Faktaboks

Eirik Sommer

Eirik Martin Torvaldsson Sommer

Fødd
28. oktober 1832, Trondheim
Død
12. april 1904, Åfjord

Eirik Sommer var lærar og forfattar. Han gav ut nokre av dei aller første bøkene på landsmål.

Sommer var son av ein skomakar og tok lærarprøva ved Klæbu seminar i 1852. Den følgjande tida skal han ha arbeidd som huslærar hos presten i Bjørnør i Sør-Trøndelag og deretter åtte år som lærar på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda ved Trondheim.

I 1857 gav Sommer ut ei av dei første bøkene på landsmål etter Ivar Aasen, den vesle diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall. Dei neste åra gav han ut to bøker til: Noregs Saga i Stuttmaal (1862), med føreord av Aasen, den første framstillinga i bokform av norsk historie på landsmål, og det første heftet av ei landsmålsomsetjing av Sverresoga (1864). Sommer var òg heilt sentral i det første mållaget i Trondheim (1862–63).

Han hadde ein augesjukdom som gjorde at han måtte gi seg som lærar, truleg tidleg i 1860-åra. Han prøvde å livnære seg av skrivinga og skal ha vore huslærar ei lita stund før han kjøpte eit lite gardsbruk i Åfjord på Fosen i 1867. Han var no veikhelsa og nærmast blind, så han måtte gi opp skrivinga. Gardsdrifta måtte han òg gi seg med etter få år, og tida i Åfjord vart heller fattigsleg for han.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bueng, Helge K. (2009): Åfjord gårds- og slektshistorie 1875–2000, bd. 2. Åfjord: Bueng AS
  • Hansen, Hans K. (1956): Åfjord og Jøssund gårdshistorie, bd. 2. Trondheim: Jøssund kommune
  • Hoel, Oddmund L. (1996): Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865. Oslo: Noregs forskingsråd. Les boka hos Nasjonalbiblioteket.
  • Sommer, Eirik (1921): Soga-Visor. Ny utgaave med nokre upplysningar um bokskrivaren ved Anton Aure. Risøyr: Erik Gunleiksons forlag. Les boka hos Nasjonalbiblioteket.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg