Ivar Aasen-selskapet er eit selskap som har til oppgåve å gi ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans.
Ivar Aasen-selskapet vart skipa 10. mars 1991. Initiativtakarar var Jarle Bondevik og Oddvar Nes ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Det er første gongen manuskripta til Ivar Aasen er lagde fram i vitskaplege utgåver. Noregs forskingsråd, Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda har støtta prosjektet økonomisk. Skriftene er redigerte av Bondevik, Nes og Aarset og er gitt ut på Norsk Bokreidingslag. Aasens etterlatne manuskript kom ut i ti band fra 1992 til 2006.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.