Logoen i tittelbladet til Norsk Allkunnebok
Logoen i tittelbladet til Norsk Allkunnebok. Norsk Bladmannalag tok i 1918 initiativ til eit nynorsk leksikon. Lars Hjelle, redaksjonssekretær i Gula Tidend, tok opp saka. Albert Joleik foreslo namnet Norsk Allkunnebok. Først i 1948 vart tanken om eit nynorsk leksikon røyndom.
Logoen i tittelbladet til Norsk Allkunnebok
Av .
Logo (1938)
Av .

Norsk Bladmannalag er ein organisasjon skipa i 1913 for å fremje aviser og blad på nynorsk. Laget oppretta pressekontor, stod for den første journalistutdanninga her i landet og lanserte tanken om nynorskleksikonet Norsk Allkunnebok.

Norsk Bladmannalag var ein samskipnad for å fremje nynorsken, særleg aviser og blad på nynorsk, og for å betre vilkåra for dei som arbeidde i den nynorske pressa. Initiativet vart teke av Hans Aarnes i januar 1913, og 6. juli 1913 vart laget skipa under årsstemnet til Noregs Ungdomslag i Skien. Medlemer kunne vere fastlønte journalistar i reine nynorskblad, medhjelparar i slike blad og eigarar og driftsstyrarar i blada.

Ved skipinga i 1913 hadde laget 24 medlemer, ved utgangen av året hadde talet vakse til 42, og i 1938 var det 46 medlemer. Hans Aarnes var formann 1913–1928, Einar Breidsvoll 1928–1936 og Agnar Skeidsvoll 1936–1941. Ludvig Botnen tok over fram til 1952, deretter var Ludvig Jerdal formann i 26 år. Det er i dag lite aktivitet i laget. Bladmannalaget var frå byrjinga av med i Noregs Mållag.

Pressekontor, journalistutdanning og reisestipend

I 1914 vende Bladmannalaget seg til regjeringa og bad om at nynorskblada skulle få dei offentlege lysingane på nynorsk. I 1919 skipa laget Norsk Pressekontor i samarbeid med Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Kontoret omsette meldingar frå Norsk Telegrambyrå til nynorsk og sende elles ut stoff på nynorsk, særleg frå Stortinget, regjeringa og offentlege kontor. I 1928 endra kontoret namn til Norsk Bladkontor.

Laget oppretta i 1919 Bladmannaskulen, med Hans Aarnes som styrar. Det var den første journalistutdanninga i landet. To kull på til saman 18 elevar følgde kursa, som var på åtte månader. I 1921 måtte skulen av økonomiske grunnar leggje om til brevskule, som Hans Aarnes deretter dreiv for eiga rekning. I alt fekk 162 elevar opplæring gjennom Bladmannaskulen.

Frå 1919 delte Bladmannalaget ut årlege reisestipend, og medlemene fekk pressekort som gav tilgjenge til framsyningar på Det Norske Teatret og arrangement i målrørsla og i ungdomslaga.

Målprogram

Frå 1915 sette Bladmannalaget opp målprogram ved kvart stortingsval. Programma fremja mellom anna krav om nynorsk i skulen, lover på nynorsk, nynorsk frå offentlege kontor og fireårige gymnas for bygdeungdom. I 1918 stilte Bladmannalaget krav om nynorsk som einaste riksmål i landet. Framlegget vekte strid, fekk støtte i Vestlandske Mållag, men ikkje i Noregs Mållag før i 1921.

Framlegg om nynorsk leksikon

I 1918 hadde Norsk Bladmannalag teke initiativ til eit nynorsk leksikon. Lars Hjelle, redaksjonssekretær i Gula Tidend, tok opp saka. Albert Joleik foreslo namnet Norsk Allkunnebok. Men først i 1948, då Hans Aarnes var leiar for Fonna Forlag, vart tanken røyndom.

Fram til okkupasjonen i 1940 arbeidde Norsk Bladmannalag godt. Etter krigen høyrde ein lite til det, og i dag er laget ikkje stort meir enn eit namn, eit styre og ein bankkonto.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure og Hans Aarnes: Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn. Bjørgvin 1923
  • Per Håland: «Den nynorske pressa», i Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Per Håland (red.): Gula Tidend i 75 år. Bergen 1979
  • Norhild Joleik: Identitet, nasjon og profesjon. Albert Joleik si redaktørrolle i eit motkulturelt og profesjonssosiologisk perspektiv. Hovudoppgåve ved Universitetet i Bergen 2002
  • Agnar Skeidsvoll mfl. (red.): Norske bladmenn og norske blad. 25 års skrift for Norsk Bladmannalag og ei 80 års norsk bladsoga. Bergen 1938
  • Odd Strand: Bergensk presse i tre århundrer. Bergen 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg