Tilsette ved Kaffistova, Hotell Bondeheimen i Hamar, foto frå rundt 1922–40.
/Domkirkeodden.
Lisens: CC BY SA 3.0

Bondeungdomslag er ei nemning for ungdomslag og mållag i byane, som organiserer ulike uttrykk for tradisjonell norsk folkekultur. I ei rekkje norske byar og tettstader har bondeheimane, kaffistovene og lagshusa til bondeungdomslaga vore den viktigaste profileringa av norskdomsrørsla.

Bondeungdomslaga var eit svar på den sterke urbaniseringa frå slutten av 1800-talet. Det første vart skipa 15. oktober 1899 i Oslo. Drivkraft bak skipinga og formann fram til 1916 var Klaus Sletten. Bondeungdomslaget i Oslo var eit førebilete for lagsskipingar ei rekkje stader. Fram til 1940-åra vart det skipa minst 26 lag innanfor norskdomsrørsla med «bondeungdomslag» i namnet. Bondeungdomslaga har gjerne vore medlemslag både i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

Laga retta seg mot innflyttarar frå bygdene, slik namnet ber bod om. Hovudføremålet var å danne miljø som gjorde det mogleg for dei å halde på bygdekulturen og heimemålet i byen. Det har variert frå lag til lag kor mykje dei har arbeidd for målsaka i byane, og den viktigaste fellesnemnaren er folkeopplysningsarbeid og kulturaktivitetar som folkedans, folkemusikk og amatørteater, til ein viss grad òg idrett. Laga i dei største byane hadde på det meste mange hundre medlemer.

Det mest synlege uttrykket for aktiviteten har vore ei omfattande forretningsdrift («lagsbruk»), særleg kafear (kaffistover) og hotell (bondeheimar). I lag med mållag i byar og tettstader var bondeungdomslaga sentrale i å byggje opp dei over 200 lagsbruka som fanst i norskdomsrørsla. Desse føretaka har vore ei viktig finansieringskjelde for målrørsla og ungdomslagsrørsla. Fram til 2012 var lagsbruka organiserte i Norske kulturbygg.

I bondeungdomslaga er det ofte særlag for ulike aktivitetar. Aktivitetene spenner frå folkemusikk, sangkor og teaterlag til studieringar og framfor alt idrettslag og leikarringer (folkedans). Dei tradisjonelle motkultursakene avholdssak og målsak (strid for nynorsk og dialektene) har vært sentrale for bondeungdomslaga.

Skilnaden har i praksis vore liten mellom «bondeungdomslag» og andre lag i byane som har kalla seg «ungdomslag» eller «mållag». Somme av medlemslaga innanfor Norges bygdeungdomslag har òg kalla seg «bondeungdomslag».

Oversyn over bondeungdomslag

Det har funnest lag i ungdomslagsrørsla som har kalla seg «bondeungdomslag» iallfall på desse stadene (med skipingsår):

  • 1899 Bondeungdomslaget i Oslo
  • 1900 Bondeungdomslaget «Ervingen» (Bergen)
  • 1900 Bondeungdomslaget i Stavanger
  • 1904 Bondeungdomslaget i Nidaros
  • 1906 Bondeungdomslaget i Skien
  • 1909 Bondeungdomslaget i Bergen
  • 1909 Bondeungdomslaget i Steinkjer
  • 1911 Bondeungdomslaget i Kristiansand
  • 1912 Bondeungdomslaget «Måna» (Rjukan)
  • 1912 Bondeungdomslaget i Drammen (ikkje innmeldt i Noregs Ungdomslag)
  • 1913 Bondeungdomslaget i Narvik
  • 1914 Bondeungdomslaget i Tromsø
  • 1915 Bondeungdomslaget i Sarpsborg
  • 1916 Bondeungdomslaget i Moss
  • 1916 Bondeungdomslaget på Kongsvinger
  • 1916 Bondeungdomslaget på Notodden
  • 1919 Bondeungdomslaget i Svolvær
  • 1920 Bondeungdomslaget på Levanger (skipa som «ungdomslag» i 1911)
  • Før 1921 Bondeungdomslaget «Symra» (Molde)
  • Før 1921 Bondeungdomslaget i Namsos
  • 1923 Bondeungdomslaget i Kongsberg
  • 1925 Bondeungdomslaget i Sandar
  • 1925 Bondeungdomslaget i New York
  • 1932 Bondeungdomslaget i Bodø
  • 1936 Bondeungdomslaget i Florø
  • 1947 Bondeungdomslaget i Harstad
  • 1961 eller 1962 Bondeungdomslaget i Mo i Rana

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sven Moren og Edvard Os: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo 1921
  • Oddmund L. Hoel: Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg