individ. Ved å fokusere på mennesket nær makta og avgjerdene i varige unnatakstilstandar, som under verdskrigane, skriv Norheim seg inn i debatten om etisk ansvar hos den einskilde. Norheim gjer dette utan å argumentere på bakgrunn av nokon politisk agenda og går dermed i ei anna lei enn Kjartan Fløgstad, som han somme tider vert samanlikna med.

I debutboka skriv Norheim om ein pensjonist og enkjemann som ved hjelp av StatsarkivetHamar set seg føre å finne ut av røtene sine. Romanen har såleis ein omvend kronologi, og Norheim hadde i dette verket mykje nytte av kunnskapane sine som faghistorikar. Endå meir nyttig var denne kompetansen i arbeidet med den neste boka, Mars. Erindrings- og oppmuntringsskrift, som kom i 1998. Her er rammeforteljinga eit framtidig Europa, der enorme mengder informasjon må hentast fram ved dekoding av krypterte passord. Eit dokument i denne massen er skrive i Valdres kring 1990 av ein person som kallar seg Kapo, men som sjølv kan sjå ut til å identifisere seg mest med krigsguden Mars. Kapo har vore til stades ved mange store hendingar på 1900-talet, han har møtt dei mektige og sett det viktige. Norheim nyttar her same grep som i debuten, slik han også gjer i framhaldet av forfattarskapen – det er det historiske oversynet som plasserer individet, og leitinga etter moglege motiv skjer retrospektivt.

Personen Kapo møter vi att i den neste romanen, Ingen er så trygg i fare (2002). For denne romanen vart Norheim nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han var då ein lite kjend forfattar, som mellom anna livnærte seg ved å arbeide ved T-bana i Oslo, noko det vart gjort eit stort poeng av i avisoppslaga då nominasjonen var eit faktum. I denne romanen freistar Kapo å finne ut meir om opphavet sitt, om mora, som var frå Finnmark og laut evakuere under krigen, og om ein mogleg far, ein russisk soldat. Romanen har drag både av den seriøse og ambisiøse kunstprosaen, av den historiske romanen og av spenningslitteraturen, og denne utgivinga vart eit gjennombrot for Norheim, både hos kritikarane og publikum, særleg etter at boka vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

I 2008 kom så romanen Adjutanten, som Norheim vart nominert til Brageprisen for. Her møter vi ein gammal tyskar og tidlegare prøyssisk offiser som har trekt seg attende til ein stad ved Sognefjorden, der han minnest eit liv rikt på store hendingar. I 23 år var han adjutant for den tyske keisaren Vilhelm 2., og såleis kom han til å vere til stades der mange dramatiske avgjerder vart tekne. Boka drøfter mellom anna det personlege ansvaret ved framvoksteren av totalitære regime i Europa på 1900-talet, men lèt oss også møte aktørar frå andre lag av samfunnslivet enn politikken, til dømes Ludvig Wittgenstein.

Utan å ta stilling peikar Norheim i denne boka på eit moralsk paradoks: Adjutanten, som ikkje berre gjorde det som tyktest rett i den kulturkrinsen han høyrde til, men endåtil representerte noko av eit ideal, endar opp med ei umåteleg moralsk skuld. Ved å tene makta deler han ansvaret for dei overgrepa dette systemet gjorde seg skuldig i.

Utmerkingar

Norheim vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2002, og til Brageprisen i 2008.

Bibliografi

  • Aldri redd for mørkets makt. Historia (s)om eit brotsverk (Roman, Samlaget, 2016)
  • Adjutanten (Roman, Samlaget, 2008)
  • Ingen er så trygg i fare (Roman, Samlaget, 2002)
  • Mars. Erindrings- og oppmuntringsskrift. (Roman, Samlaget, 1998)
  • Liten svein i bærskog ut. (Roman, Samlaget, 1994)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg