Det var skipinga av Bondepartiet i 1920 som påskunda framveksten av endå ei avis i Gloppen ved sida av Høgre-avisa Nordfjord. Firda Tidend kom ut første gong 1. juli 1924, og bøndene fekk no eit talerøyr i Sogn og Fjordane. Bondepartiet var på intens jakt etter bladprosjekt i fylket i mellomkrigstida. Fleire upolitiske bladtiltak i Nordfjord og Sunnfjord hadde det nyskipa partiet på døra i perioden 1922–1935. Dei to avisene i Gloppen, Firda Tidend og Nordfjord, levde i fleire år greitt side om side.
Firda Tidend sin fyrste redaktør, Johan Lid, kom frå Bondebladet på Voss. På solid vis tok han hand om bladet sine ambisjonar, også på målsida. Johan Lid formidla i fyrste nummer ein interessant refleksjon på vegner av bygdekulturen: «[…] i fyrste rekkja er lokalbladi ei av dei viktigaste orsakerne til at storbladi i byane hev so lite aa segja paa folkemeiningi i bygderne.» Han meinte bygdeavisene var sterke meiningsdannarar og ein voll mot påverknaden frå byane sine dagblad, trass i små opplag. Etter fem år reiste han attende til Voss for å ta seg av Horda Tidend.
Firda Tidend blei refinansiert og organisert under ny utgjevar på 1930-talet. Det skulle bli starten på avisa sine mange gode år med Anders Øvreseth i styrarstolen. I hans tid blei avisa for alvor etablert som lokalavis for Gloppen, Breim og Indre Jølster.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.