Faktaboks

Jens K. Styve

Jens Kjartan Styve

Fødd
11. juli 1972, Hjelmås
Jens K. Styve.
Gustav, Jens og Brego i «Dunce».
Gustav, Jens og Brego i «Dunce».

Jens K. Styve er ein teikneserieskapar, forfattar og illustratør frå Hjelmås i Nordhordland, best kjend for stripeserien Dunce.

Bakgrunn

Styve debuterte på trykk i fanzina Kraftig kost nummer 9/1989, og kom deretter på trykk i «Amatør-Pyton»-seksjonen i Pyton spesial nummer 2/1990, med ein blaut vits om sauer og bomull. Styve hadde følgt Pyton og dei norske teiknarane der sida starten i 1986, og hadde brevveksla med Frode Øverli, for tips og råd om ein mogleg karriere som serieskapar. Sjølve vitsen han kom på trykk med, hadde Styve truleg fått frå Øverli.

Styve var meir interessert i norsk og nordamerikansk undergrunn enn breiare norsk humor og stripeseriar, og etter fleire bidrag i antologiane Kraftig kost og Fantazine, gav han ut to numre av soloheftet Hups! (1994–1996) på eigen hand, dessutan gjorde han eit forsøk på å skape ein antologi for miljøet i Bergen, med Smittsomt gjesp (1995).

I 1995 flytta Styve til Oslo, der han jobba i NRK, for program som Lille Lørdag og Midt i smørøyet. Samstundes blei han betre kjend med Erik Falk, som dreiv Kraftig kost, og dei samla fleire folk til teiknemøter kvar søndag, og ideen om eit eige blad blei fødd. Styve og Falk fekk med seg Roy Søbstad og Ronny Haugeland frå miljøet rundt Fantazine i Kristiansand, og dei to første numrene av det nye bladet blei gitt ut i samarbeid med Gateavisa, som Gateavisas Tegneserie Extra.

Ut av dette blei frøa til den seigliva antologien Forresten (1995–2019) og Jippi forlag sådd. Styve var med i leiinga til Jippi frå starten i 1997, og første nummer av soloheftet finnfinnfinn (1997–1999) var forlaget si første utgjeving. Bladet handla om den hjelpelause informatikkstudenten Finn William Bjølseth frå Hjelmås, kombinert med sjølvbiografiske seriar frå Styve sin eigen oppvekst.

Teikneseriepause

Jens K. Styve designa sjølv omslaget på debutromanen «Eg, Ove Kvamme».
Jens K. Styve designa sjølv omslaget på debutromanen «Eg, Ove Kvamme».
Av .

Parallelt med teikneseriane jobba Styve som webutviklar, illustratør og formgjevar, og i 1999 flytta han til Tromsø, der han blei partnar og designar i Tank Design.

I 2000 slutta Styve helt med teikneseriar og drift av forlag. Han hadde mista interessa for mediet, eller som han skreiv som eitt av fem tips for å bli serieskapar, på sin eigen heimeside: «ein pervers iver etter å bli latterleggjort, misforstått og undervurdert.»

Han gav rett nok ut boka Du er ein luring, Finn Bjølseth (2002), ei samling av seriane frå finnfinnfinn, fulgt opp med heftet Torsken Bel Air (2003, teikna av Øyvind Lauvdahl), som opphavleg var eit kortfilmmanus.

Han vende att som skjønnlitterær forfattar, først med debutromanen Eg, Ove Kvamme (2006), deretter Friedland (2013), kor seriøse problemstillingar ligg og vakar under ein slentrande vestlandshumor.

Nye teikneseriar

Med Kina Town (2014, teikna av Øyvind Lauvdahl) vende Styve att til teikneseriane, men og denne var basert på eit kortfilmmanus. Men i 2014 tok han opp tusjpennen att. Dette var dels påverka av utfordringa med å lage teikneseriar på 24 sider i løpet av 24 timar, som han innførte, saman med Trond Ivar Hansen og Ola Olsen Lysgård, under Oslo Comics Expo. Dessutan kom det i stand ein liten, men ivrig kampanje i sosiale medier, noko som og førte til fleire sjølvutgitte hefter på engelsk.

Styve har fleire gonger tidlegare sysla med sjølvbiografiske seriar, men no var figuren JensK frontfiguren i eit aldri så lite teikneseriecomeback, først utgjeve i engelskspråklege hefte og så samla på norsk i boka JensK sesong 1 (2015).

Stripeseriesuksess

Det blei aldri nokon «sesong to», for i 2016 vann Styve Dagbladet sin teikneseriekonkurranse med nyskapningen Dunce. Samtidig slutta han i Tank Design, for ei stilling i Tvibit, eit kreativt kulturhus i Tromsø.

Dunce bygde vidare på stilen i JensK, blant anna spelar «dunce» på den spisse «dumrian»-hatten Styve tidlegare har brukt i fleire sjølvbiografiske seriar. Men sjølv om Dunce har i seg fleire element frå Styve sitt daglegliv i Tromsø, med sonen Gustav og hunden Brego, er den ikkje sjølvbiografisk. Den er ein stripeserie som sjonglerer kvardagsliv med filosofiske betraktningar og fantasisprang, ikkje ulikt internasjonale førebilete som Charles M. Schulz' Knøttene og Bill Wattersons Tommy og Tigern.

Dunce fekk fast plass i Dagbladet, og Styve sa i 2017 opp si stilling i Tvibit for å bli serieskapar på fulltid, for første gong i livet. Dunce røyk ut av Dagbladet da avisa kutta i sine teikneseriar hausten 2019, og Styve vart no engsteleg for at han måtte leggja ned stripa. Avisa Klassekampen kom raskt til unnsetning, og gav Dunce fast plass i ukedagane same haust. Halve produksjonen trykkes i heftet Lunch, medan den andre halvparten i 2022 gikk fra Radio Gaga- til Pondus-bladet.

Dunce vart raskt ei populær og kritikarrost stripeserie, og er samla i hittil fem bøker. I 2021 kom det første Dunce-juleheftet, og i 2023 kom den første Dunce-samlinga, Førstebossen, ut i stive permar og utvida versjon, i eit begrensa opplag på tusen eksemplar.

I 2020 teikna Styve og Ronny Haugeland SideQuest: Det midlertidige brorskap, den første boka i ein planlagt fantasyserie, skriven av David Skaufjord. Han har òg illustrert fleire bøker og laga omslag for både bøker og plater.

Priser og omsetningar

Bøkene Dunce: En roue libre (2021) og Dunce 2: Presque l'apocalypse (2023) er utgjevne i Frankrike. Serien er òg seld til Italia, mens det meksikanske forlaget Océano hausten 2021 kjøpte retten til å gje ut serien, og distribuere bøkene i 20 andre spansktalande land. I 2024 kom den engelskspråklege samlinga Dunce: Arctic Tails.

Dunce vann Pondusprisen i 2017 og Sproingprisen for 2019.

I 2022 fekk Styve Alversund Mållag sin målpris, for heile forfattarskapen sin. Han fekk òg Blix-prisen same år for å gjere «nynorsken synleg som bruksspråk på nye litterære arenaer».

Bibliografi

Teikneseriar

  • finnfinnfinn nr. 1 (Jippi forlag, 1997).
  • finnfinnfinn nr. 1 ½ (Jippi forlag, 1997).
  • finnfinnfinn nr. 2 (Jippi forlag 1998).
  • finnfinnfinn nr. 3 (Jippi forlag 1999).
  • Du er ein luring, Finn Bjølseth (Jippi forlag 2002).
  • Torsken Bel Air (Jippi forlag 2003, teikna av Øyvind Lauvdahl).
  • Kina Town (Jippi forlag 2014, teikna av Øyvind Lauvdahl).
  • JensK sesong 1 (Jippi forlag, 2015).
  • Dunce: Førstebossen (Egmont, samlebok, 2017).
  • Dunce: Lut og kaldt vatn (Egmont, samlebok, 2019).
  • SideQuest: Det midlertidige brorskap (Egmont, 2020, skrevet av David Skaufjord, teikna av Styve og Ronny Haugeland).
  • Dunce: Apokalypse snart (Egmont, samlebok, 2020).
  • Dunce: Nedetid (Egmont, samlebok, 2021).
  • Dunce: Jula 2021 (Strand forlag, 2021).
  • Dunce: Impulskontroll (Egmont, samlebok, 2022).
  • Dunce: Jula 2022 (Strand forlag, 2022).
  • Dunce: Førstebossen (Egmont, ny og utvida utgave, 2023).
  • Dunce: Jula 2023 (Strand forlag, 2023).

Fanziner/sjølvutgitte blad

«Last Breath» (2016) er eit av flere små blad Jens K. Styve har gitt ut på engelsk, ofte finansiert via Kickstarter.
«Last Breath» (2016) er eit av flere små blad Jens K. Styve har gitt ut på engelsk, ofte finansiert via Kickstarter.
Av .
  • Hups nr. 1–2 (Eget forlag, 1994–1996).
  • Smittsomt gjesp (Bergen serieteiknarlaug, 1995, redaktør).
  • Hups nr. 2 (Eget forlag, 1996).
  • Cabin Fever (Eget forlag, 2014, engelskspråkleg hefte).
  • Home (Eget forlag, 2014, engelskspråkleg «24 hour comic»).
  • Camera Obscura (Eget forlag, 2015, engelskspråkleg «24 hour comic»).
  • JensK nr. 1–5 (Eget forlag 2015–2016, engelskspråklege hefter).
  • Danse Macabre (Eget forlag, 2015, engelskspråkleg).
  • Homs (Eget forlag, 2016, engelskspråkleg «24 hour comic»).
  • Last Breath (Eget forlag, 2016, engelskspråkleg).
  • Dunce nr. 1–5 (Eget forlag, 2018–2020, engelskspråklege hefter).
  • Dunce: Brego (Eget forlag, 2020, engelskspråkleg hefte).

Romanar

  • Eg, Ove Kvamme (Damm, 2006).
  • Friedland (Det Norske Samlaget, 2013).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg