Grannar er ei lokalavis som kjem ut i Etne i Vestland fylke med to utgåver i veka i papirformat og som nettavis. Avisa dekkjer primært kommunane Etne og Vindafjord. Ho vart grunnlagt i 1973 og blir gitt ut av Grannar AS som har berre lokale aksjonærar. Avisa fusjonerte i 1989 med lokalavisa Vindafjordingen, som dekte den dåverande Vindafjord kommune.
Grannar (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- GRANNAR AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Etne
- Stifta
- 11.04.1973
- Dagleg leiar
- Arve Skogen
- Styreleiar
- Øyvind Valen
Digitalt
Grannar publiserer artiklar både på papir og på digitale plattformer. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av artikkelstoffet.
Historie
Grannar kom med sitt første prøvenummer 1. mars 1973 og starta ordinær drift 30. september same år. Bak avisa stod det ein lokal komité med utspring i Skånevik mållag. Hans Olav Tungesvik, tidlegare formann i Noregs Mållag og seinare stortingsmann for KrF, var formann i det første styret, medan Ingolf Vevatne var sekretær. Avisa skulle dekkje dei to nabokommunane Etne og Ølen, men det vart også presisert at ho skulle vere eit bygdeblad for Åkra-fjorden, Skånevik, Etne, Ølen, Bjoa og Vikebygd. Etne og Ølen ligg aust for Haugesund. Begge kommunane hadde vorte større ved kommunerevisjonen på 1960-talet, men samla folketal i 1973 var likevel ikkje høgare enn 6700.
I byrjinga hadde avisa éi utgåve per veke, og ein fast tilsett som var både redaktør, forretningsførar og annonseseljar. Frå 1976 hadde Martha Osnes denne stillinga. Den første utvidinga skjedde i 1978, då ho gjekk over til to utgåver per veke og dessutan tilsette Rune Hetland (seinare redaktør og generalsekretær i Landslaget for lokalaviser) som journalist. Målet med satsinga, som var finansiert ved banklån, var å få statsannonsar og pressestøtte. Begge delar lykkast. Gjennom 1980-talet hadde avisa likevel ein trong økonomi og var nøydd til å drive svært nøkternt. Opplaget svinga mellom 2400 og 2100.
Det neste gjennombrotet skjedde i april 1989, då Grannar vart slått saman med Vindafjordingen frå nabokommunen Vindafjord. Vindafjordingen var starta i oktober 1973, så dei to avisene var like gamle. Grannar var likevel storebroren av dei to. Før fusjonen hadde Vindafjordingen ei utgåve per veke, og opplaget var 1270 mot 2452 for Grannar. Grunnen til at dei slo seg saman, var at det ville gi ei større og dermed meir profesjonell avis. Fusjonen var vellykka, og allereie i 1992 hadde nye Grannar like høgt opplag (litt over 3700) som dei to gamle avisene til saman. Seinare har opplaget vore relativt stabilt.
Etne og Ølen låg opphavleg i Hordaland, Vindafjord i Rogaland, men dei tre kommunane hadde så nær kontakt at det var mogleg å gjere området om til eitt avisdistrikt. Seinare er dei administrative grensene endra. Først vart Ølen overført frå Hordaland til Rogaland fylke, og frå 2006 slo Ølen og Vindafjord seg saman til nye Vindafjord kommune. I dette tilfellet kom altså avisfusjonen før kommunerevisjonen.
Opplag
Opplagstall for Grannar, 1986-2022
1986 | 2381 |
---|---|
1988 | 3600 |
1990 | 3690 |
1991 | 3690 |
1992 | 3731 |
1993 | 3740 |
1994 | 3844 |
1995 | 3918 |
1996 | 3822 |
1997 | 3943 |
1998 | 3962 |
1999 | 3941 |
2000 | 3920 |
2001 | 3923 |
2002 | 3906 |
2003 | 3883 |
2004 | 3893 |
2005 | 3858 |
2006 | 3875 |
2007 | 3929 |
2008 | 3889 |
2009 | 3852 |
2010 | 3816 |
2011 | 3682 |
2012 | 3548 |
2013 | 3548 |
2014 | 3575 |
2015 | 3582 |
2016 | 3534 |
2017 | 3527 |
2018 | 3499 |
2019 | 3507 |
2020 | 3469 |
2021 | 3508 |
2022 | 3462 |
År | Opplag |
---|---|
1986 | 2381 |
1990 | 3690 |
1998 | 3962 |
2008 | 3889 |
2015 | 3580 |
2017 | 3527 |
2018 | 3499 |
2019 | 3507 |
2020 | 3469 |
2021 | 3508 |
2022 | 3462 |
2023 | 3393 |
Frå 2020 gjeld netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterar til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Grannar: prøvenr. 1. mars 1973, første ordinære nr. 30. september 1973.
- Vindafjordingen: første nr. 5. oktober 1973, samanslått med Grannar frå 1. april 1989.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.