Litteraturdagane er ein litteraturfestival som har vore arrangert i Vinje i Telemark sidan 2001. Utgangspunktet var å lage program om diktarane frå Vinje. Seinare har festivalen vorte utvida til ein festival som legg vekt på litteratur og journalistikk.

Bakgrunn

Fleire store forfattarar kjem frå Vinje eller har tilknyting der. Dei fire V-ane frå Vinje – Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa – var årsaka til at frivillige i 2001 laga til eit arrangement om diktarar frå Vinje. Etter kvart danna dei medlemslaget Litteraturdagane i Vinje, og laget arrangerte Litteraturdagane i Vinje fram til Vinjesenteret overtok i 2018. I 2021 endra festivalen formelt namn til Litteraturdagane.

På årsmøtet i medlemslaget i 2016 fekk styret fullmakt til å forhandle med Nynorsk kultursentrum om å gjere festivalen til ein del av Vinjesenteret, og i 2018 var Vinjesenteret for første gong arrangør av litteraturfestivalen.

Dagleg leiar for Vinjesenteret leiar òg Litteraturdagane og legg opp festivalen saman med eit programråd, der to frå medlemslaget Litteraturdagane i Vinje òg er med.

Program

Litteraturdagane har hatt mange kjende nynorske forfattarar på programmet gjennom åra. Faste innslag frå 2007 har vore Vesaas-foredraget – eit foredrag med emne frå Tarjei Vesaas’ forfattarskap – og eit program med vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris. Pengane til denne prisen kjem frå Nordisk råds litteraturpris, som Tarjei Vesaas fekk for romanen Is-slottet i 1964.

Frå 2002 har Storegutprisen vorte utdelt på festivalen. Prisen går til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg