Askøy Tidend var ei lokalavis med kulturell og historisk profil som kom ut på Askøy i Vestland frå 1950 til 1984.

Etablering

Det var Askøy Handverkarlag som i 1946 tok initiativet til å skipe Askøy Tidend, og det første nummeret kom 22. desember 1950. Før den tid fanst det ikkje noka lokalavis i kommunen, og interessa for etableringa var difor stor. Over 2000 abonnement var teikna allereie ved første utgåva.

Redaksjonell profil

Redaktør for avisa gjennom 28 år, frå 1950 til 1978, var læraren, forfattaren og målmannen Conrad Clausen. Gjennom avisa arbeidde han for folkeopplysingstanken, og han meinte at den viktigaste oppgåva for lokalavisa var å tene og styrkje lokalsamfunnet.

Avisa vart i hovudsak redigert på nynorsk. Ho var prega av grundig og undersøkjande journalistikk, med stort innslag av kulturelt og historisk stoff. Samstundes fekk avisa kritikk for at ho la for lite vekt på dagsaktuelle nyhende, noko som delvis kom av at ho kom ut berre kvar fjortande dag.

Konkurranse

Askøy Tidend fekk hard konkurranse då den nye avisa Askøyværingen kom i 1978. Både Askøy Tidend sin overordna profil og synet på saker som fråhaldssak og målsak vart utfordra, i ei tid då nye tankar fekk innpass til fordel for gamle striletradisjonar. Askøyværingen kunne tilby lesarane ferske nyhende, gjennom eit langt meir moderne journalistisk preg.

Avvikling

I 1984 gjorde økonomiske vanskar at det var nødvendig med ei samanslåing av dei to avisene. Før avtalen vart realisert, gjekk Askøy Tidend konkurs, med ei gjeld på 560 000 kroner.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg